Studieplan for BASV-SOS Sosiologi, bachelor, 3 år, haust 2024
Namn på grad
Bachelorprogrammet i sosiologi fører fram til graden bachelor i sosiologi. Studiet er treårig (180 studiepoeng).
Omfang og studiepoeng
Den normerte studietida for bachelorgraden i sosiologi er tre år. Dette svarer til 180 studiepoeng. Det krevst at ein tek ei fagleg fordjuping i sosiologiske emne på minimum 90 studiepoeng. Studentane vel sine emnekombinasjonar mellom dei tilboda som til ein kvar tid vert gjevne ved instituttet og/eller emne som er godkjende som likeverdige med desse. Normalt vil dette innebere 70 studiepoeng på innføringsnivå (100-nivå) òg 20 studiepoeng på eit meir avansert nivå (200-nivå). I desse 20 studiepoenga inngår det ei obligatorisk bacheloroppgåve på 10 studiepoeng
Undervisningsspråk
Norsk og engelsk
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Sosiologi er vitskapen om samfunnslivet i vid forstand. Sosiologar studerer relasjonane mellom menneske i små og store sosiale fellesskap; det vil seie relasjonane mellom individ, grupper og organisasjonar både på det lokale, nasjonale og globale planet. Sosiologar er opptekne av korleis menneskelege aktivitetar følger mønster som er relativt uavhengige av enkeltindivida. Sosiologar arbeider med å forklare og forstå korleis menneska blir forma av samfunnstilhøve og korleis dei sjølve kan endre desse tilhøva. Gjennom bachelorprogrammet skal studentane utvikle ei grunnleggjande forståing av det teoretiske og metodiske grunnlaget for sosiologien. Dessutan skal programmet gje generell kunnskap om sentrale problemstillingar og perspektiv innafor ulike sosiologiske temaområde. Slike temaområde er mellom anna familien, utdanning og arbeidsliv, velferdsstaten og offentlege omsorgstenester, sosiale klasser, kjønn og etniske relasjonar. Det kan også til dømes vere problemstillingar knytt til forholdet mellom økonomi og samfunn, modernisering, globalisering, livsløp og institusjonell endring.
I løpet av bachelorstudiet skal ein skrive og levere inn fleire sjølvstendige oppgåver. I nokre tilfelle må studenten også gje kommentarar til andre studentar sine oppgåveutkast. Den avsluttande bacheloroppgåva fyller eit halvt semester (10 studiepoeng) og blir skrive under rettleiing frå ein faglærar. Etter innlevering av bacheloroppgåva gjev studentane ein munnleg presentasjon av denne.
Læringsutbyte
Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
- kan gjere greie for nokre sentrale trekk ved den sosiologiske faghistoria og dei teoretiske perspektiva og omgrepa som oftast blir brukt i faget
- kan gi døme på korleis slike teoretiske perspektiv og omgrep blir brukt i studiar av korleis sosial samhandling formar små og store samfunnsstrukturar, og korleis samfunnsstrukturar og prosessar formar livsvilkår for menneska
- kan skildre generelle trekk ved samfunnsutvikling langs politiske, økonomiske, kulturelle og sosiale dimensjonar
- kan gjere greie for sosiologiske forståingar av endringsprosessar på til dømes område som sosial ulikskap, familieliv, arbeidsliv, velferdsstat, kjønnsrelasjonar, globalisering, migrasjon og etniske relasjonar
- kan gjere greie for problemstillingar, teoretiske perspektiv, modellar og resultat innan nyare forsking innanfor eit sosiologisk spesialemne
- kan gjere greie for kva slags hovudtypar av metodar samfunnsforskarar bruker til å finne fram og analysere data, kva slags kunnskapstypar det gjev, og i kva slags tilfelle dei blir brukte
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan nytte seg av kunnskap om sosiologisk teori og metode til å skilje mellom ulike typar forklaringar på samfunnsspørsmål
- kan bruke sosiologisk kunnskap til å identifisere viktige samfunnsproblem og utviklingstendensar, hente inn og presentere relevant informasjon om desse og delta med grunngjevne meiningar i ordskifte om samfunnsrelasjonar
- kan presentere og i ein viss grad vurdere resultat som kjem fram ved bruk av ulike metodar i sosiologiske undersøkingar
- kan bruke enklare variantar av sosiologiske metodar i eigne undersøkingar
- kan, spesielt etter arbeidet med bacheloroppgåva, planlegge og gjennomføre analysearbeid og utforme skriftlege og munnlege presentasjonar av dette
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan gjere greie for nokre typar fag-etiske problemstillingar
- kan arbeide sjølvstendig og planlegge og organisere sitt eige arbeid innanfor gjevne fristar
- kan gi sakleg og ryddig framstilling, skriftleg og munnleg
Innføringsemne
Innføringsemne/førstesemesterstudiet i Bachelorprogrammet er ex.phil. og SOS100A (kan erstattast av andre innføringsemne ved UiB/ andre lærestader).
Rekkefølgje for emne i studiet
1. semester: EXPHIL-SVSEM/EXPHIL-SVEKS og SOS100A
2. semester: SOS121, MET103 og valemne i sosiologi
3. semester: SOS122, SOS123 og MET104
4. semester: frie studiepoeng, utveksling
5. semester: frie studiepoeng, utveksling
6. semester: SOS203, SOS204 og valemne i sosiologi
Delstudium i utlandet
Du kan reise på utveksling som en del av graden din i sosiologi. Det finst mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Instituttet har fleire samarbeidsavtaler i mange land og regionar. Blant moglegheitene er studiar i Norden og Europa gjennom Nordplus og Erasmus+ ordningane, eller du kan reise til eit anna kontinent gjennom ei av UiBs mange bilaterale avtalar. Mellom anna er det mogleg å reise til prestisjetunge UC Berkeley i San Fransisco og studera sosiologi i eit eller to semester.
Vi hjelper deg med å finne utdanningstilbod frå våre samarbeidspartnarar som passar til dine faglege interesser og planar. Normalt reiser ein ut i eit eller to semester og nyttar frie studiepoeng, men det er også mogleg å ta utveksling som erstatning for fag i spesialiseringa. Sjå instituttets nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga består normalt av førelesingar og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeid undervegs i studiet.
Vurderingsformer
Emna som inngår i det tilrådde studielaupet bruker stort sett ulike kombinasjonar av desse eksamensformene: heimeeksamen, skriftleg eksamen og munnleg eksamen.
Karakterskala
Emna som inngår i det anbefalte studielaupet vert karaktersett med bokstavkarakterar (A-F).
Grunnlag for vidare studium
Bachelorprogrammet i sosiologi kvalifiserer for søknad om opptak til eit toårig masterprogram i sosiologi.
Relevans for arbeidsliv
Sosiologar med bachelorgrad i sosiologi har eit godt kompetansegrunnlag for arbeid med planlegging og iverksetjing av prosjektarbeid, utgreiings- og dokumentasjonsverksemd, informasjonsarbeid, personaladministrasjon og organisasjonsutvikling. Med rett samansetjing av fagemne vert du også kvalifisert til å undervise i skuleverket.
Sjå også her: Sosiologer i arbeid
Evaluering
Alle studieprogram og emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Administrativt ansvarleg
Sosiologisk institutt