Hjem
Fakultet for kunst, musikk og design

Studierett for tilsette ved Fakultet for kunst, musikk og design

Tilsette ved KMD som ønsker å ta eit eller fleire emne ved UiB kan søke om tilsett studierett.

Hovedinnhold

Tilsette ved Fakultet for kunst, musikk og design kan søke om å få ta emne, med etterhald om ledig plass på emnet og at søkar oppfyller eventuelle forkunnskapskrav til emnet.

Samtykke frå arbeidsgjevar
For at studieretten skal bli innvilga må søkar laste opp samtykke frå arbeidsgjevar/nærmaste leiar som stadfestar:
- namn på arbeidsplass
- at søkar er tilsett på arbeidsplassen
- at arbeidsgjevar/-leiar er kjent med og anbefaler søkar sine studieplanar
- stad og dato
- signatur frå leiar

Det er ikkje mogleg å sende inn det digitale søknadsskjemaet utan at dette samtykke er lasta opp.

Behandling av søknad
Dersom du ikkje har vore registrert som student ved UiB tidlegare, må du legge ved dokumentasjon på at du har generell studiekompetanse. Denne dokumentasjonen kan vere vitnemål frå vidaregåande skule eller vitnemål frå anna høgare utdanning som krev generell studiekompetanse.

Søknaden vert behandla fortløpande og du får svar på e-post når søknaden er behandla. Tilsett studierett blir tildelt for eit semester om gongen.