Helsefremjande turnus – små endringar, store gevinstar?
Ingebjørg Louise Rockwell Djupedal disputerer 25.3.2025 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlingen "Health-Promoting Work Schedules: The effects of ensuring sufficient daily rest periods".
Hovedinnhold
Helsevesenet er avhengig av å ha kontinuerleg bemanning for å sikre naudsynt helsehjelp døgnet rundt. Samstundes kan skiftarbeid ha negative helsekonsekvensar for dei tilsette og korleis turnusen er organisert speler ei viktig rolle. Springskift, der tida mellom to vakter er under 11 timar, ser ut til å vere særleg ugunstig for helsa og velværa til dei tilsette. Sjølv om Arbeidsmiljølova § 10-8 sikrar alle arbeidstakarar rett på minst 11 timar fri mellom to arbeidsperiodar, rapporterer over 80 % av sjukepleiarar i Noreg at dei har springskift i turnusen sin.
Denne avhandlinga omfattar den første intervensjonsstudien som har undersøkt årsakssamanhengen mellom springskift, helse og søvn blant helsearbeidarar. Studien fann at det å halvere tal springskift til ca. ein i månaden hadde positive effektar på symptom på insomni og søvnigheit på dagtid. Vidare hadde halveringa av springskift positive effektar på dagar og periodar med sjukefråvær, noko som også hadde betydeleg estimert økonomisk lønsemd for samfunnet.
Avhandlinga undersøkte også korleis endringar i turnusen under Covid-19 pandemien påverka sjukepleiarar sin søvn og intensjon om å slutte i yrket. Studien fann at dei som opplevde ei auke i tal springskift hadde høgare sannsyn for å rapportere dårlegare søvnkvalitet og intensjon om å slutte som sjukepleiar. Tilsvarande hadde dei som opplevde ei auke i lange arbeidsdagar (> 8 timar) høgare sannsyn for å rapportere intensjon om å slutte som sjukepleiar.
Funna syner korleis små endringar i turnusen til helsearbeidarar påverkar deira helse, søvn og intensjon om å bli i yrket, og understrek gevinsten av å planleggje turnusar som gir tilstrekkeleg tid for kvile og søvn mellom skifta.
Personalia
Ingebjørg Louise Rockwell Djupedal er utdanna sjukepleiar frå Haraldsplass Diakonale Høgskule og har mastergrad i helsefremjande arbeid og helsepsykologi frå UiB. Doktorgradsarbeidet har vore knytt til Forskingssenter for søvn, arbeid og helse, og Institutt for samfunnspsykologi, Det psykologiske fakultetet, med Øystein Vedaa, Anette Harris, Siri Waage, Ståle Pallesen og Bjørn Bjorvatn som rettleiarar. Prosjektet var finansiert av NFR og var eit samarbeid mellom Helse Bergen, FHI, STAMI og UiB.