Studieplan for MAMN-PROSI Sikkerheitsteknologi, haust 2024
Namn på grad
Dette masterprogrammet fører fram til graden master i Energi- og prosessteknologi - sikkerheitsteknologi. Studiet er toårig (120 studiepoeng).
Studiestart - semester
Haust (hovudopptak) og suppleringsopptak vår.
Mål og innhald
Prosessindustrien (olje/naturgass, kjemisk, metallurgisk m.m.) er eksportretta og har stor innverknad på økonomien til landet vårt. Både råvarer, mellomprodukt, ferdigprodukt og dei mange ulike prosessane involvert kan representere fare for ulukker, og sikkerheitsarbeidet får derfor høg prioritet. Gjennom omfattande forskingsprogram dei siste åra er det etablert ny kunnskap om komplekse fenomen som inngår i en ulykke, for eksempel gassutslipp, brann og eksplosjon. Dette er svært verdifull kunnskap som enda ikkje er fullt utnytta i praksis. Eit viktig moment i studiet er å søke å utnytte denne grunnleggande kunnskapen ved å anvende den i aktuelle praktiske problemstillingar, for å vise at prosessikkerheit er ein samanhengjande og tverrfagleg engineeringsprosess. Sentrale masteroppgåver er førebygging og kontroll av gassutslepp, eksplosjonar, brannar, varmeavgjevande kjemiske reaksjonar ("run-away") og utslepp av giftige/korroderande stoff.
Læringsutbyte
Ein kandidat med mastergrad i sikkerheitsteknologi skal ha ein solid, forskingsbasert kunnskap og omfattande erfaring og forståing av prosessteknologisk forsking i det heile. Kandidaten har trening i å arbeide sjølvstendig i forhold til ei forskingsoppgåve. Dette arbeidet omfattar følgjande element:
- å setje seg inn i ei ny vitskapleg problemstilling ut frå litteraturen
- å formulere ein hypotese eller ei problemstilling som kan testast
- å gjere ei kritisk vurdering av det eksisterande kunnskapsgrunnlaget og identifisere område som krev ny kunnskap eller forståing
- vurdere metodar og velje ein metode som kan gje ny kunnskap gjennomføre arbeidet
- tolke resultata i høve til problemstillinga
- presentere forskingsarbeidet skriftleg og munnleg innanfor ramma av vitskapelig formidling
Kandidaten vil ha omfattande kunnskap som kvalifiserer til sjølvstendig arbeid vidare innan dette forskingsfeltet, både i arbeidslivet og i vidare forskarutdanning.
Opptakskrav
Masterprogrammet i prosess- og sikkerheitsteknologi byggjer på ein bachelorgrad petroleum- og prosessteknologi, eller tilsvarande grad. Det vert stilt spesielle krav til innholdet i graden.
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
- Bachelorgrad i petroleum- og prosessteknologi
- Bachelorgrad i kjemi, fysikk eller matematikk (emnet PTEK202 må være inkludert)
- Bachelorgrad fra MN-fakultetet med emner som dekker opptaksgrunnlaget og karaktergrunnlaget (emnene trenger ikke være del av graden)
Beregning av karaktersnitt
Kun emner som inngår i spesialisering i bachelor i petroleum- og prosessteknologi blir brukt til beregning av karaktersnitt. Dersom du har ekstern bachelorgrad blir karaktersnitt beregnet frå relevante emner.
Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:
- Norske bachelorgrader i petroleumsteknologi (UiS) og olje- og gassteknologi (NTNU), eller tilsvarende bachelorgrader kor emnet tilsvarende PTEK202 er inkludert.
- Norske bachelorgrader i energi, fysikk, matematikk, undervannsteknologi, prosess, maskin eller sikkerheit/brannsikkerheit kor emnet tilsvarende PTEK202 er inkludert.
- Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du har 80-100 studiepoeng i prosessteknologi eller andre relevante fagfelt.
Du må også ha:
- Snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
- Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
- Språkkrav for tospråklege program
Obligatoriske emne
Masterprogrammet i sikkerheitsteknologi omfattar eit sjølvstendig vitskapleg arbeid (masteroppgåve) på 60 studiepoeng, og fag eller spesialpensum på til saman 60 studiepoeng sett saman slik:
- PTEK250 og PTEK252, om dei ikkje er tekne i bachelor studiet.
- Andre aktuelle emne inkluderer: PTEK231, PTEK241, PTEK251, PTEK354 og PTEK355.
- Eventuelt spesialpensum valt i samråd med rettleiar.
Eit masterprogram med start om hausten kan sjå slik ut:
1. s PTEK252 PTEK250 Valemne
2. s Valemne Valemne Oppgåve
3. s Valemne Oppgåve Oppgåve
4. s Oppgåve Oppgåve Oppgåve
s= semester
Omfang masteroppgåva
Masteroppgåva blir utført ved UiB, hos GexCon AS eller i andre verksemder som arbeider med prosess-sikkerheit. Typiske oppgåver vil vere frå forskingsområda støv-, tåke- og gass- eksplosjonar, inkludert utslepp, spreiing og tenning. Brann, "run-away"-prosessar og utslepp av giftige/korroderande/etsande stoff kan også vere aktuelle område. Oppgåva kan vere eksperimentell, teoretisk (modellering eller simulering) eller ein kombinasjon. Modellering er utvikling av matematiske modeller som skildrar fysikken og kjemien i prosessulukker, og blir brukt i ein simulator. Simulering viser konsekvensane av prosessulykker og korleis dei kan avgrensast. Eksperiment blir brukt til å identifisere fysikken og kjemien som skal modellerast, og til å validere simulatoren.
Krav til progresjon i studiet
Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leveras innan ein fastsett dato, normalt 1.juni og 1.november.
Arbeids- og undervisningsformer
I arbeidet med masteroppgåva skal du på sjølvstendig vis ta i bruk metodar og vitskaplege arbeidsteknikkar frå faget i undersøkinga av eit relevant materiale. Analysar av observasjonsdata og data frå modellar er svært viktig ved sidan av teoretiske og eksperimentelle studiar.
Grunnlag for vidare studium
Masterstudiet gir grunnlag for Ph.d-studiar innan fagområdet. For å vere kvalifisert for å søkje opptak til Ph.d-utdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden, samt masteroppgåva være C eller betre. Ph.d.-utdanningen finansieres vanligvis ved at kandidaten har søkt og blitt tilsett i ei stipendiatstilling for 3 eller 4 år.
Relevans for arbeidsliv
Prosessikkerheitsteknologi er ei slagkraftig utdanning med jobbmoglegheiter i eit breitt spekter av prosessindustri, ikkje minst i olje- og gassindustrien på land og til havs, i ingeniørselskap og innan forsking. Dei fleste studentane får jobb før dei er ferdig uteksaminerte.
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Evaluering for enkeltemne som inngår i kursdelen, er omtalt i emnebeskrivinga.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet.
Adminstrativt ansvarleg
Institutt for fysikk og teknologi har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål på epost studie.ptek@uib.no
Tlf 55 58 28 64
Kontaktinformasjon
Ta kontakt med studierettleiar:
studie.ptek@uib.no
telefon 55 58 28 64