Korleis påverkar alder immunitet mot influensa og COVID-19?
Nina Urke Ertesvåg disputerer 23.10.2023 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Antibody responses after influenza and SARS-CoV-2 vaccination and infection: Lessons across the ages".
Hovedinnhold
Influensa A og SARS-CoV-2 er luftvegsvirus som har forårsaka pandemiar. Begge virusa muterer rask, og kan såleis spreie seg vidare ved å unngå immuniteten i befolkninga. Tidlegare infeksjonar, vaksinasjonar og alder påverkar immunresponsane mot desse virusa. Dette doktorgradsarbeidet har kartlagt antistoff-responsar i ulike aldersgrupper etter influensa A/H3N2 og SARS-CoV-2 infeksjon og vaksinasjon.
Influensa A/H3N2 har sirkulert sidan Hong Kong-pandemien i 1968. Etter influensainfeksjon eller -vaksinasjon, fann vi antistoff-responsar mot historiske influensavirus tilbake til fødselsåra hjå barn og vaksne. Sjølv om antistoff-responsane var kraftigast mot dei nyaste virusa, kunne antistoff også kjenne att virusvariantar som oppstod seinare. I motsetnad til influensa, var SARS-CoV-2 eit heilt nytt virus då det blei oppdaga i slutten av 2019. Ein hurtig antistofftest (HAT) kan forenkle studiar om immunitet mot SARS-CoV-2. Dette var særleg nyttig for å studere dei nye mRNA-vaksinene. Vi fann at eldre trengte to vaksinedosar for å oppnå tilsvarande antistoff-mengder som yngre vaksne fekk etter éin vaksinasjon. «Long covid» er eit omgrep på vedvarande symptom etter covid blant vaksne. Det er få studiar på long covid blant barn og ungdom, særleg etter infeksjon med dei nyare virusvariantane. Vi identifiserte risikofaktorar blant ungdom for å utvikle long covid: akutte covid-symptom, alder over 16 år, høgare antistoff-nivå og kvinneleg kjønn. Hjå vaksinerte ungdommar, fann vi at covid vaksinen gav vern mot omikron infeksjon, men svært kortvarig med 90% vern i 22 dagar, og 50% vern i 3 månader.
Desse funna understrekar nytten av enkle analysar for å måle infeksjons- og vaksineresponsar. Antistoff som kjenner att nye virusvariantar kan vere gunstige i møte med nye luftvegsvirus.
Personalia
Nina Urke Ertesvåg (f. 1989) er oppvaksen i Ulsteinvik og er utdanna lege ved Universitetet i Bergen i 2016. Ho har jobba som lege ved Mottaksklinikken og Infeksjonsavdelinga, og jobbar no ved Revmatologisk avdeling ved Haukeland Universitetssjukehus. Doktorgradsarbeidet har vore finansiert og går ut frå Influensasenteret, Klinisk Institutt 2, Universitetet i Bergen. Hovudrettleiar: Rebecca Jane Cox. Birettleiarar førsteamanuensis Kristin G-I Mohn og postdoktor Mai-Chi Trieu.