Studieplan for MAHF-KUN Kunsthistorie, master, 2 år, haust 2024
Namn på grad
Master i kunsthistorie
Omfang og studiepoeng
Masterprogrammet i kunsthistorie har eit omfang på 120 studiepoeng.
Fulltid/deltid
Masterprogrammet i kunsthistorie er normert til 2 år. Det er mogleg å ta studiet på deltid over 4 år.
Undervisningsspråk
Norsk
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Disiplinbasert mastergrad i kunsthistorie skal gi grunnleggjande føresetnader for å forstå historiske, kulturelle og sosiale sider ved kunst og visuell kultur. Hovedfokus er på vestleg kunsthistorie, men studiet løfter også fram institusjonskritiske perspektiv, postkolonialisme, «ny-kunsthistorie», og annan kritisk teori, såvel som kunst som er skapt i og reflekterer over den globale kunstsituasjonen i dag.
Studiet har som mål å gi kandidaten innsikt i biletkunst, arkitektur og visuell kultur i eit breiare perspektiv frå antikken til i dag. Undervisninga legg ikkje berre vekt på kunsthistoriske monument, men problematiserer også den teoretiske og metodiske tilnærminga til desse. Kva er vilkåra for at noko kan betraktast som kunst i dei ulike historiske periodane? Korleis nærmar vi oss arkitektur i renessansen versus samtidskunsten sin «relasjonelle estetikk»? Studiet tar opp sentrale tema frå faget sin eigen historigrafi, og teoretiske problem knytt til kunsthistorisk forskingspraksis. I arbeidet med masteroppgåva skal studenten, på sjølvstendig vis, nytte vitskaplege arbeidsteknikkar og metodar i faget for å granske eit kunsthistorisk materiale eller eit vitskapleg problem innanfor visuell kultur i vid tyding. Dette opnar også for problemstillingar som inkluderer tverrfagleg samarbeid.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar/ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Dugleikar/Ferdigheiter
Generell kompetanse
Kandidaten...
- har avansert kunnskap om den kunsthistoriske forskingshistoria og utvalde emne innan vestleg biletkunst, arkitektur og visuell kultur, og spesialisert kunnskap om eit avgrensa kunsthistorisk felt (tema for masteroppgåva)
- har inngåande kunnskap om visuell teori og tolkingsmetodar i kunsthistoriefaget, som til dømes formalisme, ikonografi, kontekstuell analyse, semiotikk og dessutan om tverrfaglege perspektiv som til dømes kunstarkeologi og optisk teori
- kan relatere eksisterande kunnskap til nye objekt og kunsthistoriske problemstillingar
- har tilstrekkelege faglege kunnskapar til å kunne analysere kunsthistoriske problemstillingar
Kandidaten...
- kan analysere komplekse grunnlagsproblem som stil, ikonografi eller persepsjon og nytte metodar i faget til å analysere og tolke biletkunst, arkitektur og til dømes skulptur i nye kontekstar
- kan reflektere kring teoriar og metodar, som til dømes Panofsky sin ikonologi og den kritikk som har vore retta mot denne
- kan nytte relevante teoriar og metodar på til dømes biletkunst, arkitektur og skulptur på ein sjølvstendig måte
- gjere sjølvstendige, kritiske vurderingar av kunsthistoriske kjelder (både dei ovanfor nemnde kunsthistoriske objekta, men også arkivmateriale og arkeologiske artefakt), og gjere sjølvstendige vurderingar i estetiske spørsmål og utforme sjølvstendige, faglege resonnement
- kan gjennomføre eit større, sjølvstendig kunsthistorisk forskingsprosjekt under rettleiing, innan gitte tidsrammer og i tråd med forskingsetiske retningsliner
Kandidaten...
- kan analysere relevante faglege problem, som til dømes utstillingsestetikk eller spørsmål kring kulturminnevern og kunsthandel
- kan nytte kunnskapen sin på nye område, og gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt innan kulturfeltet og offentleg kulturforvalting
- kan med fagleg tyngde ta del i diskusjonar om kunst- og kulturhistoriske spørsmål innanfor rammene av institusjonane i kulturfeltet og nytte kunsthistoriefaget sin terminologi
- kan formidle kunnskapen sin munnleg og skriftleg for både spesialistar og eit breiare publikum, og opptre som sakkyndig deltakar i faglege debattar på spesifikke felt
- kan vere med på å utvikle og påverke kunsten si rolle i samfunnet gjennom arbeid med til dømes forvaltning, innkjøp, utstillingar og utforming av pedagogiske opplegg
Opptakskrav
Masterprogrammet i kunsthistorie byggjer på ein bachelorgrad med minst 80 studiepoeng fagleg fordjuping i kunsthistorie, eller tilsvarande.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
- Bachelorgrad i kunsthistorie
Andre bachelorgradar som kvalifiserer:
- Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har minimum 80 studiepoeng i kunsthistorie eller tilsvarande.
Du må også ha:
- Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
- Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Obligatoriske emne
Obligatoriske emne i kursdelen:
KUN311 / Prosjektførebuing
KUN312 / Historiografi og teori
Masteroppgåve
KUN350 / Masteroppgåve
Tilrådde valemne
Valemne
KUN321 / Forskingsformidling: Kunsthistorie i samfunnet
KUN323 / Forskingsfordjupning i kunsthistorie: feltarbeid, fagmiljø og fellesskap
Innpassing av andre emne må godkjennast av instituttet før emnet kan takast inn i programmet.
Rekkefølgje for emne i studiet
Tilrådd rekkjefølgje for emna i programmet er:
1. semester HAUST: KUN312, KUN311
2. semester VÅR: KUN321, KUN323
3. semester HAUST: KUN350
4. semester VÅR: KUN350
Dette er ei rettleiande oversikt over emne som går inn som ein del av studieprogrammet og er basert på studiestart i haustsemesteret.
Delstudium i utlandet
Masterstudentar i kunsthistorie kan ta inn valfrie emne på inntil 30 studiepoeng på masternivå frå andre fag ved Universitetet i Bergen, andre norske eller utanlandske lærestader.
Utvekslingsopphald som strekkjer seg over eit heilt semester (30 studiepoeng) må leggjast til vårsemesteret, det vil seie normalt andre semester. Alle utvekslingsopplegg skal godkjennast av instituttet før utvekslinga finn stad.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisningsformene involverer førelesing, seminar og rettleiing. Det vert forventa at studentane tar aktivt del i dei fleste emna, i form av skiftlege og munnlege presentasjonar.
Vurderingsformer
For dei obligatoriske og dei valfrie emna vert ulike vurderingsformer som seminarinnlegg, heimeeksamen og semesteroppgåve nytta.
Mastergradsoppgave på 70-110 sider (KUN350) med justerande munnleg eksamen; ei prosjektskisse (KUN311); 2 tekstar i ulike sjangrar (KUN312); to munnlege presentasjonar (KUN321); eit essay (KUN323). Sjå elles emneplanane for nærare informasjon.
Karakterskala
Karakterskala på emna er anten greidd/ ikkje greidd eller bokstavkarakterar A til F. Sjå emneomtalen for det einskilde emnet for meir informasjon.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål vert skrive ut etter at graden er fullført.
Grunnlag for vidare studium
Master i kunsthistorie kan gi grunnlag for å søkje opptak til ph.d. i kunsthistorie.
Relevans for arbeidsliv
Mastergrad i kunsthistorie kan kvalifisere både for vidare forsking og for arbeid med kunst og visuell kultur, som kunstformidling i museum og andre formidlingsinstitusjonar. Kulturjournalistikk og informasjonsarbeid, eller kunst og kulturminneforvalting på sentralt og lokalt plan er andre moglege yrkesvegar.
Evaluering
Bachelorprogrammet vert kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Programansvarleg
Programstyret for kunsthistorie har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet v/ Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: