Hjem
Nye doktorgrader
Ny doktorgrad

Korleis rigge samfunnet for den neste krisa?

Johannes Sandvik Førde disputerer 11.10.2024 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Organizing for Wicked Problems".

Hovedinnhold

Pandemiar, terrorangrep og naturkatastrofar er nokre av dei utfordringane samfunnet står overfor i dag. Dette er komplekse samfunnsproblem som utfordrar den klassiske hierarkiske måten å organisere staten på. Difor er det behov for nye tilnærmingar for å sikre koordinering på tvers av ulike nivå og sektorar. Ei organisatorisk løysing på desse samfunnsutfordringane er etableringa av såkalla «coordinating agencies», desse skal fungere som bindeledd og legge til rette for koordinering, men utan å sjølv ta ei leiande rolle.

Gjennom arbeidet med avhandlinga har Johannes S. Førde analysert denne typen organisering, ved å sjå på korleis Norge og Sverige prøver å koordinere politikkområdet samfunnstryggleik og beredskap gjennom bruken av «koordinerande direktorat»: Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap i Norge og Myndigheten för samhällsskydd och beredskap i Sverige. Desse direktorata vart analysert frå ulike perspektiv både for å få ei betre forståing av organisering for samfunnstryggleik og beredskap i desse to landa konkret, men og for å undersøke denne organisatoriske tilnærminga i møte med gjenstridige problem meir overordna.

Samla sett finn avhandlinga at omgrepet «coordinating agencies» er nyttig for å kunne få betre kunnskap om den organisatoriske verktøykassa som statar nyttar i møte med komplekse og gjenstridige problem. Samstundes viser avhandlinga at nasjonal kontekst er med på å forme korleis dei koordinerande direktorata kan utføre si oppgåve på politikkområdet. Avhandlinga finn og at koordinering ikkje er den einaste oppgåva som desse multifunksjonelle organisasjonane har. Det at direktorata inneheld eit breitt spekter av oppgåver og ekspertisar gir dei og potensialet til å bli viktige knutepunkt som kan bidra til å forme forståinga av politikkfeltet samfunnstryggleik og krisehandtering i framtida.

Personalia

Johannes Ssndvik Førde har ein mastergrad i organisasjons og administrasjonsvitskap frå Universitet i Bergen (UiB). Doktorgradsarbeidet er gjennomført ved Institutt for politikk og forvaltning ved UiB. Avhandlingsarbeidet har vore rettleidd av professor emeritus Per Lægreid og professor Jacob Aars. Førde er i dag tilsett som universitetslektor ved Institutt for politikk og forvaltning.