Historie, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- Plassar115
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Kva lærer du?
Historiefaget prøver å finne svar på korleis kunnskap om fortida kan bidra til ei betre forståing av nåtida. På bachelorprogrammet får du innsikt i korleis historikarane arbeider med å skaffe og skape kunnskap om fortida. Du lærer òg korleis ulike metodar påverkar vår tolking av fortida.
Du får innsikt i dei store linjene i historia. Du lærer om spesialfelt som for eksempel migrasjonshistorie, kvinne- og kjønnshistorie, økonomisk historie eller vitskapshistorie. Historiefaget er kjenneteikna ved stor breddebreidde. Det blir forska og undervist i alt frå bronsealder til vår eiga tid, med fokus på Noreg og Norden, Europa, Midtausten, Afrika, Nord-Amerika og Asia.
Med ein bachelorgrad i historie:
- får du god oversikt over norsk og internasjonal historie
- får du god innsikt i sentrale historiske tema, teoriar og forskingstradisjonar
- kan du drøfte og kritisk vurdere historiske framstillingar
- har du erfaring med å handtere store informasjonsmengder, og med å formidle fagstoff både munnleg og skriftleg
Studiekvardag
Bachelorprogrammet i historie er eit fulltidsstudium. I tillegg til sjølvstudium aleine eller saman med medstudentar, kan ei vanleg veke ha 6-8 timar med undervisning i form av forelesningar og seminargrupper. Undervisninga og litteraturen er på norsk, andre skandinaviske språk og engelsk. Du har stor fridom til å forme innhald og oppbygging av graden, og vi tilbyr fleire temaval for bacheloroppgåva.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og student-bar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Kva kan du jobbe som?
Som historikarar har du attraktiv kompetanse for dagens arbeidsgjevarar. Du vil få ferdigheiter til å tenke sjølvstendig og analytisk, handtere store informasjonsmengder og sjå problemstillingar frå ulike perspektiv.
Du kan for eksempel arbeide som:
- lærar
- arkivar
- journalist eller kommentator innan media
- museumspedagog på museum
- rådgjevar i offentleg forvaltning
- redaktør eller konsulent i eit forlag
- fagansvarleg i norske og internasjonale organisasjonar
Opptakskrav og søknadsfrist
Søknadsfristen er 15. april.
Studiets oppbygging
Bachelorprogrammet i historie er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august. Du vel spesialisering i historie eller spesialisering i Midtaustens historie.
Slik er studiet lagt opp med spesialisering i historie:
1. semester
- Ex.phil - seminarmodell eller Ex.phil - skuleeksamen (10 studiepoeng)
- Akademisk skriving (10 studiepoeng)
- Innføring i historie (10 studiepoeng)
2. semester
- Oversyn over eldre historie (15 studiepoeng)
- Oversyn over nyare historie (15 studiepoeng)
3. semester
- Valemne historie. Du kan velje mellom to til tre ulike valemne (15 studiepoeng)
- Valemne historie. Du kan velje mellom to til tre ulike valemne (15 studiepoeng)
4. semester
- Teoriar, metodar og historiske kjelder (15 studiepoeng)
- Bacheloroppgåve i historie (15 studiepoeng)
5. semester
-
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)
6. semester
-
Frie emne – vel blant alle opne emne ved UiB eller utveksling (30 studiepoeng)
Utveksling
Å dra på utveksling i løpet av bachelorstudiet i historie er sterkt anbefalt! Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.
Du kan reise til nesten heile verda, med ein av UiB sine mange utvekslingsavtalar. Du kan blant anna reise til våre samarbeidsuniversitet i Storbritannia, Frankrike, Tyskland og Nederland.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Vidare studiemoglegheiter
Med fullført bachelorgrad i historie kan du ta eit toårig masterprogram i historie ved UiB.
Dersom du kombinerer historie med mastergrad og eit årsstudium i eit anna skolefag, kan du gå vidare til praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Da blir du kvalifisert til å undervise i ungdomsskolen og vidaregåande skole.
Spørsmål om studiet?
Telefon: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar@ahkr.uib.no
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.