Sørviserklæringa om bibliotektenester
Hovedinnhold
Universitetsbiblioteket (UB) er ein viktig del av det totale faglege og pedagogiske tilbodet ved UiB. Forutan å låne litteratur, bruke PC-er, utskrift- og kopitenester, kan du få tilgang til kvalitetssikra elektroniske og fysiske litteratursamlingar kombinert med informasjons- og rettleiingstenester. UB tilbyr i samarbeid med fagmiljøa kurs i informasjonskompetanse, der du bl.a. lærer å finne, vurdere og bruke informasjon, lærer å sitere og handtere referansar.
Universitetets plikter og ansvar når det gjeld bibliotektenester er å syte for:
- God tilgang til litteratur, tidsskrift og andre dokument til utdannings- og forskingsbruk
- God tilgang til elektroniske litteratur- og informasjonstenester via UB sine heimesider
- Tilbod om opplæring og rettleiing i bruk av UB
- Tilbod om opplæring og rettleiing i informasjonskompetanse
Universitetet forventar at du som student:
- Følgjer bibliotekets lånereglar
Universitetet tilrår at du som student:
- Set deg godt inn i UB sine litteratur- og informasjonstenester innanfor ditt fagområde
- Nyttar UB sine informasjonskjelder slik at du tileignar deg dei nødvendige informasjonskunnskapane for studium og yrke
- Ber om opplæring og rettleiing i biblioteket sine tenester når du treng det
06.08.2018