Frukostmøte
Møte med European Energy Research Alliance (EERA)
Frukostmøte på UiB med presentasjon av European Energy Research Alliance og deira rolle i europeisk energiomstilling.

Foto/ill.:
Kristin Guldbrandsen Frøysa
Hovedinnhold
Oppdatert: 12.03.2025 (Først publisert: 11.03.2025)
Presidenten i EERA, Henk-Jan Vink fra TNO, besøkjer Bergen 21. mars saman med generalsekretær Adel El Gammal. Frukostmøtet er eit godt høve til å verta litt kjent med denne viktige europeiske energiforskingsorganisasjonen. I tillegg har vi korte presentasjonar om energiforsking frå EERA-medlemene NORCE og UiB og ein presentasjon av prosjektet Grøn region Vestland frå Vestland fylkeskommune.
Møtet startar med mingling og enkel frukost kl 8, presentasjonane startar kl 8:30. Møtet er på engelsk, gratis og ope for alle, men med påmelding.
Lenker