Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Bondekulturen sitt uttrykk i mellomalderen

Therese Nesset disputerer 9.12.2022 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Rurale levesett, rural livsstil".

Hovedinnhold

I mellomalderen opplevde gardbrukarar auka press på jordbruket og mindre sjølvstyre. Korleis påverka dette moglegheita deira for å uttrykke kven dei var til omverda? Det er få – om ingen – tekstar frå mellomalderen som er skrivne av ‘vanlege’ menneske på landsbygda, om korleis dei levde og organiserte kvardagsliva sine. Nesset har i avhandlinga si freista å finne uttrykk for dette gjennom ei arkeologisk studie av levesett, livsgrunnlag og materiell kultur. Fem undersøkte gardar har danna kjeldegrunnlaget for studia: Hjelmeset i Gloppen kommune, Osen i Gaular kommune, Rutlin i Sogndal kommune, øydegarden Høybøen i Øygarden kommune og øydegarden Hellaug i Etne kommune. Dei fem gardane har ulike naturlege føresetnader for jordbruksdrift, og hadde ulik sosial status i perioden.

Trass store skilnadar i storleik og naturtilhøve organiserte gardane områda sine etter same mønster, basert på det såkalla innmark-utmark-systemet. På alle gardane hadde ein høgt kunnskapsnivå innan handverk retta mot heimleg bruk. Sjølvberging var kjernen i levesetta på landsbygda i mellomalder, men handel med kvardagsgjenstandar føregjekk også på alle gardane. Gjennom sesongbaserte handelsreiser hadde ein kontakt med omverda og slik formidla ein identiteten sin. Rural livsstil kom til uttrykk gjennom innmark-utmark-systemet og materiell kultur knytt til sjølvbergingsøkonomien.

Variasjonar i levesett og sosial status innanfor bondesamfunnet kom særleg til uttrykk gjennom byggjeskikken og matkulturen på gardane. Dette framheva mangfaldet innanfor det vestnorske jordbrukssamfunnet.

Etter moderniseringa av jordbruket på 1900-talet vart den tradisjonelle forma for drift basert på innmark-utmark-systemet og sjølvberging betrakta som enkel og lite progressiv. Studia til Nesset framhevar at det for gardbrukarar i mellomalderen - uavhengig av sosial status - var viktig å uttrykke tilhøyrsle til bondesamfunnet som baserte seg på denne driftsforma.

Personalia

Therese Nesset (f. 1987) er frå Leikanger i Vestland fylke. Ho studerte nordisk arkeologi ved Universitetet i Bergen og fullførte mastergraden i 2013. Ho er tilsett som konservator ved Musea i Sogn og Fjordane, De Heibergske Samlinger. Doktorgradsprosjektet er gjennomført ved Universitetsmuseet med hovudrettleiar Gitte Hansen og birettleiar Knut Andreas Bergsvik.