Stor interesse for Ou-prosjektet
Egget på Studentsenteret var fullt då dei seks første delprosjekta vart presenterte.
Hovedinnhold
Fem månadar etter sist informasjonsmøte om Organisasjonsutviklingsprosjektet (OU) var Egget på Studentsenteret nok ein gong fylt av engasjerte tilsette. Interessa for utviklinga av dei sentraladministrative tenestene er utan tvil stort. På møtet vart seks av dei første delprosjekta og arbeidsgruppa sine anbefalingar lagt fram.
Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm opna møtet. Han påpeikte at utdannings- og forskingssektoren er i stor endring.
– Då er vi avhengige av ein god og velfungerande sentraladministrasjon. Vi må organisere oss på ein best mogeleg måte, og dette møtet er både spanande og viktig, sa universitetsdirektøren.
OU-prosjektet har som mål å utvikla de administrative tenestene ved UiB. Slik skal dei støtta best mogeleg opp om universitetet sine oppgåver innan forsking, utdanning og formidling.
Prosjektleiar Kari Fuglseth,var glad for at interessa blant dei tilsette fortsatt er stor. Ho påpeikte at prosessen følgjer planen.
– I dag er ein milepåle i prosessen, sidan vi vert førelagt svært godt arbeid, sa Fuglseth.
Etter innleinga frå Fuglseth presenterte leiarane for delprosjekta deira anbefalingar .
- Ou-delprosjekt 1: Strategisk arbeid for et anerkjent forskningsuniversitet
- Ou-delprosjekt 2: Søknader med konkurransekraft
- Ou-delprosjekt 3: Profesjonell prosjektstøtte
- Ou-delprosjekt 4: Slik rekrutterer vi de beste talentene
- Ou-delprosjekt 5: Digitale tjenester – fornye, forenkle og forbedre
- Ou-delprosjekt 6: Service og kvalitet i sentrale tjenester
Du kan også sjå alle presentasjonane her.
Dei fire siste av dei ti delprosjekta vert lagt fram i slutten av februar. Rapportane er lagt fram for IDU for sentraladministrasjonen, IDU for Universitetsbiblioteket og Forhandlingsutvalet. Innspela frå utvala vil inngå i grunnlaget for styringsgruppa si handsaming av delrapportane.
Her kan du lesa om framdriftsplanen for OU-prosjektet.
Prorektor Anne Lise Fimreite avslutta møtet, og takka for innsatsen til alle involverte i OU-prosjektet. Ho informerte om UiB sitt pågåande arbeid med ny strategi. Fimreite påpeikte at OU-prosjektet tyder mykje for arbeidet med strategien og å nå dei måla UiB har sett seg.
– Organisasjonsutvikling er viktig for å nå våre mål, sa Fimreite.