Studieplan for MASV-LÆSF Lektor samfunnsfag (sosiologi), master, 5 år, haust 2024
Namn på grad
Master i sosiologi med lektorkompetanse
Omfang og studiepoeng
300 studiepoeng
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Undervisninga i fag 1 vil oftast vere på norsk, men kan også vere på engelsk. For alle andre fagemne, sjå den einskilde emneplanen.
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Lektorutdanning med master i sosiologi er ei kombinert fagutdanning og profesjonsstudium som utdannar lektorar for ungdomstrinnet og for den vidaregåande skulen (trinn 8-13). Utdanninga kombinerer solid samfunnsvitskapeleg disiplinkunnskap (fag 1) og eit anna universitetsfag (fag 2) med kunnskap om fagdidaktikk, pedagogikk og undervisningspraksis. Den gir undervisningskompetanse i både samfunnsfag i ungdomsskulen og i ulike samfunnskunnskapsfag i den vidaregåande skule (fag 1) og eit av fleire fag ein får tilbod om å ta ved Det humanistiske fakultetet (fag 2).
Lektorutdanning med master i sosiologi gir ei fordjuping i korleis vi kan forstå og studere relasjonane mellom menneske i små og store sosiale fellesskap i samfunnet. Sosiologar arbeider med å forklare og forstå korleis menneska blir forma av samfunnstilhøve og korleis dei sjølve kan endre desse tilhøva. Lektorprogrammet med master i sosiologi gi kritiske perspektiv på viktige samfunnsområde, som til dømes familien, utdanning og arbeidsliv, velferdsstaten og offentlege omsorgstenester, sosiale klasser, kjønn og etniske relasjonar. Programmet tar også opp problemstillingar knytt til tilhøva mellom økonomi og samfunn, modernisering, globalisering, livsløp og institusjonell endring. Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, og trening i kvalitativ og kvantitativ metode.
Masteprogrammet har som mål å styrke den samfunnsvitskapelege kompetansen i skolen gjennom å utdanne fagleg dyktige lektorar i samfunnskunnskapsfaga. Det gir brei kunnskap om arbeidsfelt, teoriar og metodiske tilnærmingsmåtar i sosiologifaget, (fag 1) kombinert med kompetanse i nordisk, andre språkfag, historie eller religion (fag 2).
Lektorutdanninga skal kvalifisere studentane til å vidareutvikle skolen som institusjon for læring og danning i eit demokratisk og fleirkulturelt samfunn. Studiet skal utdanne lærarar som er ansvarlege og som kan ta medansvar for elevar si læring og utvikling. I studiet vert det lagt vekt på å utvikle kompetanse til vidare fagleg og profesjonell utvikling. Såleis er det eit mål å fremje samhandling og kritisk refleksjon kring fag, undervisning og læring.
Studiet gjev ei god innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og forskingsmetodar og trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faga, så vel som faga sine metodar. Det vert lagt vekt på tilrettelegging for læring, analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, og trening i skriftleg og munnleg presentasjon. Vidare gjev studiet grundig kunnskap i fagdidaktikk og pedagogikk, om skulefaga og fremje ferdigheiter for praktisk yrkesutøving.
Læringsutbyte
Ein kandidat med fullført program skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
- har inngåande kjennskap til dei perspektiva, omgrepa og metodane som sosiologar plar bruke til å analysere samfunnstilhøve med
- har god forståing av samanhengane mellom desse perspektiva, omgrepa og metodane og kan forklare kva som gjer dei relevante ved undersøkingar av samfunnstilhøva
- har brei kunnskap om korleis dei moderne samfunna har utvikla seg og om dei viktigaste sosiale institusjonane i slike samfunn
- har brei kunnskap om velferdsproblem, velferdsstatar, og om ulike former for sosial ulikskap (for eksempel klasse, kjønn og etnisitet)
- har inngåande kunnskap om utvikling av skolen som organisasjon og brei forståing for skolen sitt mandat, verdigrunnlaget i opplæringa og i opplæringsløpet
- har inngåande kunnskap om teoriar og problemstillingar knytte til fagdidaktiske spørsmål, herunder samiske tilhøve.
- har kunnskap om utviklinga av skolen som organisasjon og faga som skole-, kultur-, og forskningsfag og brei forståing for skolens mandat, opplæringas verdigrunnlag og opplæringsløpet
- har kunnskap om ungdomskultur og ungdoms utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekster
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan orientere seg i faglitteratur, analysere og har ei kritisk haldning til informasjonskjelder og eksisterande teoriar i fagområda
- kan vurdere kor godt underbygde konklusjonane i studiar av samfunnet er
- kan skaffe relevant informasjon om samfunnsspørsmål, vurdere og analysere informasjonen med relevante metodar og sosiologiske omgrep, og kan gi munnlege og skriftlege presentasjonar av kunnskapen dette fører fram til
- kan utføre undersøkingar av samfunnstilhøve med både kvantitative statistiske metodar og kvalitative metodar av ulike slag
- kan på eit sjølvstendig og fagleg grunnlag bruke varierte arbeidsmetodar og relevante metodar frå forsking og fagleg utviklingsarbeid til å utvikle god undervisningspraksis
- Kan tilpasse opplæring i samsvar med gjeldande læreplanverk, og kan skape motiverande og inkluderande læringsmiljø
- har ei kritisk, sjølvstendig tilnærming til digitale verktøy og kan nytte dei i undervisning, planlegging og kommunikasjon og til å rettleie unge i den digitale kvardagen
- kan vurdere og dokumentere elevar si læring og kompetansen deira, og kan gi læringsfremjande tilbakemeldingar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og eiga fagleg utvikling
- kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa og profesjonsfagleg forskningsprosjekt under veiledning og i tråd med gjeldande forskningsetiske normer
Generell kompetanse
Kandidaten
- har oversikt over og kan diskutere forskingsetiske problem innan informasjonshandtering og samfunnsforsking
- Kan bidra til innovasjonsprosessar og nytenking, og til å gjennomføre profesjonsretta fagleg utviklingsarbeid
- kan på sjølvstendig grunnlag vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til fagleg og organisatorisk utvikling i skolen og blant kollegaer
- kan byggje relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skoleverket
- kan formidle og kommunisere faglege problemstillingar knytte til profesjonsutøvinga, både på eit høgt fagleg nivå og tilrettelagt for elevar og ålmenta
- kan opptre profesjonelt og kritisk reflektere over og analysere faglege, profesjonsetiske, forskningsetiske og utdanningspolitiske spørsmål og problemstillingar
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og kravkode LÆRALT:
- gjennomsnittskarakter 3 eller betre i norsk (393 timer) og
- anten gjennomsnittskarakter 3 eller betre i matematikk (224 timer) og minst 40 skulepoeng, eller gjennomsnittskarakter 4 eller betre i matematikk (224 timer) og minst 35 skulepoeng (Karakterkravet i matematikk blir også dekt dersom ein har bestått eitt av følgande programfag: S1, S2, R1 eller R2)
I tillegg: Politiattest (jf. forskrift om opptak til høgare utdanning, kapittel 6)
Tilrådde forkunnskapar
Studentar som vel engelsk som fag 2 bør ha språkkunnskapar tilsvarande minimum engelsk fellesfag og helst studieførebuande programfag i engelsk frå vidaregåande skole.
Studentar som vel tysk, fransk eller spansk som fag 2 bør ha minimum nivå I/II i fransk, spansk eller tysk frå vidaregåande skole.
Studentar som vel nordisk som fag II, bør meistre nynorsk og bokmål godt.
Innføringsemne
Examen philosophicum, 10 stp.
Obligatoriske emne
I programmet inngår emne i sosiologi, fag 2, fagdidaktikk, pedagogikk og ex.phil. Dei fleste emna er obligatoriske. Ei oversikt over kva emne som er obligatoriske vil ein finne under «Rekkjefølge for emne i studiet».
Praksis:
Totalt inngår 100 dager praksis:
- 10 dager som del av PEDA130
- 10 dager som del av SAKDI100-P
- 2 x 35 dager som egne langpraksisemner
- 10 dager kampuspraksis
Spesialisering
Sjå emnelista under «rekkefølgje for emne i studiet» for nærare informasjon.
Rekkefølgje for emne i studiet
1. semester
- EXPHIL Examen philosophicum (10 studiepoeng)
- SOS100B Innføring i sosiologi (10 studiepoeng)
- PEDA130 Innføring i pedagogikk (10 studiepoeng) (med integrert praksis, 10 dagar)
2. semester
- SOS121 Klassisk sosiologisk teori (10 studiepoeng)
- MET103 Kvalitative metoder (10 studiepoeng)
- SOS1XX Valgemne i sosiologi (10 studiepoeng)
- KPDAG1 og KPDAG2
3. semester
- Emne i fag 2 (20 studiepoeng)
- SAKDI100-P Samfunnskunnskapsdidaktikk 1 (10 studiepoeng) (med integrert praksis, 10 dagar)
4. semester
Mogleg å reise på utveksling dersom det blir gitt høve til det i fag 2
5. semester
- SOS122 Nyare sosiologisk teori (10 studiepoeng)
- PEDA131 Læreplan og undervisning (10 studiepoeng)
- Fagdidaktikk i fag 2 (10 studiepoeng)
- LANGPRAKSIS1 (35 dagar)
- KPDAG5-HFSV
6. semester
- SOS203 Sosiologisk forsking: Teori og metode (10 studiepoeng)
- MET104 Kvantitative metoder (10 studiepoeng)
- Bacheloroppgåve fag 2 (10 studiepoeng)
Mogleg å reise på utveksling
7. semester
- SOS304 Metode - kvalitative tilnærmingar (10 studiepoeng)
- SOS302 Sosiologiske teoritradisjonar (10 studiepoeng)
- SOS303 Metode - statistisk analyse (10 studiepoeng)
- KPDAG6 og KPDAG7
8. Semester
- PEDA132 Lærarprofesjonalitet (10 studiepoeng)
- SAKDI300 Samfunnskunnskapsdidaktikk 2 (10 studiepoeng)
- SOS340 Prosjektutvikling (10 studiepoeng)
- LANGPRAKSIS2 (35 dagar)
- KPDAG8-HFSV
9. og 10. semester
Delstudium i utlandet
Studentane blir oppmoda om å ta delar av studiet i utlandet. Eit opphald ved eit utanlandsk universitet kan gje både breidde og djupne i læringsutbyttet til studiet, i tillegg til språkkunnskapar og verdifull internasjonal røynsle.
Eit utanlandsopphald bør planleggjast i god tid på førehand og kan bli rettleidd og avtalt i samarbeid med studiekonsulent på programmet og dei fagleg ansvarlege institutta.
I lektorprogrammet i sosiologi er det tilrådd med utveksling i 4. og/eller 6. semester. Utveksling i 4. semester er kun mogeleg dersom det blir gitt høve til det i fag 2.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga er forskingsbasert og omhandlar det teoretiske grunnlaget for faget, så vel som metodar knytte til faget. Gjennom studiet får studenten møte undervisning i ulike former med ulike typar lærings- og refleksjonsaktivitetar (t.d. førelesingar, seminar, gruppearbeid, skriftlege og munnlege presentasjonar, omgreps- og problemfokuserte oppgåver, prosjektarbeid, rettleiing og praktisk bruk av digitale verktøy). For nærare informasjon, sjå dei einskilde emneplanane.
Læring gjennom rettleidd praksis i skolen står sentralt i studiet. Studenten vil få observere undervisning og planlegge og gjennomføre undervisning åleine og i samarbeid med medstudentar. Det blir i denne samanhengen lagt vekt på erfaringsutvikling gjennom refleksjon, samtale og oppgåveskriving.
Eit gjennomgåande trekk ved undervisninga vil vere å kombinere tileigning av fagleg kunnskap med tileigning av kompetanse i å leggje til rette for elevane si læring og utvikling.
I tillegg til den undervisninga som blir tilbydd, blir studentane oppmoda om å også sjølve organisere eigne kollokviegrupper og skrivegrupper.
Studentane blir følgde opp gjennom semesteret og vil kvart semester få informasjon om korleis dei ulike undervisningstiltaka kan eller skal samordnast.
Vurderingsformer
I studiet inngår varierte vurderingsformer, til dømes skriftleg eksamen, munnleg eksamen, heimeeksamen og andre slags skriftlege arbeid. Sjå emneplanane for nærare opplysningar.
Karakterskala
Det vert nytta to karakterskalaer:
- «bestått» / «ikkje bestått»
- Bokstavkarakterar med skalaen A, B, C, D, E, F
Sjå emneplanane for nærare opplysningar.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål blir skrive ut etter at graden er fullført.
Grunnlag for vidare studium
Studiet kan gi grunnlag for doktorgradsstudium i sosiologi.
Relevans for arbeidsliv
Master i sosiologi med lektorkompetanse kvalifiserer for tilsetjing på trinn 8-13 i den norske skolen. Lektorutdanninga gir grunnlag for undervisning i to fag og kvalifiserer for opptak til doktorgradsstudium.
I tillegg gir lektorutdanning eit godt grunnlag for yrke utanfor skulen der fagkunnskap, formidling og relasjonskompetanse står sentralt, bl.a. i media, organisasjonar, forvalting og forlag.
Evaluering
Programmet blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Skikkavurdering og autorisasjon
Ifølgje Forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning (nr. 1714) fastsett av Kunnskapsdepartementet 27. oktober 2023 med heimel i lov 1. april 2005 nr. 15 om universitet og høgskular § 4-10 første og sjette ledd, skal det gjennom heile studiet gjerast vurderingar av om studenten er skikka til læraryrket, og sluttvurdering og vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert som skikka (jf. § 4-10 andre ledd).
Programansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Sosiologisk institutt har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Felles programstyre for lektorutdanninga ved UiB har eit overordna koordinerande ansvar.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet har det administrative ansvaret for studieprogrammet.