Auka oljeutvinning ved hjelp av Polymerinjeksjon
Iselin Cecilie Salmo disputerer torsdag 29. juni 2017 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen «Modeling of Polymer Flooding at Adverse Mobility Ratio».
Hovedinnhold
Energiforbruket i verda er antatt å auke i takt med stigande befolkning og levestandard. Fossilt brennstoff er fortsatt hovudkjelda til energi, kor olje bidrar til meir enn ein tredjedel av verdas energiforbruk. Sjølv om fornybare ressursar bidrar meir og meir vil det fortsatt vera nødvendig å oppretthalde produksjonen av olje for å tilfredsstille energietterspørsla. Dette kan gjeras ved å effektivisere dagens oljeproduksjon og auke utvinningsgrada frå produserande felt ved bruk av auka oljeutvinning.
Polymerflauming er ein velkjend metode for auka oljeutvinning. Polymer vert tilsett vatnet som blir injisert, noko som endrar eigenskapane til vatn og gjer det meir tjuktflytande. Dette kan resultere i høgare utvinningsgrad av olje.
Avhandlinga har lagt vekt på å forbetre forståinga rundt mekanismane relatert til injeksjon av polymer og viser at det er naudsynt å opparbeide meir kunnskap rundt strøyming av polymerløysningar i porøse media. Doktorgradsprosjektet omfattar simuleringsstudiar av polymerflauming kor olja er mykje meir tjuktflytande enn vatn, og viser til ein akselerasjon av oljeproduksjon når polymer injiseras etter end vassflauming.
Hovudresultata frå avhandlinga viser at vatn og polymer straumar ulikt i reservoaret og det trengs derfor ulike straumingsfunksjonar for å beskrive utvinninga av olje. Avhandlinga kan også hjelpe med å forklare uventa trykkoppbygningsresultat observert frå oljefelt med polymerinjeksjon.
Personalia
Iselin Cecilie Salmo (f.1989) kjem frå Etne kommune i Hordaland. Ho er utdanna med bachelorgrad i petroleumsteknologi (2011) og mastergrad i reservoarfysikk (2013) frå Universitetet i Bergen. I 2013 starta ho som PhD-stipendiat ved Uni Research CIPR og Universitetet i Bergen.