Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Blomsterspor frå myr fortel om menneska si historie

Kristine Fjordheim disputerer 25.6.2024 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Flower imprints from the history of mires and humans".

Hovedinnhold

For første gong har ei samanhengande historie om kulturvegetasjon på norske slåttemyrer vorte kartlagd. Slåtten på utmarksmyrene starta i romersk jernalder, like etter år 0, og heldt fram til midten av 1900-talet. Vidare gjev studien innsikt i ei over 8000 år lang plantehistorie på myr. Studien viser korleis lågintensiv slått har omgjort den naturlege vegetasjonen til ein semi-naturleg kulturvegetasjon, der konkurransesvake artar er vanlege. Dette kulturlandskapet utgjer ein sentral del av den materielle historia vår.

Fjordheim har i dette prosjektet kombinert pollen- og sporeanalyse frå ulike djup i myrene. Resultata er tolka i samanheng med arkeologiske, historiske og klimadata. Undersøkinga i Surnadal, Nordmøre, har vist ved hjelp av karbon-14 datering at slått starta rundt 40 e.Kr. i eit velutvikla jordbrukssamfunn. Dette er den tidlegaste dokumenterte utmarksslåtten i boreale Noreg. I Røros, Trøndelag, byrja slik utmarksslått seinare, rundt 1030 e.Kr., i eit område med mindre press på ressursane. Denne tradisjonen heldt fram gjennom skiftande samfunnstilhøve, til han tok slutt i 1950-åra som følgje av effektiviseringa i jordbruket. Då endra myrene seg tilbake mot naturleg vegetasjon.

Forskinga viser korleis plantar reagerer på slåtteaktivitet, der fjellfrøstjerne (Thalictrum alpinum) og storrartar (Cyperaceae) som myrull (Eriophorum spp.) aukar ved slått, medan blåknapp (Succisa pratensis) og grasartar (Poaceae) som blåtopp (Molinia caerulea) går tilbake.

Studien framhevar verdien av integrering av ulike kjelder og metodar for å forstå vegetasjonshistoria, og gjev eit viktig grunnlag for kunnskapsbasert bevaring og landbruksstrategiar i boreale økosystem. Forskinga viser korleis menneskelege aktivitet har prega den boreale vegetasjonshistoria dei siste to tusenåra, der naturfaktorar har spelt ei mindre rolle for endringar. Funna understrekar betydinga av å integrera økologiske, arkeologiske og historiske data for å forstå landskap og menneska si historie.

Personalia

Kristine Fjordheim er geograf ved Høgskulen på Vestlandet i Bergen. Ho har bakgrunn i geografi, historie, økologi og botanikk frå UiB og Universitetssenteret på Svalbard. Doktorgrada er knytt til Institutt for biovitenskap (BIO), UiB. Hovudrettleiar er professor Kari Loe Hjelle (Universitetsmuseet i Bergen, UiB) og medrettleiarar er professor emeritus Asbjørn Moen (Vitenskapsmuseet, NTNU), professor Anne E. Bjune og professor emerita Hilary H. Birks (UiB og Bjerknessenteret for klimaforskning).