Hjem
Utdanning

Namn på grad

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi fører fram til graden bachelor i samfunnsøkonomi.

Omfang og studiepoeng

Studiet er treårig (180 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Norsk

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Samfunnsøkonomien tek opp problemstillingar som strekkjer seg frå samanhengen mellom arbeidsløyse og inflasjon til spørsmålet om kva som er "rett" billettpris på bussen. Dette er vanskelege og til dels uoversiktlege problemstillingar som ikkje alltid har klare svar. I faget arbeider vi med metodar som er eigna til å analysera slike problemstillingar og løysa dei så langt det let seg gjere. Gjennom studiet i samfunnsøkonomi lærer ein om slike metodar. Ein lærer å strukturere problemstillingar for å finne ut kva som er viktig og kva som ikkje er det. Derfor er samfunnsøkonomar ettertrakta arbeidskraft til mange ulike stillingar i privat næringsliv, offentleg verksemd og internasjonale organisasjonar.

Læringsutbyte

Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • kjenner struktur og organisering av norsk og internasjonal økonomi
  • er kjend med nyare økonomisk teori og empiriske metodar for analyse av økonomisk politikk
  • kjenner dei grunnleggjande metodane for samfunnsøkonomiske analysar
  • kan den grunnleggjande teorien om konsumentar sin etterspurnad etter varer og tenester
  • kan den grunnleggjande teorien om produsentar sin åtferd og tilbod av varer og tenester
  • kan teori om marknadslikevekt og grunnleggjande teori om internasjonal handel
  • kjenner til kriteria for god bruk av ressursane i samfunnet
  • kjenner til dei tilfella som set grenser for marknadsøkonomien, såkalla marknadsimperfeksjonar
  • kjenner til og kan analysere verknader av ulike konkurranseformer i ein marknad

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan orientere seg i relevant faglitteratur og belyse relevante problemstillingar
  • har innsikt i sambandet mellom teori og empiri
  • har grunnlag for kritisk haldning til faget, og kan gjennom rettleiing og diskusjon oppdatere kunnskapen sin
  • kan ta i bruk økonomiske modellar til å forstå sosiale fenomen
  • kan bruke økonomiske resonnement til å diskutere og analysere økonomisk politikk
  • kan kritisk vurdere det økonomiske innhaldet i økonomisk politikk

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har innsikt i viktige fagetiske problemstillingar
  • kan arbeide sjølvstendig og organisere og planlegge eige arbeid innanfor gitte fristar
  • har evne til klar og ryddig skriftleg og munnleg framstilling, og logisk og matematisk presisjon
  • kan delta i faglege diskusjonar om økonomi og politikk

Opptakskrav

Generell studiekompetanse og MATTE4: Gjennomsnittskarakter 4 eller betre i matematikk (224 timer, 1P + 2P).

Du dekker karakterkravet i matematikk om du har bestått eit av følgande programfag: S1, S2, R1 eller R2.

Innføringsemne

ECON100 Innføring i samfunnsøkonomi og Ex.phil

Obligatoriske emne

Totalt må graden innehalde minimum 110 studiepoeng med samfunnsøkonomi. Av desse er 90 studiepoeng obligatoriske emne, 20 studiepoeng er valfrie emne innan samfunnsøkonomi.

Obligatoriske emne i graden:

ECON100 Innføring i samfunnsøkonomi

ECON140 Matematikk for økonomar

ECON110 Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsteori

ECON130 Makroøkonomi

ECON210 Velferd og økonomisk politikk

ECON230 Internasjonal makroøkonomi

ECON240 Statistikk og økonometri

ECON244 Anvendt økonometri

ECON290A/B bacheloroppgåve.

Tilrådde valemne

ECON243 Videregående matematikk og optimering er anbefalt som valemne for studentar som vil ta master i samfunnsøkonomi.

Rekkefølgje for emne i studiet

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi er lagt opp slik:

1.semester: ECON100, ECON140 og eitt valfritt emne innan samfunnsøkonomi

2.semester: ECON110, ECON130 og ECON240

3.semester: ECON210, ECON230 og ECON244.

4./5.semester: Frie studiepoeng, 60 studiepoeng/1 år

6.semester: ECON290 og minst eit valfritt emne innan samfunnsøkonomi

MERK: Ex.phil. må takast iløpet av 4.-6. semester. Det er også mogleg å erstatte valemnet første semester med Ex.phil., men då må studenten ta eit ekstra valemne i samfunnsøkonomi seinare.

Delstudium i utlandet

Det finns i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtaler med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi har tilbod om utanlandsopphald som ein integrert del av bachelorgraden.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga vil normalt bestå av førelesningar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeider undervegs i studiet.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det anbefalte studieløpet nyttar i all hovudsak avsluttande, skriftleg skuleeksamen.

Karakterskala

Emna som inngår i det anbefalte studieløpet blir karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).

Grunnlag for vidare studium

Bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi kvalifiserer for opptak til eit toårig masterprogram i samfunnsøkonomi. Masterprogrammet gir ei grundig fagleg fordjuping i samfunnsøkonomi gjennom enda fleire spesialiseringsemne og ved skriving av masteroppgåve. Dei analytiske evnene dine blir styrkte gjennom eigeninnsats i form av oppgåveløysing, aktiv deltaking i undervisninga og innlevering av skriftlege arbeid. I tillegg blir den metodiske kompetansen betra, og du blir meir fagleg sjølvstendig.

Relevans for arbeidsliv

Ei utdanning i samfunnsøkonomi gir god utteljing på arbeidsmarknaden. Samfunnsøkonomar arbeider ofte med analyse- og utgreiingsoppgåver. Nokon arbeider med forsking og undervisning, eller dei vert journalistar, valutahandlarar eller deltek i formueforvaltning i finansinstitusjonar. Utdanninga gir eit godt grunnlag for å gå inn i leiande stillingar i næringslivet eller i offentleg forvaltning. Vidare har samfunnsøkonomar òg vist seg å vere attraktive i jobbar innan internasjonale organisasjonar - det vere seg utviklingshjelp eller i utanrikstenesta. Innan privat næringsliv arbeider samfunnsøkonomar i bankar og andre finansinstitusjonar, i dei største industriverksemdene, oljeselskapa og i konsulentfirma. I staten er det særleg mange samfunnsøkonomar i departementa (der dei ofte arbeider i nær kontakt med den politiske leiinga), i Noregs Bank, Statistisk sentralbyrå og ved universitet og høgskular.

Evaluering

Alle studieprogram og emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.

Administrativt ansvarleg

Institutt for økonomi

E-post: post@econ.uib.no

Telefon: 55 58 92 00