Erfaringar med videohøyringar i domstolane
Nysgjerrig på korleis norske og utanlandske dommarar, advokatar og akademikarar har opplevd den digitale omveltinga under korona?
Hovedinnhold
Koronaviruset har sett fart på bruken av videomøte på arbeidsplassar verda over, og domstolane er ikkje noko unntak. Det er grunn til å tru at videohøyringar i domstolane vil bli vanlegare òg etter pandemien. Derfor arrangerte forskargruppa i rettsstat webinar om denne digitale omveltinga 14. juni.
I tillegg til norske tingrettsdommarar, deltok det gjestar frå Slovenia, England og Tyskland. Desse prominente juristane utveksla erfaringar med videohøyringar frå sine heimland.
Når ein plutseleg blir nøydd til å ta høyringar digitalt, er det nærliggande å tenka at utfordringane helst er av teknisk art, men det er ikkje berre teknikken som kan svikta. Menneskelege feil skjer også. Det hender til dømes at dommarar gløymer å skru av mikrofonen sin, og då kan vegen til inhabilitet vera kort. Dette er ein av utfordringane som John Sorabji er inne på i sitt innlegg om erfaringane frå England og Wales.
Nokre av dei øvrige utfordringane som stod på programmet var beskyttelse av data, ivaretaking av partsrettar og forholdet til EMD artikkel 6 om tilgangen til "public hearing".
Program:
- Velkomst v/ professor Ragna Aarli (UiB) og professor Eirik Holmøyvik (UiB).
- Opningstale: rolla til dommarar under og etter korona v/ høgsterettsdommar i Slovenia, president i Europarådet og Europarådets dommarråd, Nina Betetto.
- Erfaringar frå Noreg v/ dommarane Kjetil Myhrvold og Kristin Farstad frå Hordaland tingrett.
- Erfaringar frå England og Wales v/ advokat og forelesar ved University College London, John Sorabji.
- Erfaringar frå Tyskland v/ dommar André Wilkening og dommar Maike Hoffmann.
- Problema med videohøyringar over landegrensene: eit tysk perspektiv som utgangspunkt for vidare diskusjon v/ juridisk direktør i det tyske justisdepartementet, Bärbel Kohake.
- Felles diskusjon.
- Avsluttande merknadar v/ Anne Sanders, professor ved Bielefeld University (professor II ved UiB).