Studieplan for ÅRSV-INFO Informasjonsvitskap, årsstudium, haust 2024
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Informasjonsvitskap er studiet av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) i forhold til individ, grupper, organisasjonar og samfunn. Gjennom studiet i informasjonsvitskap utviklar du evner til samarbeid og kritisk tenking, og kreativitet er noko som er sentralt i arbeidet med å lage dei beste løysningane for brukarane. Du lærer korleis behandling av kunnskap, informasjon og data kan bli, bør bli og faktisk blir støtta av informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT). IKT kan for eksempel vere informasjonssystem, program, databasar, datamaskinar, datanettverk og internett. Desse kunnskapane vert nytta til aktiv problemløysing og produktutvikling.
Eit årsstudium gir ikkje noko form for vitnemål/gradsbevis, men ei karakterutskrift over avlagde eksamenar.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Rekkefølgje for emne i studiet
Årsstudium med spesialiseringsemne
For deg som har studert før
1. semester
- INFO100 Innføring i informasjonsvitskap
- INFO132 Innføring i programmering
- INFO125 Datahandtering eller INFO162 Innføring i HCI
2. semester
- INFO110 Informasjonssystem
- INFO135 Vidarekommande programmering
- INFO104 Formelle metodar for informasjonsvitskap eller INFO263 Interaction Design and Prototyping
Årsstudium med innføringsemne og ex.phil
Anbefales studenter uten tidligere studieerfaring
1. semester
- INFO100 Innføring i informasjonsvitskap
- INFO132 Innføring i programmering
- EXPHIL-SVEKS/EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - skuleeksamen eller seminarmodell
2. semester
- INFO104 Formelle metodar for informasjonsvitskap
- INFO110 Informasjonssystem
- INFO135 Vidarekommande programmering
Relevans for arbeidsliv
Årsstudiet gir ei grunnleggjande innføring i fagets kjerneområde som er informasjonssystem, datahandtering og programutvikling. Fullført årsstudium kan byggjast ut og inngå i ein bachelorgrad i informasjonsvitskap, som igjen gir grunnlag for å søkje opptak til masterstudiet i informasjonsvitskap. Årsstudiet kan også vere eit supplement til andre studium.