Hjem
Utdanning

Namn på grad

Integrert masterprogram i energi (sivilingeniør)

Omfang og studiepoeng

Integrert masterprogram i energi (sivilingeniør) har eit omfang på 300 studiepoeng og er normert til 5 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Mål

Studieprogrammet i energi skal gi eit solid teoretisk fundament for å forstå eit breitt spektrum av problemstillingar innan energiressursar og energiforsyning. Programmet skal gi kandidatane evne til å setje energiforsyning og -bruk inn i eit globalt og nasjonalt perspektiv knytt til klima, miljø og samfunn. Eit overordna mål er å forstå dagens problemstillingar innan energiforsyning og vera særskilt godt rusta til å løyse utfordringar for å nå målet om berekraftig energi til alle.

Innhald

I studiet lærer du om energiressursar,- som vatn, vind, sol, bioenergi, samt fossil energi. Du vil lære om korleis dei ulike energikjeldene kan bli omforma og utnytta, om berekraft og klimaavtrykk, og korleis til dømes hydrogenteknologi og CO2-handtering kan bli tatt i bruk for å redusere CO2-utslepp.

Studiet introduserer også andre teknologiar, til dømes knytt til energi frå bølgjer, tidvatn og jordvarme.

Du vil lære om moglege utfordringar knytt til nye fornybare energikjelder som til dømes lagring og leveringstryggleik. Studiet gir deg kunnskap om teknologiske, samfunnsmessige og miljømessige konsekvensar ved bruk av ulike energikjelder. Etter fire semester med felles emne spesialiserer studentane seg innan ei av følgjande studieretningar: «vind- og havenergi», «reservoar og geoenergi», «energi- og prosessteknologi», «kjemiske energiløysingar» eller «modellering av energisystem». Valet tek du i fjerde semester.

Studiet gir deg solid kompetanse i grunnleggjande realfag og grunnlag til å følgje med og bidra i energiomstillinga. I tillegg får du breiddekunnskap som hjelper deg å setje energi inn i eit samfunnsperspektiv.

Studiet gir sivilingeniørkompetanse. Det betyr at du i tillegg til dei grunnleggjande realfaga får kunnskap innafor fag som programmering, innovasjon og miljøfag.

I studieprogrammet nyttar ein varierte arbeidsformer som førelesingar, seminar og gruppearbeid, laboratorieøvingar, praksisopphald i bedrift/ forskingsverksemd og ekskursjonar. Du vil bli rettleia i eit spesialisert masteroppgåveprosjekt over eitt år i slutten av studiet.

Læringsutbyte

Felles for studieprogrammet

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har solide, vitskapeleg funderte kunnskapar om ulike energiressursar, deira utnytting og ulemper
  • har kunnskap om etiske og samfunnsmessige tema knytt til energiproduksjon og bruk
  • har ein solid basiskunnskap i fag som matematikk, statistikk, fysikk, kjemi og informatikk som legg eit godt grunnlag for kontinuerleg oppdatering og utviding av kompetansen på energiområdet
  • har spesialisert kunnskap innan eitt felt slik som 1) Vind- og havenergi, 2) Reservoar og geoenergi, 3) Energi- og prosessteknologi, 4) Kjemiske energiløysingar eller 5) Modellering av energisystem.

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan, innan sitt spesialfelt, gjere avanserte analyser av til dømes ressursar og produksjon, nyttbar energi, systemverknad og miljøkonsekvensar
  • kan bruke moderne metodar innan fagfeltet og har evne til å sette seg inn i nye metodar
  • har kunnskap innan programmering og kan bruke programmeringsverktøy i analyser av energiløysingar
  • kan planleggje og gjennomføre eitt forskingsprosjekt saman med rettleiar, men med stor grad av sjølvstende
  • har evne til å sette seg inn i tilgrensande fagområde og samarbeide med spesialistar innan deira fagområde

Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan formidle idear, problem og løysningar både til spesialistar og ikkje-spesialistar ved hjelp av ulike teknikkar som omfattar kvalitativ og kvantitativ informasjon
  • kan arbeide sjølvstendig og kunne delta i team
  • kan bruke bibliotek og vitskapelege databasar til å hente inn relevant informasjon
  • kan samanfatte analysearbeid i ein skriftleg rapport i tråd med god vitskapeleg praksis.

Spesifikt læringsutbyte for kvar studieretning

Vind- og havenergi

Kunnskapar

Kandidaten

  • har kunnskap om meteorologi og oseanografi og kjenner til grunnleggande prinsipp for korleis energien i vind og hav kan bli utnytta
  • har innsikt i ulike metodar for å berekne energiressurser og omforming av energi frå vind og hav

Reservoar og geoenergi

Kunnskapar

Kandidaten

  • har grunnleggjande kunnskap om geologi og kan forklare eigenskapene til porøse medium og dei grunnleggjande fysiske omgrepa
  • forstår olje- og gass sin plass i noverande energiforsyning og veit korleis CO2-handtering kan bli nytta for å redusere CO2-utslepp
  • har kunnskap om eksperimentelt utstyr, måleinstrument og berekning av måleusikkerheit

Energi- og prosessteknologi

Kunnskapar

Kandidaten

  • kjenner til sentrale tema og kan beskrive prinsippa i væskemekanikk og varmeoverføring
  • har kunnskap om eksperimentelt utstyr, måleinstrument og berekning av måleusikkerheit

Kjemiske energiløysingar

Kunnskapar

Kandidaten

  • har kunnskap om kjemiske energiberarar, energimaterial, kjemisk energiomsetning og korleis kjemisk energi kan bli utnytta
  • kjenner til prinsippa bak grøn kjemi og korleis fornybare ressursar som karbondioksid og biomasse kan bli nytta i berekraftig og energieffektiv foredling og produksjon

Modellering av energisystem

Kunnskapar

Kandidaten

  • har god kunnskap om ulike typar simuleringsverktøy som kan nyttast til å studere energisystem
  • har grunnleggjande kjennskap til datavitskap, inkludert statistiske metodar, maskinlæring og stokastiske metodar
  • forstår korleis energirelevante rammevilkår av fysisk, teknologisk og økonomisk natur kan uttrykkjast matematisk
  • har kunnskap om algoritmar som kan handtere modellane og som kan brukast til å auke forståinga av energisystemet modellane representerer
  • kan utvikle praktiske, rekneeffektive implementasjonar av matematiske/statistiske modellar av energisystem, inkludert utforming av numeriske eksperiment

Opptakskrav

Generell studiekompetanse samt Matematikk R1 (eller Matematikk S1 og S2) og R2 og Fysikk 1.
Opptakskode: SIVING

Tilrådde forkunnskapar

Valemne "Teknologi og forskningslære" i videregåande skule vil vere relevant og nyttig, men ikkje eit krav.

Innføringsemne

EXPHIL-MNSEM og MAT111

Obligatoriske emne

Studiet har to komponentar: emnedel på 240 studiepoeng og individuell mastergradsoppgåve på 60 studiepoeng. Alle emne som berre er oppført med emnekode er obligatoriske. Masteroppgåva er eit sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar.

Tilrådd studieplan for studieretningane og spesialiseringane i studieprogrammet:

Studieplan for studieretning vind- og havenergi

10. semester (vår): ENERGI399I (masteroppgåve)

9. semester (haust): ENERGI399I (masteroppgåve)

8. semester (vår): Valemne - valemne - valemne

7. semester (haust): MAT212 - valemne (GEOF210 er tilrådd) - valemne

6. semester (vår): MAT131 - GEOF232 - GEOF110

5. semester (haust): GEOF105 - ENERGI240 - PHYS113

4. semester (vår): MAT121 - INNOV201 - EXPHIL-MNSEM

3. semester (haust): STAT110 - KJEM110 - ENERGI230

2. semester (vår): MAT112 - PHYS111 - ENERGI102

1. semester (haust): MAT111 - INF100 - ENERGI101

Studieplan for studieretning reservoar og geoenergi

10. semester (vår): ENERGI399I (masteroppgåve)

9. semester (haust): ENERGI399I (masteroppgåve)

8. semester (vår): Valemne - valemne -valemne

7. semester (haust): MAT212 - valemne - valemne

6. semester (vår): KJEM210 - ENERGI364 - GEOV261

5. semester (haust): ENERGI240 - GEOV101 - ENERGI261

4. semester (vår): MAT121 - INNOV201 - EXPHIL-MNSEM

3. semester (haust): STAT110 - KJEM110 - ENERGI230

2. semester (vår): MAT112 - PHYS111 - ENERGI102

1. semester (haust): MAT111 - INF100 - ENERGI101

Studieplan for studieretning prosess- og energiteknologi

10. semester (vår): ENERGI399I (masteroppgåve)

9. semester (haust): ENERGI399I (masteroppgåve)

8. semester (vår): Valemne - valemne - valemne

7. semester (haust): valemne - valemne - valemne

6. semester (vår): KJEM210 - PHYS114 - ENERGI251

5. semester (haust): PHYS112 - ENERGI240 - ENERGI257

4. semester (vår): MAT121 - INNOV201 - EXPHIL-MNSEM

3. semester (haust): STAT110 - KJEM110 - ENERGI230

2. semester (vår): MAT112 - PHYS111 - ENERGI102

1. semester (haust): MAT111 - INF100 - ENERGI101

Studieplan for studieretning kjemiske energiløysingar

10. semester (vår): ENERGI399I (masteroppgåve)

9. semester (haust): ENERGI399I (masteroppgåve)

8. semester (vår): Valemne - valemne - valemne

7. semester (haust): KJEM124 - valemne - valemne

6. semester (vår): KJEM120 - KJEM130 - KJEM210

5. semester (haust): ENERGI240 - KJEM203 - KJEM225

4. semester (vår): MAT121 - INNOV201 - EXPHIL-MNSEM

3. semester (haust): STAT110 - KJEM110 - ENERGI230

2. semester (vår): MAT112 - PHYS111 - ENERGI102

1. semester (haust): MAT111 - INF100 - ENERGI101

Studieplan for studieretning modellering av energisystem

10. semester (vår): ENERGI399I (masteroppgåve)

9. semester (haust): ENERGI399I (masteroppgåve)

8. semester (vår): valgemne - valemne - valemne

7. semester (haust): MAT212 - INF270 - INF264

6. semester (vår): STAT200 - INF101- MAT261

5. semester (haust): ENERGI240 - INF170 - MAT160

4. semester (vår): MAT121 - INNOV201 - EXPHIL-MNSEM

3. semester (haust): STAT110 - KJEM110 - ENERGI230

2. semester (vår): MAT112 - PHYS111 - ENERGI102

1. semester (haust): MAT111 - INF100 - ENERGI101

Tilrådde valemne

Valemna i 7. og 8. semester vert valt i samråd med rettleiar ut frå den konkrete masteroppgåva. Det er berre tillat med 10 studiepoeng på 100- nivå frå 7. semester, etter søknad til Programstyret.

Rekkefølgje for emne i studiet

Tilrådd rekkefølje for emna finn du under overskrifta «Obligatoriske emne».

Delstudium i utlandet

For utveksling er det mange relevante internasjonale universiteter som kan være aktuelle, bl.a. Danmarks Tekniske Universitet (DTU), Kungliga Tekniska Högskolan (KTH) i Stockholm og Carl von Ossietzky Universität Oldenburg.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga skjer i form av forelesingar, seminar, rekneøvingar, dataøvingar, laboratoriearbeid, kollokviegrupper, orakel, ekskursjonar og praksis i bedrift/forskingsverksemd. Detaljar om undervisningsformer for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emneskildringa.

Vurderingsformer

Vurderinga skjer i form av rapportar, skriftleg eksamen, munnleg eksamen og presentasjonar. Studiet blir avslutta med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og godkjend. Vurderingsformer for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emneskildringa.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F.
Karakterskala for kvart emne er omtalt i emneskildringa.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylt.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gjer grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).
For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.
Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.

Relevans for arbeidsliv

Kandidatar med mastergrad i energi er etterspurde. I samfunnet er det eit stort fokus på energiforsyning og energibruk i framtida. Å oppnå 2 gradars målet, FN sitt berekraftmål for 2030 og nasjonale utsleppsmål, er alle sterkt kopla til val av energikjelder og energibruk. Det er eit aukande behov for masterkandidatar med detaljert innsikt i ulike energispørsmål både i Norge og globalt.

I næringslivet skjer det ei rivande utvikling av arbeid med og oppgåver innan energifeltet. Kompetansen til sivilingeniører i energi kan for eksempel bli brukt i

  • energiselskap (som Equinor, Statkraft og Eviny)
  • energiteknologiselskaper
  • konsulentselskap (som StormGeo, Multiconsult)
  • investeringsselskaper (som Greenstat)
  • universiteter, høyskoler og forskningsinstitutter
  • transportbedrifter (som NCE Maritime Cleantech)
  • leverandørindustri (som Aker Solutions, Airbel, Kværner)

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Geofysisk institutt har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet viss du har spørsmål: energi-siving@uib.no