Studieplan for PRMEDISIN Medisinstudiet, profesjon, 6 år, haust 2024
Namn på grad
Profesjonsstudiet i medisin fører fram til graden cand.med.
Omfang og studiepoeng
Profesjonsstudiet i medisin har eit omfang på 360 studiepoeng. Ved medisinstudiet 2015-plan deles studentkullet i A-kull og B-kull frå og med hausten 4. studieår. Normert studietid for Medisinstudiet 2015-plan er 6 år for A-kull og 6,5 år for B-kull.
Fulltid/deltid
Fulltid.
Undervisningsspråk
Norsk er hovudspråk. Delar av undervisninga og pensum vil bli gitt på engelsk.
Studiestart - semester
Haust
Mål og innhald
Profesjonsstudiet i medisin ved UiB skal kvalifisera for autorisasjon som lege og for nybyrjarstillingar innan alle medisinske spesialitetar. Ved avslutta studie skal dei som nyutdanna legar også kunne arbeide innan forsking, formidling og helseleiing.
Gjennom studiet skal studentane ha tileigna seg ein solid fagleg og oppdatert kunnskapsbase og akademisk danning som grunnlag for profesjonell yrkesutøving, kunnskapshandtering, kritisk kjeldevurdering og livslang læring.
Ved avslutta studie skal studentane kunne diagnostisera og behandle vanlege sjukdommar. Dei skal meistre akuttmedisinske tilstandar og skader. Dei skal kunne utføra gode anamneseopptak, kliniske undersøkingar og differensial-diagnostiske vurderingar og dei skal ha kunnskap om vidare utgreiing og behandling av mindre vanlege sjukdommar. Dei skal ha kompetanse på opplæring av pasientar og pårørande, undervisning, helsefremmande arbeid og tverrfagleg samarbeid i alle ledd av helsetenesta.
I løpet av studiet skal studentane lære å setje pasientane i sentrum og møte pasientar og pårørande med empati og respekt. Studentane skal difor trenast i god kommunikasjon med pasientar, pårørande og anna helsepersonell. Dei skal trenast i å gjere etiske overveiingar om behandlingsstrategiar, prioriteringar og bruk av medisinsk kunnskap.
Studiet skal fremje heilskapleg forståing for helse og sjukdom og vektlegge dei viktigaste helseproblema. Studentane skal tileigne seg innsikt i risikofaktorar for sjukdom og erfaring med førebyggjande tiltak på individ- og samfunnsnivå. Dei skal tileigne seg innsikt i den nasjonale og globale sjukdom- og skadebyrde samt ulikskapar i helse mellom land og innanfor landegrensene.
Studiet skal legge vekt på etikk, pasientsikkerheit og menneskerettar. Studentane skal ha kjennskap til organisering av norsk helsevesen, helseøkonomiske prinsipp og kvalitetsforbetring i helsesektoren.
Forskarlinja er eit spesialtilbod for ei gruppe medisinstudentar (inntil 10 %) som har interesse for medisinsk forsking og som kan tenkje seg ei forskarkarriere i framtida. Studentane på forskarlinja følgjer det ordinære medisinstudiet. Spesialtilbodet er at desse studentane i tillegg får ei organisert forskaropplæring og driv eiga forsking med skriving av forskingsoppgåve som kan vere starten på ei doktoravhandling. Studentar som vel forskarlinja får eit medisinstudium på 7 år for A-kull og 7,5 år for B-kull.
Læringsutbyte
Nasjonalt overordnet læringsutbytte for profesjonsstudiet i medisin
Etter fullført studium har den nyutdannede legen medisinsk kunnskap, ferdigheter og generell kompetanse til å utøve legeyrket på en god, ansvarlig, reflektert og omsorgsfull måte, og har grunnlag for videre spesialistutdanning, forskning og livslang læring.
Kunnskap
Den nyutdannede legen
- har inngående kunnskap om det friske mennesket i alle aldre
- har inngående kunnskap om vanlige sykdommer, livstruende og akuttmedisinske tilstander og behandling av disse
- har inngående kunnskap om faktorer og tiltak som kan påvirke helse og sykdom
- kan anvende kunnskap om helsetjenestens oppbygging, verdier og normer, og bidra til gode pasientforløp
- kan anvende relevante etiske prinsipper og lovverk
- kan anvende vitenskapelige metoder og forstå sammenhengen mellom vitenskap og erfaringsbasert praksis, og betydningen av dette for yrkesutøvelsen
Ferdigheter
Den nyutdannede legen
- kan gjennomføre en medisinsk konsultasjon og kommunisere med pasienter og pårørende på en profesjonell og empatisk måte
- kan identifisere problemstillinger, gjennomføre diagnostikk, iverksette behandling og/eller forebyggende tiltak, samt oppfølging ved ulike sykdomsgrupper og tilstander i samarbeid med pasienten og ulike helseprofesjoner
- kan utøve ledelse i akuttmedisinske situasjoner der beslutningstaking, kommunikasjon og samarbeid med andre profesjoner kreves
- kan benytte ulike informasjonskilder som forskningsbasert kunnskap, klinisk erfaring og pasientens preferanser i kliniske resonnement og beslutninger
- kan foreta avveininger mellom medisinske og økonomiske forhold ved prioriteringer i klinisk og samfunnsmedisinsk arbeid
- kan analysere og iverksette ulike typer forebyggende og helsefremmende arbeid på individ-, gruppe- og samfunnsnivå
- kan handle forsvarlig ved sviktende kvalitet og kan bidra til forbedringsarbeid og pasientsikkerhet
- kan gjennomføre forskningsprosjekt under veiledning
- kan vedlikeholde og tilegne seg ny kunnskap for å opprettholde og øke sin kompetanse
Generell kompetanse
Den nyutdannede legen
- kan analysere faglige og etiske problemstillinger i utøvelse av helsearbeid
- kjenner grensene for egen faglig kompetanse, kan søke veiledning og ta hensyn til tilbakemeldinger
- opptrer respektfullt i møte med alle brukere og samarbeidspartnere
- kan kommunisere muntlig og skriftlig om helsefaglige problemstillinger, både med helsepersonell og allmennheten
- kan diskutere nasjonale og globale helseutfordringer
- kan bidra til nytenkning og innovasjon
Opptakskrav
Generell studiekompetanse og MEROD: Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) og Fysikk 1 og Kjemi 1 og 2
Tilrådde forkunnskapar
Gode kunnskapar i norsk munnleg og skriftleg er naudsynt for å kunne gjennomføre delar av profesjonsstudiet.
Innføringsemne
Examen Philosophicum, 10 studiepoeng.
Obligatoriske emne
Alle emnar er obligatoriske, og må gjennomførast i fastsett rekkefølgje. Det er ikkje mogleg å endre på utdanningsplanen eller rekkefølgja på eksamenane utan førehandsgodkjenning. Dei fleste emna i studiet har obligatorisk undervisning.
Oversikt over alle emna: https://www.uib.no/studier/PRMEDISIN/tabell
Tilrådde valemne
På profesjonsstudiet i medisin er det elektive periodar i 3.- 6. studieår. I elektiv periode kan studentar velje emnar etter interesse. For meir informasjon om elektive periodar https://www.uib.no/med/147776/elektiv-periode
Rekkefølgje for emne i studiet
Emna må gjennomførast i fastsett rekkjefølge. Det er ikkje mogleg å endre på utdanningsplanen eller rekkefølgja på eksamenane utan førehandsgodkjenning. Se fakultetets utfyllande regler til § 2-2 (2), § 7-3 (2) og § 8-2 (3) i UiBs studieforskrift.
Examen Philosophicum er obligatorisk, men er unnteke frå kravet om rekkefølgje. Examen Philosophicum må seinast vere bestått før studenten startar på 4. studieår.
Dersom ein student manglar bestått resultat i et emne etter ordinær eksamen og tilhøyrande kontinuasjonseksamen, blir studenten flytta ned til kullet under. Dette gjelder også om studenten har gyldig fråvær på ein av eller begge eksamenar.
Delstudium i utlandet
Studieopphald i utlandet kan vere nyttig for kommande legar. Det medisinske fakultet samarbeider med mange ulike lærestader om studentutveksling. Dette skjer i hovudsak innanfor faste nettverk som Nordplus og Erasmus+. UiB legg til rette for utvekslingsopphald under profesjonsstudiet, og anbefaler utveksling i semestera MED4, MED7, MED9 eller i fritermin. Ta kontakt med internasjonal koordinator ved fakultet for å høyre meir om kva ordningar som finst.
Arbeids- og undervisningsformer
Profesjonsstudiet i medisin har varierte undervisningsformer som stimulerer til studentaktiv læring; førelesingar, team-basert læring, case-basert læring, laboratoriekurs, seminar, praktiske øvingar, profesjonsgrupper, kliniske smågrupper og anna oppfølging i klinikk. Det er mykje obligatorisk undervisingsaktivitet, organisert dels som fellesaktivitetar, dels som gruppebasert opplegg.
Sjukehus, legekontor, legevakt, helsestasjon og sjukeheim inngår som faste undervisingsarenaer for hospitering og praksisopphald for medisinstudentar frå tidleg i studiet. Praksisopphald på samarbeidande sjukehus i Stavanger, Førde eller Haugesund er ein del av det obligatoriske studieopplegget i 4.-6. studieår, og fakultetet legg til rette for tilbod om hyblar og reisestønad.
Undervisningsmetodar
Profesjonsstudiet i medisin har varierte undervisningsformer som stimulerer til studentaktiv læring; førelesingar, team-basert læring, case-basert læring, laboratoriekurs, seminar, praktiske øvingar, profesjonsgrupper, kliniske smågrupper og anna oppfølging i klinikk. Det er mykje obligatorisk undervisingsaktivitet, organisert dels som fellesaktiviteter, dels som gruppebasert opplegg.
Sjukehus, legekontor, legevakt og sjukeheim inngår som faste undervisingsarenaer for hospitering og praksisopphald for medisinstudentar frå tidleg i studiet. Praksisopphald på samarbeidande sjukehus i Stavanger, Førde eller Haugesund er ein del av det obligatoriske studieopplegget i 4.-6. studieår, og fakultetet legg til rette for tilbod om hyblar og reisestønad.
Vurderingsformer
For å sikre at studentane har nødvendige kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse gjennomførast det ulike vurderingsformar gjennom hele studieløpet:
- Innleveringsoppgåver
- Mappevurdering
- Skriftleg skuleeksamen
- OSKE (Objektiv, strukturert, klinisk eksamen)
- Munnleg eksamen
- Digitale testar
- Rettleia oppgåver og ikkje-rettleia oppgåver
- Bestått på grunnlag av frammøte
- Lab-rapportar
- Praksis
- Klinisk prøve
Karakterskala
Emnar som inngår vert karaktersett med enten A-F eller bestått/ikkje bestått.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål vert utgjeven etter at graden er fullført. Vitnemål gir rett til å søkje Helsedirektoratet om autorisasjon som lege.
Grunnlag for vidare studium
Studentar kan etter fullført profesjonsstudiet i medisin søke seg vidare til doktorgradsstudie.
Relevans for arbeidsliv
Ved avslutta studium blir du autorisert som lege. For å kunne spesialisere deg må du ha gjennomført gjeldande turnusordning. Som lege kan du arbeide på sjukehus, som fastlege i primærhelsetenesta eller på andre område som krev medisinsk kompetanse. Du kan òg halde fram innan forsking og bidra til å betre livskvaliteten og helsa til store grupper i samfunnet i framtida.
Evaluering
Profesjonsstudiet i medisin blir kontinuerleg evaluert i tråd med retningslinjene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på https://www.kvalitetsbasen.uib.no.
Skikkavurdering og autorisasjon
Som utdanningsinstitusjon skal vi vurdere om du er skikka til å utøve yrket som helse- eller sosialpersonell. Vurderinga omfattar både faglege, pedagogiske og personlege føresetnader, og vil gå føre seg under heile utdanninga - jf. Forskrift om skikkethetsvurdering i høgare utdanning.
Studiet kvalifiserer for søknad om autorisasjon som lege etter fullført utdanning. Autorisasjon blir gitt av Helsedirektoratet.
Programansvarleg
Programutval for medisin har ansvaret for fagleg innhald, oppbygning og kvalitet i studieprogrammet.Administrativt ansvarleg
Det medisinske fakultet.
Kontaktinformasjon
Informasjonssenteret ved Det medisinske fakultet, sjå kontaktinformasjon.