Forskingsmidler frå Helse Vest til tverrfagleg forsking hos Neuro-SysMed
Helse Vest har nyleg annonsert tildelingane sine av forskingsmidler for 2023, der sju av prosjekta til Neuro-SysMed får støtte med totalt rundt 26 millioner kroner. Dette vil sikre støtte til viktig forsking på nevrologiske sjukdommar med fokus på multippel sklerose (MS), Parkinsons sykdom (PD), amyotropisk lateral sklerose (ALS) og demens.
Hovedinnhold
Helse Vest har 25. november 2022 tildelt midlar til 57 av dei totalt 245 innsendte søknadane. I tillegg har 160 stipendiatar og prosjekt fått vidareført finansieringa si. Vel 182 millionar kroner totalt går til å finansiere nye og vidareførte prosjekt og stipend.
Søknadene er vurderte ut frå dei to likeverdige vurderingskriteria vitskapleg kvalitet og (klinisk) nytte. Vurdering av kvalitet og nytte er utgangspunkt for vurdering av søknadene, men i den endelege prioriteringa mellom gode prosjekt, er også regionalt samarbeid, fordeling mellom fagfelt og mellom forskingsmiljøa tillagt vekt.
Dekker alle fire fokussjukdommane hos Neuro-SysMed
– Dette er fantastiske nyhende! Særleg det første karrierestipendet til ein av postdoktorane våre, noko som viser kor dyktige dei yngre forskarane våre er samt kor aktuelle og lovande forskingsprosjekta deira er, seier forskingsrådgjevaren til Neuro-SysMed, Yamila Torres Cleuren. Ho har arbeidd tett saman med forskarane i senteret under arbeidet med søknadane.
Neuro-SysMed sin direktør Kjell-Morten Myhr og visedirektør Charalampos Tzoulis er likeeins svært glade for resultatet.
– Dette er første gong vi er tildelte Helse Vest-midlar til alle fire sjukdomsområda på same tid – og med tverrfaglege prosjekt. Det representerer eit stort steg framover og eit teikn på den ekstra tyngden senteret gir, konkluderer dei.
Prosjekta som får tildelt støtte
Dette er prosjekta som får tildelt støtte, med oppstart i 2023:
- Haakon Berven, treårleg Ph.D. med prosjektet N-DOSE: A dose optimization trial of nicotinamide riboside in Parkinson’s disease.
- Lydia Boyle, treårleg Ph.D. med prosjektet Digital phenotyping for changes in activity at the end of life in people with dementia: an observational trial based on sensing technology (DIPH.DEM)
- Magne Haugland Solheim, treårleg Ph.D. med prosjektet An agnostic search for novel treatment targets for amyotrophic lateral sclerosis: A drug-repurposing project using Norwegian registry data
- Ida Viktoria Herdlevær, 2,5 år postdoktor-stipend med prosjektet Biomarkers for disease activities in multiple sclerosis
- Øivind Torkildsen, treårleg åpen prosjektstøtte til prosjektet Tenofovir alafenamide fumarate and Epstein-Barr virus activity in Multiple Sclerosis – a proof of concept study
- Christopher Elnan Kvistad, fireårleg klinisk karrierestipend med prosjektet Harnessing the full Neuroregenerative potential of Mesenchymal Stem Cells (NEURO-MSC) – multippel sklerose
- Irene Flønes, ettårleg korttidsstøtte til prosjektet Neuropathological characterization of the Park West: a population-based prospective longitudinal cohort of Parkinson’s Disease
Reparasjonsbehandling av MS og hjerneslag
Særleg høgt heng det fireårlege kliniske karrierestipendet, som i år gjekk til Christopher Elnan Kvistad, spesialist i nevrologi og forskar ved Neuro-Sysmed. Han fullførte doktorgraden sin i 2015 ved Universitetet i Bergen med ei avhandling om behandling av hjerneslag. Han har vore postdoktor sidan 2019 med fokus på mesenkymale stamceller som reparasjonsbehandling ved multippel sklerose.
Vi har stilt han nokre spørsmål om prosjektet hans og korleis han førebudde seg på det, som vi håper kan inspirere andre på vegen mot sjølvstendig karrierebygging.
Kva handlar prosjektet ditt om?
Prosjektet handlar primært om å utvikle ei ny behandling basert på mesenkymale stamceller, for å kunne reparere skader på sentralnervesystemet forårsaka av multippel sklerose. I den kliniske delen av prosjektet vil vi undersøke langtidsresultata hos pasientar som har fått mesenkymal stamcelletransplantasjon i SMART-MS-studien. I laboratoriedelen av prosjektet vil vi forsøke å endre på stamcellene slik at reparasjonseigenskapene deira om mogleg kan bli enda betre.
Dersom vi lukkast, vil dei nye og forbetra stamcellene bli undersøkt nærare i dyremodellar av MS og hjerneslag. Ved lovande resultat vil effekten kunne testast på mennesker med MS og hjerneslag i ein mindre studie.
Korleis førebudde du deg på søknaden?
Søknaden ble skriven i nært samarbeid med forskingsrådgjevarar på Neuro-SysMed. Dei gode råda førte faktisk til at heile den opprinnelege søknadsteksten måtte skrivast om, noko som truleg var ein viktig faktor til at vi fekk tildelinga.
Kva for moglegheiter vil dette stipendet gje deg?
Tildelinga gjer det mogleg for oss å forme ei ny forskingsgruppe med hovedfokus på å utvikle reparasjonsbehandling for skader på hjerne og ryggmarg som per dags dato ikkje kan behandlast. Det gjev oss også privilegiet å få halde fram med å jobbe med noko vi føler veldig sterkt for, og som på mange måtar er eit bortgøymd felt innan nevrologien. Det første reparasjonseksperimentet i nervesystemet blei utført av nobelprisvinnar Santiago Cajal for over 100 år sidan, men framleis har vi ingen reparasjonsbehandling for pasientane våre. Vårt mål er å bidra til at dette med tida kan bli ein realitet.
Du kan lese meir om årets Helse Vest-tildelingar i denne artikkelen.