Kjønnsstudium, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- Plassar17
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Kva lærer du?
Kjønnsstudiet undersøker ei rekke betydningar av kjønn, seksualitet og mangfald i ein global samanheng. Du lærer å forstå desse temaa gjennom ulike teoretiske perspektiv, som for eksempel feministisk teori, skeiv teori, kritisk raseteori, postkolonial teori, interseksjonalitet og globalisering.
Studiet vil utfordre oppfatningane dine kring kjønn, seksualitet og mangfald, og gi deg innblikk i fleire ulike måtar å forstå desse temaa på. Du vil og få høve til å utvikle gode evner til å samarbeide med ulike menneske.
Du vil få:
- brei kunnskap om den samfunnsmessige, politiske og kulturelle betydninga av kjønn, seksualitet og mangfald i eit historisk, notidig og globalt perspektiv
- ta i bruk kjønnsteoretiske omgrep og omgrep knytt til seksualitet og mangfald for å analysere relevante problemstillingar i samfunnet
- arbeide sjølvstendig med ei sjølvvald problemstilling og presentere resultatet av denne i skriftleg og munnleg form
På bachelorprogrammet spesialiserer du deg både i kjønnsstudium og eit anna fagfelt. Du får derfor ein nyttig dobbelkompetanse. Du kan velje spesialisering innan litteraturvitskap, engelsk, filosofi, historie, kulturvitskap, nordisk språk og litteratur, sosialantropologi eller sosiologi.
Her kan du lese om to av våre noverande studentar si erfaring med kjønnstudiar:
- – Jeg kunne ikke tenkt meg å studere noe annet!
- Kjønnsstudier har fått meg til å se verden med nye briller
Interessert i å lese om erfaringar frå fleire studentar? Her finn du eit utval under Studenterfaringer nedst på sida.
Studiekvardag
Som bachelorstudent i kjønnsstudium får du moglegheit til å ta del i eit svært engasjert miljø der du får møte mange folk med ulik fagleg bakgrunn. Vi har eit aktivt fagutval - les meir om dei her.
Bachelorprogrammet i kjønnsstudium er eit fulltidsstudium og baserer seg i stor grad på sjølvstendig arbeid aleine eller med medstudentar. Ei vanleg arbeidsveke inneheld om lag 6 – 14 timar undervisning, fordelt mellom seminargrupper og forelesingar. Forelesingane går i all hovudsak føre seg på norsk, men pensumlitteraturen kan vere på både norsk og engelsk. I undervisninga vert det lagt vekt på at du deltar aktivt i diskusjonane. Diskusjonen vil vere sentrert rundt dei sentrale teoretiske perspektiva og omgrepa som faget bygger på.
Som student hos oss vil du ha det meste av undervisninga på Nygårdshøyden midt i Bergen sentrum. Du har tilgang til lesesalar, bibliotek, kollokvierom, treningssenter, kantine, kafear og studentbar på campus. På UiB finn du òg mange ulike studentorganisasjonar. Å vere med i ein studentorganisasjon er ei verdifull investering i studietida di - det gir deg mange erfaringar og venner for livet.
Meir om studiekvardagen ved HF
Kva kan du jobbe som?
Du tileignar deg kunnskap om kjønn, seksualitet og mangfald, mellom anna på områda diskriminering, likestilling, inkludering og sosial rettferd. Slik kunnskap er stadig meir etterspurt i ulike delar av arbeidslivet.
Med ei slik utdanning får du både allmennkunnskapar og spesialkunnskap som kan nyttast i ei rekke jobbsamanhengar. Kjønnsstudium gir god breiddekunnskap, samt spesialkunnskap som i aukande grad vert etterspurt i utdanningssektoren, personaladministrasjon, media, arbeids- og inkluderingsfeltet, offentleg forvaltning, næringsliv, kunst og kultur og ideelle organisasjonar.
Du kan til dømes arbeide med:
- kommunikasjon
- forsking
- undervisning
- administrasjon
- rådgjeving
Her kan du lese kva jobbar tre tidlegare studentar fekk etter endte studiar:
Fra kjønnsstudier til Politihøgskolen
Opptakskrav og søknadsfrist
Søknadsfristen er 15. april.
Studiets oppbygging
1. semester
- Kjønnsforskinga sine tenkemåtar (10 studiepoeng)
- Examen philosophicum – seminarmodell (10 studiepoeng)
- Akademisk skriving (10 studiepoeng) eller Språkkunnskap (10 studiepoeng).
2. semester
-
Kjønn i det moderne (15 studiepoeng)
Eitt av følgande emne:
- Familien i endring (15 studiepoeng)
- Kjønn, seksualitet, kultur (15 studiepoeng)
- Oversikt over kvinne- og kjønnshistorie (15 studiepoeng)
3. semester
To av følgande emne:
- Likestilling og mangfald (15 studiepoeng)
- Nyare teoriar om kjønn og seksualitet (15 studiepoeng)
- Skeiv teori med internasjonal digital studentutveksling (15 studiepoeng)
4. semester
-
Spesialisering. Vel fagområde: litteraturvitskap, engelsk, filosofi, historie, kulturvitskap, nordisk språk og litteratur, sosialantropologi eller sosiologi (30 studiepoeng).
5. semester
-
Spesialisering innan same fagområde (30 studiepoeng)
6. semester
-
Spesialisering innan same fagområde (30 studiepoeng)
Utveksling
Du kan reise på utveksling i eitt semester. Eit utvekslingsopphald gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet. UiB har avtalar med mange universitet verda over. Land som er særleg aktuelle for deg som studerer kjønnsstudium, er Sverige og Danmark. Studentar har også reist på utveksling til England, Nederland, Sør-Afrika, Sør-Korea og Brasil.
I tillegg til fysisk utveksling er det mogleg med digital utveksling til institusjonar i USA og Brasil. Ein kan også dra på utveksling via spesialiseringa si. Det vanlegaste er å reise på utveksling det tredje semesteret.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Vidare studiemoglegheiter
Etter ferdig bachelorgrad er du kvalifisert for masterprogram. Universitetet i Bergen tilbyr masterprogram i fordjupingsområda allmenn litteratur, engelsk, filosofi, historie, kulturvitskap, nordisk språk og litteratur, sosialantropologi og sosiologi. I tillegg kan graden kvalifisere for Master i Global utvikling – teori og praksis ved UiB. Masterprogram i kjønnsstudium finn du på NTNU og UiO.
Spørsmål om studiet?
Telefon: +47 55 58 93 70
E-post: studierettleiar@skok.uib.no
Studieplan
Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.