Doktoravhandling om opplysningsplikta i barnevernssaker
Egil Arne Standal disputerer 23.4.2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Opplysningsplikt i barnevernssaker".
Hovedinnhold
Avhandlinga tar for seg opplysningsplikta i barnevernssaker, nærare bestemt føresegnene om opplysningsplikt for informantar som elles er underlagt teieplikt.
Det mest sentrale temaet er meldeplikta, som tar opp nesten halve avhandlinga. Avhandlinga tar også for seg svarplikta (opplysningsplikta etter pålegg frå barnevernet), kven som har opplysningsplikt (den personelle opplysningsplikta), og dei mange særlege føresegnene for politiets opplysningsplikt. Avhandlinga tar utgangspunkt i dei nye føresegnene om opplysningsplikt til barnevernet frå 1. juli 2018 i barnevernlova § 6-4 og i 10 andre lover.
Avhandlinga gjer gjeldande at føresegnene om opplysningsplikt er unødig kompliserte og lite samordna. Dette gjeld både reglane om meldeplikt, svarplikt og dei personelle reglane. Det blir også gjort gjeldande at føresegnene gir lite rettleiing for moglege meldarar. Avhandlinga gjer vidare gjeldande at ordlyden i terskelen for meldeplikta kan oppfattast som høgare enn den verkeleg er, og difor bør presiserast.
Opplysningar i barnevernssaker er personopplysningar. Opplysningsplikta er grunngitt i omsynet til vern av barn og det tilhøyrande behovet for opplysningar. Teieplikta er grunngitt i omsynet til personvern og personopplysningsvern. Sentralt i avhandlinga blir dermed ei drøfting av motsetnaden mellom opplysningsplikt og teieplikt. Dette er problemstillingar som er regulert i ei rekke lover: Av barnevernlova, av personopplysningslova og GDPR, av føresegner om teieplikt i forvaltningslova, helsepersonellova og andre lover, og av overordna føresegner om i Grunnlova, den europeiske menneskerettskonvensjonen og barnekonvensjonen.
Personalia
Egil Arne Standal (f. 1956), cand. jur. 1989, arbeidde som advokat fram til 2009. Sidan tilsett som høgskulelektor og førstelektor ved Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda. Rettleiar for avhandlinga har vore professor Magne Strandberg.