Hjem
Utdanning

Namn på grad

Bachelor i teatervitskap

Omfang og studiepoeng

Programmet er normert til 3-årig fulltidsstudium og 180 studiepoeng (sp.), normalt fordelt på 30 sp. innføringsemne, 90 sp. spesialisering og 60 sp. valfrie emne.

Fulltid/deltid

Programmet er organisert som eit fulltidsstudium. Etter avtale med studierettleiar kan heile eller delar av programmet takast på deltid, kor ein tar minimum 15 sp. (50 %) i semesteret.

Undervisningsspråk

Norsk eller anna skandinavisk språk. Engelsk ved behov.

Studiestart - semester

Haust

Mål og innhald

Mål

Bachelorprogrammet i teatervitskap gir ei grunnleggande og brei akademisk innføring i historisk og teoretisk forståing av teater og anna performativ kunst. Teatervitskap set studentane i stand til å forstå og analysere teater frå nåtid og fortid.

Innhald

Studiet omfattar emne om teaterhistorie, skodespelarkunst, dramaturgi, regikunst, estetisk teori, framsyningsanalyse og teaterkritikk. Studiet inneheld òg praksiselement som gir studentane kunnskapar og kompetanse om utøvande teater. Gjennom studiet lærer studentane å forstå og analysere teateret sine ulike element, korleis dei er samansett og samverkar i ei teaterframsyning og fungerer i møtet med publikum. Den samfunnsmessige samanhengen som teaterframsyninga er ein del av er òg viktig for teaterforståinga. Teaterframsyningar og teaterpraksisar blir gjennom studiet kontekstualisert i høve til samfunn og kultur i nåtid og fortid. Studiet gir ein grunnleggande forståing av tverrfaglege samanhengar mellom teater og andre kunst- og kulturuttrykk.

Læringsutbyte

Kandidaten skal ved avslutta program ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap
Kandidaten

  • har brei kunnskap om teateret si historie
  • har gode kunnskapar om skodespelarkunst, dramaturgi og regikunst
  • har grunnleggande kunnskapar om teaterteoriar og estetiske teoriar
  • har grunnleggande kunnskapar om teatervitskaplege analyse- og forskingsmetodar
  • har kunnskapar om faget si relevans for teaterproduksjon, historiografi, kritikk og formidling

Ferdigheiter
Kandidaten

  • kan lage ei akademisk tilfredsstillande utgreiing om eit emne innafor europeisk teaterhistorie
  • kan analysere ei teaterframsyning når det gjeld bruk av verkemiddel, dramaturgi og samfunnsmessig kontekst
  • kan lage ein dramaturgisk analyse av ein teatertekst
  • kan gi ei akademisk tilfredsstillande utgreiing om eit teaterteoretisk emne
  • kan finne og oppdatere eigne teaterkunnskapar og vurdere den teatervitskaplege relevansen av desse

Generell kompetanse
Kandidaten

  • har innsikt i etiske problemstillingar innafor humanistiske fag
  • kan formulere ei teatervitskapleg problemstilling og planlegge innsamling av litteratur og kjelder for drøfting av problemstillinga
  • kan drøfte faglege problemstillingar innan teaterforsking, praktisk teater og teaterpolitikk
  • kan drøfte tverrestetiske problemstillingar mellom teater og andre kunst- og kulturområde

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Gode leseferdigheiter i engelsk er ein føremon.

Innføringsemne

  • Examen philosophicum EXPHIL-HFSEM seminarmodellen (10 sp.) eller EXPHIL-HFEKS skuleeksamen (10 sp.)
  • EXFAC00AS Akademisk skriving (10 sp.)
  • DKT100 Introduksjon til kunst, teater og digital kultur (10 sp.)

Obligatoriske emne

Spesialisering

Bachelorprogrammet skal innehalde ei fagleg spesialisering på 90 studiepoeng. Spesialiseringa er sett saman av 60 studiepoeng på 100-nivå og 30 studiepoeng på 200-nivå. Spesialiseringa skal innehalde minimum ei sjølvstendig, rettleidd oppgåve med omfang på minimum 10 studiepoeng (bacheloroppgåve).

Tilrådde valemne

Studenten kan velje valemne eller såkalla frie studiepoeng i ein bachelorgrad, fritt blant alle emne ved Universitetet i Bergen så framt det er plass og studenten har opptaks- og forkunnskapskrava som gjeld for emnet. Ein kan også bruke emne ein har fullført tidlegare som frie studiepoeng i ein bachelorgrad. EXFAC00SK, EXFAC00AS og EXPHIL kan ikkje brukast som frie studiepoeng.

Snakk med studierettleiar om du er usikker på korleis du vil legge opp valemna dine. Ein tilrår generelt at studenten vel emne med tanke på si vidare utdanning eller yrkesplanar.

Rekkefølgje for emne i studiet

Studieløpet i bachelorprogrammet i teatervitskap kan til dømes sjå slik ut:

1. semester (haust)

  • Examen philosophicum (10 sp.)
  • EXFAC00AS - Akademisk skriving (10 sp.)
  • DKT100 - Introduksjon til kunst, teater og digital kultur (10 sp.)

2. semester (vår)

  • TEAT112 - Moderne teaterhistorie (15 sp.)
  • TEAT115 - Framsyningsanalyse og teaterkritikk (15 sp.)

3. semester (haust)

  • TEAT111 - Eldre teaterhistorie (15 sp.)
  • TEAT113 - Dramaturgi i teori og praksis (15 sp.)

4. og 5. semester (vår og haust)

6. semester (vår)

  • TEAT211 - Teaterestetikk og teaterteori (15 sp.)
  • TEAT252 - Teoribasert bacheloroppgåve eller TEAT253 Praksisbasert bacheloroppgåve (15 sp.)

Ei generell tilråding er at ein bør ha fullført 60 studiepoeng på 100-nivå før ein tar fatt på 200-nivå. Sjå tabell for detaljerte opplysingar om kvart emne. Snakk med studierettleiar om du treng råd rundt studieløpet ditt.

Delstudium i utlandet

Det er mogleg å ta delar av studiet i utlandet, og universitetet har utvekslingsavtalar med mange institusjonar over det meste av verda. Det er viktig at ein finn ein institusjon med eit fagtilbod som passar for den einskilde studenten, og valet av utanlandsopphald blir gjort i samråd med studierettleiaren.

Les meir om utveksling.

Sjå anbefalte utvekslingsavtalar for dette studieprogrammet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga omfattar førelesingar og ulike former som legg til rette for studentaktivitet: seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing. Informasjon om undervisningsform for kvart emne står i emneplanen.

Vurderingsformer

Vurderingsformene er hovudsakleg skriftleg og munnleg vurdering. Informasjon om vurderingsform for kvart emne står i emneplanen.

Karakterskala

Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:

1) Karakterskala A-F

2) Bestått/ikkje bestått

For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk, er å finne digitalt på www.vitnemalsportalen.no når krava til graden er oppfylt.

Grunnlag for vidare studium

Ein bachelorgrad gir mellom anna grunnlag for å søke opptak til masterprogrammet i same fagområde ved Universitetet i Bergen.

Relevans for arbeidsliv

Utdanningar ved Det humanistiske fakultet gir mange ulike moglegheiter i arbeidsmarknaden avhengig av kva for emne den einskilde studenten har i graden sin, men også kva for interesser og engasjement studenten har i tillegg til graden.

Bachelorprogrammet i teatervitskap gir både praktisk og teoretisk innføring i kva teater er og korleis det er viktig for samfunnet. Du får kompetanse i teaterhistorie, estetisk teori, dramaturgi i teori og praksis, munnleg og skriftleg arbeid med analyse og kritikk av scenekunst og andre performative uttrykksformer. Kompetansen er etterspurt i teaterinstitusjonar og det frie scenekunstfeltet, i offentleg kulturforvaltning, mediebransjen og innan undervisning og opplæring. Gjennom utdanninga får studentane høve til å knyte kontaktar med det utøvande scenekunstfeltet, som kan vere av stor nytte i høve til framtidig karriereutvikling.

Evaluering

Studentane, programstyret og ekstern fagfelle skal kontinuerleg evaluere emne og program i tråd med kvalitetssystem for utdanning ved Universitetet i Bergen. Tidlegare emne- og programevalueringar finn ein på www.kvalitetsbasen.uib.no

Skikkavurdering og autorisasjon

Programmet har ikkje krav om skikkavurdering eller autorisasjon.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for innhald, struktur og kvalitet i programmet og tilhøyrande emne.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studierettleiar.lle@uib.no
Tlf: 55 58 24 00