Godkjenning av tidlegare utdanning ved Det medisinske fakultet
Innpassing, godkjenning og fritak.

Hovedinnhold
Søknadsprosedyre
For å søkje om å få innpassa tidlegare norsk eller utanlandsk utdanning i graden din ved Det medisinske fakultet må du fylle ut et eget skjema.
Her finn du skjema for å søke innpassing
Hugs at det må fylles ut i god tid før det vert avhalde eksamen i faget/faga du søkjer fritak frå.
Det går fram av søknadsskjemaet kva dokumentasjon som skal visast fram og/eller leggjast ved søknaden. Det medisinske fakultet vil normalt hente inn resultata dine elektronisk frå andre norske lærestader. Du treng difor ikkje å ettersende/vise fram originale karakterutskrifter eller vitnemål for dokumentasjonskontroll.
Sjekk om vi kan hente inn resultata dine i denne oversikten over universitet og høgskular.
NB! For at søknaden din skal kunne behandlast, må du skrive kva for eit emne frå din noverande utdanning som du ønsker å få fritak frå.
Det er naudsynt å følgje obligatorisk undervisning i faget/faga du søkjer fritak frå fram til svar på søknaden er kjent. Dersom søknaden ikkje vert tatt til følgje kan manglande undervisningsaktivitet medføre stryk og i verste fall nedflyttingssak.
Du vil få vedtaksbrev med svar på søknaden tilsendt til digital postkasse. Om du ikkje har digital postkasse kjem brevet i fysisk post.