Hjem
Utdanning

Studieplan for MAHF-HIS Historie, master, 2 år, haust 2024

Namn på grad

Master i historie

Mål og innhald

Mastergradsstudiet skal gi studentane djupare innsikt i arbeidet med kjelder og dei problema som oppstår i tilknyting til dette innafor historieforskinga. Det skal og gi studentane ei sjølvstendig haldning til historiske framstillingar og historisk kjeldemateriale, og ei innføring i sjølvstendig vitskapleg arbeid.

Mastergradsstudiet i historie er eit fire semesters fulltidsstudium, som er inndelt i ein kursdel som utgjer 60 studiepoeng, og eit sjølvstendig forskingsarbeid (HIS350 mastergradsoppgåve i historie) på 60 studiepoeng.

Emna i kursdelen gjev innsikt i relevant forskingslitteratur, metodiske og teoretiske grunnproblem samt aktuelle teknikkar. Kursdelen gjev startgrunnlag for arbeidet med ei masteroppgåve ved kritisk analyse av sentral litteratur innafor relevante forskingsfelt. Nokre emne vektlegg forholdet mellom samfunn og historiefaget og korleis ulike samfunnsoppfatningar har prega historieforskinga. Andre emne i kursdelen gjev innføring i historisk teori og metode, der det blir sett fokus på avgrensing, klargjering og analyse av forskingslitteratur/kjelder. Emna i kursdelen er strukturert og organisert slik at dei leier fram til arbeidet med masteroppgåva.

Oppgåveskriving, dokumentasjon og diskusjon er ein sentral del ved alle emna i kursdelen. Dette skal gje grunnlag for at masteroppgåva kan bli eit sjølvstendig, vitskapleg, veldokumentert og nyskapande forskingsresultat.

Den organisastoriske og faglege ramma for både kursdelen og masteroppgåva er masterseminara for historie. Masterseminara er kronologisk og tematisk inndelt og organiserer alle masterstudentane og rettleiarane i faste seminargrupper med faste møteplanar.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Kandidaten har avansert kunnskap innanfor sitt forskningsfelt, og spesialisert innsikt i temaet som er gjenstand for masteroppgåva. Ved fullført mastergrad er kandidaten ein fagekspert innan sitt forskingsfelt. I tillegg til ein brei empirisk kunnskapsbase, har kandidaten innsikt i fagtradisjonar, forskingsetiske problemstillingar, historiefagets plass i samfunnet, samt ei solid forståing av metodar og teoriar som analytiske verktøy. Kandidaten kan anvende sin kunnskap på nye område av historiefaget.

Ferdigheiter:

Kandidaten kan forholde seg kritisk til historiske framstillingar og historisk kjeldemateriale, og kan bruke fagets teori, metodar og teknikkar i sjølvstendig løysing av historiske problem. Kandidaten kan analysere og forholde seg kritisk til ulike kjelder, avgrense saksforhold på basis av store informasjonsmengder og dokumentere sine funn i tråd med faglege krav og standardar. Kandidaten kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer.

Kandidaten kan formidle forskingsarbeid på ein kyndig og forståeleg måte i skriftleg form.

Generell kompetanse:

Kandidaten er kvalifisert til å handtere, vurdere og analysere komplekse saksbilete, syntetisere relevant informasjon samt å grunngje eigne slutningar. Gjennom arbeidet med eit sjølvstendig forskingsarbeid har kandidaten vist evne til å problematisere og reflektere kring omgrep, kunnskap, teori og metode på ein forskingsetisk forsvarleg måte. Kandidaten har òg kompetanse i vitskapleg diskusjon og kommunikasjon, både skriftleg og munnleg, og kan gjere kompliserte saksforhold forståeleg for eit breiare publikum.

Opptakskrav

Masterprogrammet i historie byggjer på ein bachelorgrad med minst 80 studiepoeng fagleg fordjuping i historie, eller tilsvarande.

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i historie.

Andre bachelorgradar som kvalifiserer:

  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minst 80 studiepoeng i historie eller tilsvarande.

Du må også ha:

  • Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
  • Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.

Obligatoriske emne

Av dei fire emna som utgjer kursdelen i masterstudium i historie, er følgjande to emne obligatoriske i kursdelen: HIS301 Historisk forskingslitteratur og HIS303 Forskingsproblem og kjeldearbeid. HIS350 Masteroppgåve i historie er obligatorisk i studiet.

Tilrådde valemne

Følgjande valemne blir tilbodne ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap (AHKR):

HIS302 Historisk teori og metode (15 stp.)

HIS304 Teknikkar i historiefaget (15 stp.)

HIS307 Fordjupning i historie (Særskild suppleringsemne) (5 stp.)

HIS308 Historieformidling (15 stp.)

HIS309 Historikarens arbeidsmåtar (15 stp.)

Emneutvalet kan variere noko, avhengig av tilgjengelege ressursar. Instituttet tilrår sterkt å la HIS302 inngå i masterstudiet.

I somme tilfelle kan masterstudentar ha behov for å tileigne seg reiskapsemne frå andre fag eller institusjonar, t.d. om ein ynskjer særskild språkleg eller metodisk kompetanse. Val av eit slikt reiskapsemne må skje i samråd med rettleiar og etter søknad til instituttet. I slike tilfellet vert reiskapsemnet rekna som eit erstatningsemne for 15-poengsemnet HIS304. Om erstatningsemnet berre er på 10 stp., er det mogleg å supplere med 5-poengsemnet HIS307 (som berre er tilgjengeleg for studentar som har godkjent erstatningsemne for HIS304).

Rekkefølgje for emne i studiet

Instituttet tilrår følgjande studieprogresjon:

  1. semester: Det obligatoriske emnet HIS301 Historisk forskingslitteratur og valemnet HIS302 Historiografi.
  2. semester: Det obligatoriske emnet HIS303 Forskingsproblem og kjeldearbeid og eit av valemna HIS304 Teknikkar i historiefaget, HIS308 Historieformidling eller HIS309 Historikarens arbeidsmåtar.
  3. semester: HIS350 Masteroppgåve i historie.
  4. semester: HIS350 Masteroppgåve i historie.

Kursdelen skal normalt vere gjennomført før studenten kan levere masteroppgåva (HIS350).

Delstudium i utlandet

Instituttet rår til at studentar som ynskjer utanlandsopphald i samband med mastergrads-studiet, gjennomfører dette i det andre semesteret. Innpassing av instituttet sitt undervisnings-tilbod, emne frå andre fag/institusjonar eller utanlandsopphald vil kunne gjere det naturleg å endre på den tilrådde studieprogresjonen.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsmetodane varierer frå emne til emne og er avhengig av emnets mål, organisering og innhald. På masterprogrammet har ein derfor ulike metodar som forelesingar, seminar, grupperettleiing og individuell rettleiing, med særskild vekt på seminarundervisning (masterseminar).

Alle studentar skal ha rettleiar. Studentane får høve til å uttrykkje ynske om kva rettleiar dei vil ha, men instituttet står for tildelinga. Dette skjer tidleg i studiet. Studentane følgjer det same masterseminaret som rettleiarane sine.

Vurderingsformer

Kvart emne blir avslutta med ein eksamen. Det vert nytta ulike typar skriftlege og munnlege eksamensformar (skuleeksamen, semesteroppgåver, munnleg prove, masteroppgåve). Dei eksamensformene som blir nytta er gjort greie for under kvart einskilt emne. Sjå emneomtalane for nærare omtale av dei enkelte emnas eksamensform.

Karakterskala

Ved fastsetjing av karakterane vil det bli nytta ein gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk, eller greidd/ikkje greidd.

Grunnlag for vidare studium

Etter endt mastergrad i historie kan du søke opptak til postmasteremnene AHKR391 Forskningsfordypning etter mastergrad og AHKR392 Historieformidling etter mastergrad.

Trykk her for informasjon om AHKR391

Trykk her for informasjon om AHKR392

Mastergrad i historie kan gi kompetanse for vidare studium på ph.d.-nivå.

Relevans for arbeidsliv

Masterprogrammet kvalifiserer for stillingar der realhistoriske kunnskapar, dokumentert evne til skriftleg og munnleg formidling og innsikt i historiefagets forskingsmetodar er relevante. Masterutdanninga har likevel verdi langt utover spesialkunnskapar i eit bestemt historiefaglig felt. Masterprogrammet opnar for karriere innan skuleverket, museum, offentlege og private arkiv, kulturinstitusjonar, media, offentleg og privat forvaltning.

Studiet gjev, gjennom grundig skolering i kjeldekritikk, studentane ei svært god øving i tolking av tekst. Arbeidet med større vitskapelege oppgåver, gjev studentane ei sterk generell skolering i problemløysing, knytte til innsamling, bearbeiding og presentasjon av store mengder informasjon, og bruken av denne informasjonsmengda til å svare på konkrete spørsmål. I løpet av masterstudiet tileignar mange seg også kunnskapar i hjelpedisiplinar som statistikk, EDB, framandspråk eller intervjuteknikk, og tek i bruk metodar og teoriar frå andre samfunnsfag som antropologi, sosiologi, statsvitskap eller økonomi.

Arbeidssøkjarar med master i historie vil derfor være særleg vel kvalifiserte i yrker kor søk, bearbeiding og systematisering av informasjon og analytisk klar presentasjon står sentralt. Ein historisk-metodisk tilnærming og historiefaglige perspektiv kan ofte bidra til innsikter på dagsaktuelle problemfelt som samtidsorienterte analyseteknikkar ikkje kan gi aleine. Faget har tradisjon for kommunikasjon med eit breitt publikum og ein høg språkleg formidlingsstandard.

Evaluering

Programmet blir jamleg evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap.

Administrativt ansvarleg

studierettleiar@ahkr.uib.no