Sørviserklæringa om studentvelferd
Hovedinnhold
Saman med universitetet tilbyr Studentsamskipnaden på Vestlandet (Sammen) mange velferdsordningar for studentane: til dømes bustader, kantinar, idrett, rådgivingstenestar, studentprest, barnehagar, helsetenester (inkludert tannlege) og karriererettleiing.
Sammen sine plikter og ansvar når det gjeld studentvelferd:
- Leggje til rette for lett tilgjengeleg informasjon om kor det er ledige bustader til ei kvar tid via SiB sine nettsider og ved oppslag
- Tilby eit lett tilgjengeleg, ernæringsmessig riktig og rimeleg mattilbod
- Ha eit tilbod som gir høve til fysisk trening og idrettsleg organisering
- Gi tilbod om sosialrådgiving og psykisk helseteneste, også på engelsk
- Ha ein fagleg oppdatert bokhandel som skaffar deg den pensumlitteraturen du treng
- Drive barnehagar av høg kvalitet tilrettelagt for studentar
- Leggje til rette for andre frivillige studentaktivitetar
Sammen forventar at du som student:
- Følgjer dei retningslinjene som gjeld for leigeforhold i studentbustadene, og sjølv er med på å skape eit triveleg bumiljø
- Ryddar etter deg i kantinar og fellesareal
Sammen tilrår at du som student:
- Skaffar deg informasjon om dei relevante tilboda og fristar og reglar for desse
- Viser ein positiv vilje til å ta vare på idrettsmiljøet ditt, både materielt og sosialt
- Tar kontakt med sosialrådgivar når du treng det
06.08.2018