Legevaktsentralen styrer flyten i legevakt
Vivian Midtbø disputerer 5.3.2025 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga «Contact patterns, telephone triage, and counselling in Norwegian local emergency medical communication centres».
Hovedinnhold
Legevakttenesta skal tilby hjelp til befolkninga døgnet rundt, når det hastar med medisinsk vurdering og fastlegen ikkje er tilgjengeleg. Det nasjonale legevaktnummeret 116 117 er den tilrådde kontaktmåten til legevakt og innringar kjem da til den lokale legevaktsentralen. Her vurderer helsepersonell kor mykje det hastar og kva som er beste tiltak. Kontaktar til legevaktsentralane utgjer ein betydeleg samfunnsaktivitet, med over 3 millionar oppringingar i 2024.
Doktoravhandlinga består av tre studiar der målet var å undersøke kontaktmønsteret til legevakt og korleis personellet i legevaktsentralen handterer kontaktane. Den første studien viste at 23 % av telefonkontaktane vart handtert med telefonrådgjeving. Dette betyr at innringar fekk råd over telefon for å handtere symptoma sine heime. Feber, magesmerter og hoste var dei vanlegaste kontaktårsakene som vart handtert med telefonrådgjeving. Det vart oftare gitt telefonråd om natta, samanlikna med dag og kveld, og oftare til dei yngste aldersgruppene, samanlikna med dei eldste. Den neste studien viste at det er mogleg ved hjelp av enkle tiltak å påverke korleis innbyggarane i ein større by kontaktar legevakta. Overgang frå å møte direkte på legevakta til å ringe først førte til at fleire fekk telefonrådgjeving, medan færre fekk legekonsultasjon på legevakt, som var eit ønska resultat. Den siste studien fann at 24 % av kontaktane til sju legevakter det første 1,5 året av COVID-19-pandemien var relatert til COVID-19, men med store variasjonar mellom legevaktene. Legevaktene med ansvar for testing av befolkninga, hadde høg belastning med COVID-19-relaterte kontaktar. Slike omfattande tilleggsoppgåver kan potensielt påverke beredskapsfunksjonen til legevakta.
Som første kontaktpunkt mellom pasient og legevakt, representerer legevaktsentralen eit stort potensial for å sikre god pasientflyt ved å leie pasientane til rett behandlingsnivå, noko som kan bidra til å sikre god bruk av helseressursar i legevakttenesta.
Personalia
Vivian Midtbø (f. 1979) er utdanna sjukepleiar ved Flinders University of South Australia og har mastergrad i helsefremjande arbeid frå UiB. Ho arbeider som forskar III ved Nasjonalt kompetansesenter for legevaktmedisin, NORCE Norwegian Research Centre og har under doktorgradsarbeidet vore knytt til Institutt for global helse og samfunnsmedisin. Professor Steinar Hunskår har vore hovudrettleiar og forskar II Ingrid Hjulstad Johansen har vore medrettleiar.