Studieplan for MAMN-MARFIFO Marinbiologi, fiskeribiologi og forvaltning, haust 2024
Namn på grad
Master i biologi - Marinbiologi, fiskeribiologi og forvaltning
Omfang og studiepoeng
Masterprogrammet i biologi har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Norsk/engelsk
Studiestart - semester
Haust, vår dersom ledige plassar
Mål og innhald
Marinbiologi, fiskeribiologi og forvaltning er ei spesialisering i masterprogrammet i biologi. Spesialiseringa har som mål å utdanne biologar med generell oversikt og kunnskap om: sentrale prosessar og typiske mønster i det marine økosystemet, flora og fauna i karakteristiske marine habitat, livshistorie og økologi hos fiskar og andre marine artar samt kunnskapar om oseanografi og marine økosystem, korleis utnytting og andre ytre og indre faktorar verker på dei levande ressursane i havet, og vanlege forskingsmetoder innan feltbasert, eksperimentell og teoretisk orientert forsking på marine økosystem.
Det sjølvstendige forskingsprosjektet kombinert med fordjupingskurs og spesialpensum gjev ein meir spesialisert og djuptgåande kunnskap om utvalde forskingstema og forskingsmetodar. Aktuelle fagområde for forskingsprosjekt er marin økologi, bærekraftig bruk av marine levende resurser, marin organismebiologi, biogeografi, populasjonsgenetikk, invasjonsbiologi, biosystematikk, fiskeribiologi, bestandsestimering, fiskeriforvaltning, samt evolusjonære problemstillingar basert på studiet av marine organismar.
Masterstudenten utviklar også generelle ferdigheiter i å definere, planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig forskings-/utgreiingsprosjekt, og å dokumentere og drøfte vitskaplege resultat gjennom ei skriftleg avhandling.
Læringsutbyte
Kunnskapar
- Forklare sentrale omgrep og fagtermar i biologi og marinbiologi.
- Beskrive typiske marine habitat med tilhøyrande flora og fauna.
- Kjenne til oseanografiske drivkrefter i marine system.
- Forstå interaksjonar mellom marine organismar og miljø, og tilpassingar hos marine organismar.
- Forstå dynamikken og strukturerande prosessar i marine populasjonar og artssamfunn.
- Kunnskap om korleis økologiske faktorar saman med fiskeri påverkar utviklinga av fiskestammane.
- Anvende marine forskningsmetodar og forstå deira avgrensinger og feilkjelder.
- Anvende fagkunnskap til å belyse og/eller løyse problemstillingar av forvaltingsmessig karakter.
Ferdigheiter
- Bruke grunnleggjande marinbiologiske metodar.
- Praktisk erfaring frå marin- og fiskeribiologisk arbeid i laboratoriet, i felt og på forskingsfartøy
- Utføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing, men med stor grad av sjølvstende og eige initiativ, og i tråd med forskingsetiske normer.
- Ferdighet til å måle størrelse på fisk og bestemme alder og modningsstatus.
- Handtere og presentere kvantitative data, samt vurdere tiltru til konklusjonar med bruk av grunnleggjande statistiske prinsipp.
- Analysere marinbiologiske problemstillingar og drøfte måtar å utforske desse på ved hjelp av relevant teori og metode.
- Hente inn, vurdere og ta i bruk ny kunnskap innanfor fagområdet.
- Analysere, tolke og drøfte eigne data på ein fagleg god og kritisk måte, og i lys av data og teoriar innan sitt fagområde.
Generell kompetanse
- Kunne følgje vitskaplege diskusjonar generelt og kunne vurdere innfallsvinklar og måtar å løyse problem på.
- Kunne gje ein god skriftleg og munnleg framstilling av vitskaplege tema og forskingsresultat.
- Kunne kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor biologi både med spesialistar og til allmennheita.
- Kunne reflektere over sentrale, etiske og vitskaplege problemstillingar i eige og andre sitt arbeid.
- Vise forståing og respekt for vitskaplege verdiar som det å vere nøyaktig, open, ærleg, objektiv, sakleg og å skilje mellom kunnskap og eigne meiningar.
Opptakskrav
Masterprogrammet i biologi byggjer på ein bachelorgrad i biologi eller beslekta fagområde. Søkjar må ha:
- bachelorgrad i biologi eller beslekta fagområde
- minst 60 studiepoeng i biologi
- minst 7,5 studiepoeng i kjemi m/laboratoriearbeid
- minst 7,5 studiepoeng i statistikk
- minst 7,5 studiepoeng i matematikk (dersom søkjar ikkje har Matematikk R2 frå vidaregåande skule)
Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:
- Bachelorgrad i biologi
- Bachelorgrad i berekraftig havbruk
- Bachelorgrad i miljø og ressursfag, naturvitskapleg retning, studieveg biologi
- Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:
Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du oppfyller opptakskravet som beskrive over.
Du må også ha:
- Karakterpoenget (karaktersnitt) må vere på minimum C i emna som inngår i opptakskravet
OBS! Ta kontakt med Studieseksjonen på studie.bio@uib.no dersom du har Bachelor i berekraftig havbruk eller Bachelor i miljø- og ressursfag frå UiB, då desse har andre emne i opptaksgrunnlaget.
Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med
- generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
- Språkkrav for tospråklege program
Tilrådde forkunnskapar
Emne i økologi og marin økologi, som BIO201 Økologi, BIO212 Marin samfunnsøkologi - Organismar og habitat, BIO213 Marin økologi, miljø og ressursar, SDG214 Liv i havet, BIO217 Mikrobiell økologi (eller tilsvarande)
Obligatoriske emne
Første semester høst
Andre semester vår
BIO225 (5 sp)
Valgemne (15 sp)* Velg minst en av følgende kurs:
SDG214, BIO201, BIO280, BIO356 , BIO217, BIO212, BIO339, BIO356
*obligatorisk med mindre emnet (eller tilsvarande) er tatt tidlegare. dersom det er tatt tidlegare bytt ut med valemne.
Tredje semester høst
BIO399 Masteroppgåve i biologi
Fjerde semester vår
BIO399 Masteroppgåve i biologi
Tilrådde valemne
BIO280 Fiskebiologi I - Systematikk og anatomi (10 sp, haust)
BIO299 Forskingspraksis i biologi (10 sp, haust/vår)
BIO301 Aktuelle tema i biodiversitet, evolusjon og økologi (10 sp, vår)
BIO302 Biostatistikk II (5 sp, vår)
BIO315 Utvalde mikrobiologiske emne (5 sp, vår) uregelmessig, dersom min. 5 studentar melder seg
BIO318 Aktuelle geobiologiske tema (10 sp, vår) uregelmessig, dersom min. 5 studentar melder seg
BIO332 Fylogenetiske metodar (5 sp, haust)
BIO340 Utvalde emne i fiskeri- og marinbiologi* (5 sp, vår/haust) uregelmessig, dersom min. 5 studentar melder seg
BIO382 Akvatisk matproduksjon (10 sp, haust)
LAS301 Kurs i forsøksdyrlære (6 sp, vår/haust)
LAS303 Kurs i forsøksdyrlære, spesialdel fisk (4 sp, vår)
MOL270 Bioetikk (10 sp, vår)
Matematikk- eller statistikkemne: sjå emneporteføljen til Matematisk institutt: https://www.uib.no/math/emner
Kjemiemne:sjå emneporteføljen til Kjemisk institutt: https://www.uib.no/kj/emner
Omfang masteroppgåva
Studiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan. Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Undervisningsforma for emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av førelesningar, laboratoriearbeid, seminar og gruppeundervising. Detaljar om emna finn du i emnebeskrivinga.
Delstudium i utlandet
Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.
Arbeids- og undervisningsformer
Studiet avsluttast med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent. Vurderinga på emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen, individuelle og gruppepresentasjonar, og diverse former for semesterarbeid. Vurderingsform for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Karakterskala
Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «Bestått/Ikke bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F. For masteroppgåva nyttast bokstavkarakter.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.
Grunnlag for vidare studium
Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad). For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga ved UiB må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre. Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.
Relevans for arbeidsliv
Mange marin- og fiskeribiologar jobbar innan natur-, miljø- og ressursforvalting, forsking, havbruk, skuleverk, industri, miljøorganisasjonar og i medie- og konsulentverksemder. Studiet skal gi eit godt grunnlag for arbeid innan offentleg forvalting, næringsliv, skuleverk og for vidare doktorgradsstudium innan marinbiologi, fiskeribiologi og forvaltning, og tilgrensande fagfelt.
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på Studiekvalitetsbasen.
Programansvarleg
Programstyret ved Institutt for biovitenskap har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet.
Adminstrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved Institutt for biovitenskap har det administrative ansvaret for programmet.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studie.bio@uib.no