Hjem
Organisasjonsutviklingsprosjektet
Statusoppdatering

Avdelingane i full sving med implementering av prosjektet

Onsdag formiddag var det allmøte for dei tilsette i universitetsaulaen. På agendaen var implementeringsfasa av Organisasjonsutviklingsprosjektet som no er i full sving på dei ulike avdelingane.

UiB-tilsette på møte i aulaen.
Rundt 150 UiB-tilsette var samla til allmøte om Organisasjonsutviklingsprosjektet i aulaen på onsdag. Temaet for møtet var status for iversetting av prosjekta.
Foto/ill.:
Grethe Borvik Holmstrøm

Hovedinnhold

Dei sentrale avdelingane la fram status for oppfølging av delprosjekta i Organisasjonsutviklingsprosjektet for dei UiB-tilsette som hadde møtt opp på allmøtet i Universitetsaulaen onsdag morgon. Hovudbodskapen var likelydande frå dei  prosjektansvarlege  som heldt presentasjonar: Vi er godt i gong med mange gode tiltak som vil betre tenestene frå avdelingane.

Ved inngangen av sommaren hadde universitetsleiinga ei klar oversikt over dei omlag 100 tiltaka frå arbeidsgruppene ein har valt å gå vidare med. Mesteparten av iverksettinga av tiltaka vil skje no i haust, medan nokre krev ytterlegare forarbeid og konkretisering og blir ferdigstilte våren 2016. Både administrativt- og vitskapleg tilsette er involverte i utviklingsarbeidet i desse prosjekta.

Av leveransane som er klare i haust vart mellom anna følgjande trekte fram:

Websidene for arbeidsstøtte for forsking (mellom anna rykande fersk side om SFF-prosjekt) er publiserte og BOA-teamet held fram arbeidet med gode oversikter over tenester til støtte for prosjekt og søknadar. Nye rapportar og nye kurstilbod er utvikla for å støtte opp om fagmiljøa sine oppgåver innan eksternt finansiert verksemd (Ou-2 og Ou-3).

Kartlegginga av kvalitet i rekrutteringa av vitskaplege er ferdigstilt og vil danne grunnlaget for felles prosedyre som sikrar kvalitet og effektivitet. Nye annonsemalar, og malar for utlysningstekstar, samt verktøy til bruk i planlegging av rekrutteringsprosessar blir ferdigstilt i løpet av oktober. Det blir også arbeidd med tilsett-sidene, mellom anna med å sikre like landingssider. Revidert lønspolitikk-dokument og særavtale for prestisjefylte prosjekt blir klart i løpet av oktober/november (Ou-4).

Forskingsadministrativ avdeling held fram med vidareutvikling av Ph.d.-forskrifta, prosedyrane for vitnemålutskriving og diploma supplement. Kurstilbud for rettleiaropplæring blir gjennomgått i samarbeid med Studieadministrativ avdeling (Ou-7). Studieadministrativ avdeling følgjer også opp arbeidet med betre tenester til internasjonal utveksling (Ou-8 ) og funksjon for validering av vitnemål (Ou-9), som vil vere klar i løpet av våren 2016.  

 

Meir detaljerte oppdateringar frå iversettinga av tiltaka vil bli å finne på avdelingane sine nettsider og på Ou-sidene  framover, gjennom faste nettverksmøter for sakshandsamarar og i form av brev til fakulteta.