Studieplan for ÅRHF-KJØNN Kjønn, seksualitet og mangfald, årsstudium, haust 2024
Mål og innhald
Årsstudiet i kjønn, seksualitet og mangfald gir ei brei, tverrfagleg kompetanse i studiet av kjønn, med særleg vekt på tilhøvet mellom kjønn og seksualitet og på tilhøvet mellom kjønn og mangfald. Desse tilhøva vert studert både historisk og samtidig. Dei ulike emna gir rom for å reflektere kritisk og systematisk kring den samfunnsmessige, politiske og kulturelle tydinga av kjønn, seksualitet og mangfald i eit globalt perspektiv.
Studiet legg vekt på sentrale teoretiske og praktiske problem knytt til døme frå ei rekke empiriske felt. Tema er til dømes likestilling, feminisme, tilhøvet mellom forskjell og likskap, tilhøvet mellom natur og kultur, identitet, diskriminering, interseksjonalitet og krysskulturell variasjon. Studentane får forståing av kjønn, seksualitet og mangfald som individuelle, sosiale, historiske, strukturelle og symbolske fenomen. Årsstudiet er retta mot studentar som ynskjer ei fordjuping i studiet av kjønn og seksualitet med vekt på mangfald. Det er òg eit tilbod til personar med arbeid i offentleg og privat verksemd der likestilling, kjønn og mangfald er viktige kunnskapsområde.
Læringsutbyte
Ein kandidat som har fullført Årstudium i kjønn, seksualitet og mangfald skal ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
- har ei generell oversikt over dei sentrale problemstillingane og dei viktigaste omgrepa i studiet av kjønn, seksualitet og mangfald
- har brei kunnskap om den samfunnsmessige, politiske og kulturelle tydinga av kjønn, seksualitet og mangfald i eit globalt perspektiv.
- kjenner til dei viktigaste teoritradisjonane innanfor kjønnsforsking og kan setje dei i global og historisk samanheng
- kjenner til hovudtrekka i den moderne tenkinga om kjønn, seksualitet og mangfald si historie og utviklinga av kjønnsstudiar som eige fagfelt
- har brei kunnskap om kjønn som analytisk omgrep, og kan setje det i samanheng med seksualitet og mangfald og andre sentrale analytiske omgrep i faget
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan reflektere kritisk og systematisk kring sentrale kjønnspolitiske og kjønnsteoretiske problemstillingar
- kan nytte kjønnsteoretiske omgrep og omgrep knytt til seksualitet og mangfald til å analysere aktuelle problemstillingar i samfunnet
- kan reflektere kritisk kring ulike teoritradisjonar i studiet av kjønn, seksualitet og mangfald, , og over eigen fagleg praksis, samt justera denne under rettleiing
- kan sjølv oppdatera kunnskapen sin innan fagfeltet
- kan formulere ei sjølvstendig problemstilling og grunngje val av emne og analytisk innfallsvinkel
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan formidle ulike måtar å tenkje om kjønn, seksualitet og mangfald på i skriftleg og munneleg form
- kan arbeide sjølvstendig med ei sjølvvald problemstilling og presentere resultatet av denne i skriftleg og munnleg form
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Obligatoriske emne
Haust: HIS108 Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie
Vår: KVIK101 Kjønn i det moderne
Tilrådde valemne
KVIK102 Likestilling og mangfald
KVIK206 Kjønn og seksualitet i ein global kontekt
KVIK203 Litteratur, kjønn og kultur
KUVI106 Kjønn, seksualitet, kultur
SOS111 Familien i endring
Rekkefølgje for emne i studiet
Haust:
HIS108 Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie (obligatorisk) (15 stp)
KVIK102 Likestilling og mangfald (valemne) (15 stp)
Vår:
KVIK101 Kjønn i det moderne (obligatorisk) 15 stp
KUVI106 Kjønn, seksualitet, kultur (valemne) 15 stp
SOS111 Familien i endring (valemne) 15 stp
KVIK206 Kjønn og seksualitet i ein global kontekst (valemne) 15 stp
KVIK203 Litteratur, kjønn og kultur (valemne) 15 stp
Delstudium i utlandet
Studentar på årsstudiet kan ikkje ta delar av studiet ved utanlandske universitet.
Arbeids- og undervisningsformer
Årsstudium omfattar ulike undervisningsformer; til dømes førelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Vurderingsformer
Gjennom studiet vert studentane prøvde på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skuleeksamen og rettleidd oppgåve.
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Karakterskala
Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
1) Karakterskala A-F
2) Bestått/ikkje bestått
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Grunnlag for videre studium
Årsstudiet kan inngå i ein bachelorgrad og kvalifisera til opptak til ulike masterprogram i kjønnsstudium ved andre lærestadar.
Relevans for arbeidsliv
Årsstudiet er nyttig for deg som ønsker å arbeide med likestilling- og kjønnsproblematikk i offentleg forvaltning, utdannningssektoren, journalistikk og formidling, privat næringsliv, frivillige organisasjonar eller innan bistandsarbeid.
Evaluering
Årsstudiet vert kontinuerelig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Programansvarleg
Senter for kvinne- og kjønnsforsking har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Adminstrativt ansvarleg
Senter for kvinne- og kjønnsforsking har det administrative ansvaret for studieprogrammet.