Studieplan for MAMN-BIOMI Mikrobiologi, haust 2024
Namn på grad
Master i biologi - Mikrobiologi
Omfang og studiepoeng
Masterprogrammet i biologi har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Norsk/Engelsk
Studiestart - semester
Haust (hovudopptak), vår (suppleringsopptak dersom ikkje alle plassar blir fylte)
Mål og innhald
Mikrobiologi er ei spesialisering i masterprogrammet i biologi.
Mikrobiologi er læra om dei mikroskopiske organismeformene: bakteriar, arkeer, sopp, eincella algar og protozoar, og omfattar òg virus. Sentralt i faget er studiet av mikroorganismane sine eigenskapar og deira funksjonar i ulike miljø. Faget spenner frå grunnleggjande cellebiologiske og molekylære problemstillingar til økologi og utnytting av mikroorganismane i praktisk og kommersiell samanheng.
Mikrobiologi er eit viktig fag i mange samanhengar, som til dømes innan: matvareindustri, medisin og veterinærmedisin, jordbruk, oljeindustri, bioteknologi og i forhold til miljø og økologiske prosessar i naturen. Kunnskap i mikrobiologi er derfor viktig og har stor betyding for samfunnet og vår forståing av livets opprinnelse og mangfald på jorda og som modellsystem for mogeleg utanomjordisk liv.
Målet med spesialiseringa Mikrobiologi er å gje innsikt i faget gjennom teoretisk, eksperimentell og anna relevant verksemd, slik at studenten får ei heilskapleg forståing av mikroorganismane sine eigenskapar, aktivitetar og roller i naturen. Spesialiseringa skal gjere studenten skikka til å gå inn i et breitt utval av stillingar der mikrobiologi er relevant.
Læringsutbyte
I studiet vil kandidaten tileigne seg kunnskapar om:
- Dei mest karakteristiske eigenskapane til dei mikroskopiske organsimeformene: bakterier, arkeer, sopp, mikroalgar og protozooaer, og virus mikrorganismanes funksjon og betydning i ulike miljø
- Det økologiske samspelet mellom mikroorganismar og mellom mikro- og makroorganismar (symbiose), inkludert deira betydning for utvikling av sjukdom
- Mikrobiell diversitet, fysiologi, energimetabolisme, mikrobielle næringsnett og biogeokjemiske syklusar
- Mekanismar for genregulering og genoverføring hos mikroorganismar
- Prokaryote organismar si rolle under den tidlege evolusjonen av livet på jorda
- Den samfunnsmessige betydningen av mikrobiologien
- Grunnleggande eksperimentelle metodar/teknikkar som nyttas i mikrobiologi, molekylærbiologi og bioteknologi
I studiet vil kandidaten tileigne seg fylgjande ferdigheiter:
- Kjenne til relevante spørsmål i mikrobiologi, og kunne bidra konstruktivt til planlegging og gjennomføring av mikrobielle undersøkelser og vurdere resultata i lys av hypotesene som blir testet
- Oppsøke, kritisk vurdere, og benytte mikrobiologisk kunnskap og biologisk vitenskaplig litteratur
- Ha kjennskap til og kunne nytte grunnleggjande mikrobiologiske metodar
- Handtere og presentere kvantitative data, drøfte presisjon og nøyaktigheit og nytte dei mest grunnleggjande statistiske prinsippa
- Presentere, analysere og diskutere mikrobiologiske forskningsresultat på ein faglig god og kritisk måte i lys av data og teoriar innan sitt fagområde, både muntleg og skriftleg - også til ikkje-spesialistar
Generell kompetanse
- Kunne arbeide i tråd med vitenskaplige prinsipper og har forståelse og respekt for vitenskaplige verdier som åpenhet, presisjon, etterrettlighet, og betydning av å skille mellom kunnskap og meninger
- kunne reflektere over sentrale, etiske og vitenskaplige problemstillinger i eget og andre sitt arbeid
Opptakskrav
Masterprogrammet i biologi byggjer på ein bachelorgrad i biologi eller beslekta fagområde. Søkar må ha:
- bachelorgrad i biologi eller beslekta fagområde
- minst 60 studiepoeng i biologi
- minst 7,5 studiepoeng i kjemi m/laboratoriearbeid
- minst 7,5 studiepoeng i statistikk
- minst 7,5 studiepoeng i matematikk (dersom søkjar ikkje har Matematikk R2 frå vidaregåande skule)
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
- Bachelorgrad i biologi
- Bachelorgrad i berekraftig havbruk
- Bachelorgrad i miljø og ressursfag, naturvitskapleg retning, studieveg biologi
Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:
- Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du oppfyller opptakskravet som beskrive over.
Du må også ha:
- Karakterpoenget (karaktersnitt) må vere på minimum C i emna di opptakskravet for å formelt kunne kvalifisere til opptak.
OBS! Ta kontakt med Studieseksjonen på studie@bio.uib.no dersom du har Bachelor i berekraftig havbruk eller Bachelor i miljø- og ressursfag frå UiB, då desse har andre emne i opptaksgrunnlaget.
Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med
- generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
- Språkkrav for tospråklege program
Tilrådde forkunnskapar
Grunnleggjande emne i mikrobiologi, som t.d. BIO214 Generell mikrobiologi, BIO217 Mikrobiell økologi og BIO219 Molekylær mikrobiologi. Desse emna er også del av masterprogrammet.
Obligatoriske emne
STUDIESTART: HAUST
1. semester (Haust):
- BIO214 Generell mikrobiologi* (10 sp)
- BIO217 Mikrobiell økologi* (10 sp)
- BIO300A Akademisk skriving (5 sp)
- BIO300B Biostatistikk (5 sp)
2. semester (Vår):
- BIO219 Molekylær mikrobiologi* (10 sp)
- Valemne (20 sp)
3. semester (Haust):
- BIO399 Masteroppgåve i biologi (30 sp)
4. semester (Vår):
- BIO399 Masteroppgåve i biologi (30 sp)
*Obligatorisk med mindre emnet (eller tilsvarande) er tatt tidlegare. Dersom det er tatt tidlegare, bytt ut med valemne.
STUDIESTART: VÅR
1. semester (Vår):
- BIO219 Molekylær mikrobiologi* (10 sp)
- Valemne (20 sp)
2. semester (Haust):
- BIO214 Generell mikrobiologi* (10 sp)
- BIO217 Mikrobiell økologi* (10 sp)
- BIO300A Akademisk skriving (5 sp)
- BIO300B Biostatistikk (5 sp)
3. semester (Vår):
- BIO399 Masteroppgåve i biologi (30 sp)
4. semester (Haust):
- BIO399 Masteroppgåve i biologi (30 sp)
*Obligatorisk med mindre emnet (eller tilsvarande) er tatt tidlegare. Dersom det er tatt tidlegare, bytt ut med valemne.
Tilrådde valemne
Avhengig av fordjuping og tema på masterprosjektet vél du 20 sp i valemne, i samråd med veiledar. Det er òg mogleg å ta fordjuping i geomikrobiologi og arktisk mikrobiologi.
Anbefalte valemne:
- BIO213 Marin økologi, miljø og ressursar (10 sp, haust)
- BIO299 Forskingspraksis i biologi (10 sp, haust/vår)
- BIO309 Marin flora (5 sp, vår)
- BIO315 Utvalde mikrobiologiske emne (5 sp) uregelmessig, dersom min. 5 studentar melder seg
- BIO318 Aktuelle geobiologiske emne (10 sp, vår) partalsår
- GEOV245 Geomikrobiologi (10 sp, haust)
- GEOV243 Miljøgeokjemi (10 sp, haust)
- KJEM202 Miljøkjemi (10 sp, vår)
- STAT200 Anvendt statistikk (10 sp, vår)¿ oddetalsår
Emne ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS):
- AB-202 Marine Arctic Biology (15 sp, vår)
- AB-207 Research Project in Arctic Biology (15 sp, haust/vår)
- AB-327 Arctic Microbiology (10 sp, sommar)
Omfang masteroppgåva
I samråd med rettleiaren din skal du sjølv velje ei masteroppgåve. Saman skal de utarbeide ei prosjektskisse og lage ein framdriftsplan som inneheld viktige milepålar i arbeidet med oppgåva. Masteroppgåva skal vere eit forskingsbasert arbeid. Tema i oppgåva kan veljast innanfor forskingsområdet til dei aktuelle rettleiarane, knytt til instituttets forsking frå eit breitt spektrum av mikrobiologien - frå reine laboratorie-oppgåver til feltoppgåver og kombinasjonar av desse.
Masteroppgåva er normalt 60 sp. Det er og mogleg å ta masteroppgåve på 30 sp (90 sp emne).
Krav til progresjon i studiet
Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1. juni og 1. november.
Delstudium i utlandet
Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.
Arbeids- og undervisningsformer
Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Undervisningsforma for emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av førelesningar, laboratoriearbeid, feltekskursjoner, og seminar. Detaljar om emna finn du i emnebeskrivinga.
Vurderingsformer
Studiet blir avslutta med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent. Vurderinga på emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen, individuelle og gruppepresentasjoner, og diverse former for semesterarbeid. Vurderingsform for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Karakterskala
Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «Bestått/Ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F.
For masteroppgåva blir bokstavkarakter brukt.
Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.
Grunnlag for vidare studium
Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).
For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga ved UiB må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.
Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.
Relevans for arbeidsliv
Masterprogrammet skal gjere deg skikka til å gå inn i et breitt utval av stillingar der mikrobiologi er relevant. Mikrobiologar arbeider i dag blant anna innan forsking ved universitet og høgskolar, innan akvakultur, bioteknologi, offentleg forvalting, industri og i skoleverket.
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Programansvarleg
Programstyret ved Institutt for biovitenskap har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet: studie@bio.uib.no
Adminstrativt ansvarleg
Institutt for biovitenskap har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål på epost: studie@bio.uib.no
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studie@bio.uib.no, Tlf 55 58 44 00