Hjem
UiB læringslab
Labfrokost om bruk av ChatGPT

ChatGPT i undervisning og vurdering ved UiB

Korleis kan og bør ChatGPT brukast av studentar og tilsette ved UiB? I denne labfrukosten får vi ei kort innføring i kva språkmodellar som ChatGPT er og kva avgrensingar og mogelegheiter som kan finnast ved bruk i undervisning og vurdering. Kva retningslinjer finns det på fakulteta for bruk?

Foto til illustrasjon
Foto/ill.:
Istockphoto

Hovedinnhold

Temaet bruk av ChatGPT i undervisning og vurdering har blitt diskutert i Utdanningsutvalet fleire gonger, og temaet har i tillegg blitt diskutert i ulike seminar med både tilsette og studentar.  Då UiB er eit forskingsbasert breiddeuniversitet med mange forskjellege fagområde vil bruken av ChatGPT slå ut veldig ulikt i ulike fagfelt då akademisk fridom og autonomitet gjer at dei faglege miljøa vil ha ulik tilnærming til korleis ein vil anvende KI. Derfor har ein ved UiB komme fram til at det ikkje er formålstenleg for UiB å ha sentrale retningslinjer som skal gjelda alle fagområde og alle innleveringar.  Både  fakulteta og fagmiljøa har vorte oppmoda til å føra ein kunnskapsbasert debatt om kva generativ kunstig intelligens og språkmodellar kan bety for deira fakultet og fagmiljø slik at det er dei sjølve som bestemmer i kva grad ChatGPT og andre generative modellar kan brukast av studentar i deira oppgåve- og eksamenssvar. På denne måten får ein då ein stadig dialog i utviklinga av vår policy om generativ KI i høgare utdanning.

Diskusjonen om kva slags tilnærming ein skal ha til generativ kunstig intelligens og språkmodellar som ChatGPT ved UiB er godt i gang, og dei ulike fakulteta og institutta har ulike tilnærmingar til bruken i undervisninga og vurderinga si.

 

Innleiarar

David Grellscheid, førsteamanuensis ved Institutt for Informatikk forklarar først litt om korleis språkmodellar fungerer og snakkar om faren med å gi språkmodellar som ChatGPT nemninga “intelligens”, samt litt om korleis ein kan nytte desse modellane i undervising med tanke på både mogelegheiter og avgrensingar.

Kva har blitt gjort og kan vi gjere vidare ved UiB for å sikre at våre fagmiljø og studentar kan forhalda seg til generativ kunstig intelligens i undervisning og vurdering på ein god måte?

Pinar Heggernes, Prorektor ved Universitetet i Bergen og professor i informatikk med spesialisering i algoritmar, snakkar om kvifor man har valt å legge seg på den linja man har når det gjeld sentrale retningslinjer og forskrifter ved UiB.

Peter Woldseth, seksjonssjef på seksjon for studiekvalitet, presenterar nye nettsider for studenter og ansatte om verktøy basert på kunstig intelligens i utdanning.

Yael Harlap, førsteamanuensis ved institutt for pedagogikk og visedekan for utdanning ved Det psykologiske fakultet, snakkar om korleis temaet handteras ved fakultetet.

Kjetil Evjen, undervisningsleiar ved Institutt for sammenliknende politikk ved Det samfunnsvitskaplige fakultet, snakkar om veiledaren som er utarbeida for fakultetet.

 

Møteleder: Silje Hole Hommedal, UiB læringslab og Studieadministrativ avdeling