Hjem
Utdanning

Studieplan for MAMN-BIOMILJ Miljøtoksikologi, haust 2024

Namn på grad

Master i biologi - Miljøtokskologi

Omfang og studiepoeng

Masterprogrammet i biologi har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningsspråk

Engelsk

Studiestart - semester

Haust (hovudopptak) & Vår (suppleringsopptak, dersom ikkje alle plassar er fylte)

Mål og innhald

Miljøtoksikologi er ei spesialisering i masterprogrammet i biologi.

Miljøtoksikologi er studiet av miljøgifter sin verknad på ulike organismar. Miljøtoksikologi er eit tverrfagleg forskingsfelt som krev brei kunnskap i matematikk, kjemi, biologi og molekylærbiologi.

Kunnskap i kjemi er viktig for å forstå korleis stoffa sine kjemiske eigenskapar påverkar spreiing, fordeling og opptak i organismar. Kunnskap i biologi er viktig for å forstå korleis ulike organismar sin fysiologi og levesett avgjer eksponeringsgrad og sårbarheit, og korleis effektar på ulike artar kan påverke forplanting og vekst, ja til og med heile økosystem. Den molekylærbiologiske kunnskapen er viktig for å få innsikt i dei mekanismane som avgjer verkemåten til stoffa og effekten på fundamentale livsprosessar som reproduksjon, metabolisme og vekst. Cellebiologiske og molekylærbiologiske metodar er sentrale i denne forskinga, saman med bioinformatiske analyser av endringar i transkriptom og proteom hos studieorganismane.

Forskinga spenner frå studier av hormonforstyrrande stoff si evne til å aktivisere kjernereseptorer i cellekulturar, til undersøkjingar av spreiing av miljøgifter og biologiske effektar i felt- og dyreforsøk. Aktuelle modellsystem er Oikopleura, torsk, stingsild, sebrafisk, laks, sel, isbjørn, mus og menneske.

Målsettinga med studiet er å gje studentane brei innsikt i faget miljøtoksikologi og forskinga på feltet, og ei god forståing for aktuelle problemstillingar innan faget og faget si rolle i samfunnet. Mastergraden skal gjere studenten skikka til å gå inn i eit breitt utval stillingar der kunnskap om miljøgifter og miljøtoksikologi er relevant.

Du kan finne meir informasjon om Institutt for biovitenskap si forsking innan miljøtoksikologi og mulige masteroppgåver på nettsidene til forskingsgruppa Miljøtoksikologi: www.uib.no/fg/toks

Læringsutbyte

Etter gjennomgått program har kandidaten:

Kunnskapar

  • Forstå faget i samfunnet
  • Forstå den biologiske basisen for faget miljøtoksikologi
  • Ha kunnskap om miljøgifter og deira evne til å forårsake biologiske effektar i organismen og miljøet

Ferdigheiter

  • Kandidaten skal ha godt vitskapleg funderte ferdigheiter i miljøtoksikologi
  • Kjenne dei vitskaplege arbeidsmåtane og beherske relevante analystiske metodar
  • Kunne gjennomføre eit vitskapleg prosjekt, i samsvar med vitskapleg metode og gjeldande praksis
  • Kunne tolke, diskutere og formidle forskingsresultat og metodar i eige prosjekt
  • Bruke vitskapleg arbeidsmetodikk og nytte moderne metodar.
  • Kunne hente inn, analysere og anvende ny kunnskap innan fagområdet
  • Handtere og presentere kvantitative data, drøfte presisjon og nøyaktigheit og nytte dei mest grunnleggjande statistiske prinsippa

Generell kompetanse

  • Kunne arbeide sjølvstendig og i team med omfattande og krevjande faglege oppgåver
  • Presentere, munnleg og skriftleg, vitskaplege resultat basert på analyser, sett i samanheng med eksisterande forskingsresultat også til ikkje-spesialister
  • Kunne diskutere faget i samfunnsdebatten
  • Kunne analysere generelle biologiske vitskaplege problemstillingar og kunne delta i diskusjon om innfallsvinklar og måtar å løyse problem på
  • Kunne arbeide i tråd med vitskaplege prinsipp og ha forståing og respekt for openheit, presisjon, etterrettelighet og betydninga av å skille mellom kunnskap og meiningar.

Opptakskrav

Masterprogrammet i biologi byggjer på ein bachelorgrad i biologi eller beslekta fagområde. Søkar må ha:

  • bachelorgrad i biologi eller beslekta fagområde
  • minst 60 studiepoeng i biologi
  • minst 7,5 studiepoeng i kjemi m/laboratoriearbeid
  • minst 7,5 studiepoeng i statistikk
  • minst 7,5 studiepoeng i matematikk (dersom søkjar ikkje har Matematikk R2 frå vidaregåande skule)

Bachelorgrad frå UiB som kvalifiserer:

  • Bachelorgrad i biologi
  • Bachelorgrad i berekraftig havbruk
  • Bachelorgrad i miljø og ressursfag, naturvitskapleg retning, studieveg biologi

Eksterne bachelorgrader som kvalifiserer:

  • Andre bachelorgradar kan kvalifisere dersom du oppfyller opptakskravet som beskrive over.

Du må også ha:

  • Karakterpoenget (karaktersnitt) må vere på minimum C i emna di opptakskravet for å formelt kunne kvalifisere til opptak.

OBS! Ta kontakt med Studieseksjonen på studie@bio.uib.no dersom du har Bachelor i berekraftig havbruk eller Bachelor i miljø- og ressursfag frå UiB, då desse har andre emne i opptaksgrunnlaget.

Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med

Tilrådde forkunnskapar

Vi tilrår at du har ein god bakgrunn i biologi, kjemi og molekylærbiologi, og særleg at du har emne som gjer god laboratorietrening. Eit eller fleire emne i toksikologi, miljøkjemi, molekylærbiologi og fysiologi er tilrådd. Blant aktuelle biologiemne er t.d. BIO216, BIO280, BIO291, BIO206.

Obligatoriske emne

STUDIESTART: HAUST

1. semester (Haust):

  • BIO300A Akademisk skriving (5 sp)
  • BIO300B Biostatistikk (5 sp)
  • Valemne (20 sp)

2. semester (Vår):

  • BIO216 Toksikologi* (10 sp)
  • BIO316 Utvalde emne i miljøtoksikologi** (5 sp)
  • Valemne (15 sp)

3. semester (Haust):

  • BIO399 Masteroppgåve i biologi (30 sp)

4. semester (Vår):

  • BIO399 Masteroppgåve i biologi (30 sp)

*Obligatorisk med mindre emnet (eller tilsvarande) er tatt tidlegare. Dersom det er tatt tidlegare, bytt ut med valemne.

**BIO316 kan bli arrangert anten 1. semester (haust) eller 2. semester (vår), då emnet blir arrangert samtidig med ein toksikologikonferanse. BIO316 kan også bli erstatta av AT-330 Arctic Environmental Toxicology, eit emne arrangert ved Universitetssenteret på Svabard (UNIS).

STUDIESTART: VÅR

1. semester (Vår):

  • BIO216 Toksikologi* (10 sp)
  • BIO316 Utvalde emne i miljøtoksikologi** (5 sp)
  • Valemne (15 sp)

2. semester (Haust):

  • BIO300A Akademisk skriving (5 sp)
  • BIO300B Biostatistikk (5 sp)
  • Valemne (20 sp)

3. semester (Vår):

  • BIO399 Masteroppgåve i biologi (30 sp)

4. semester (Haust):

  • BIO399 Masteroppgåve i biologi (30 sp)

*Obligatorisk med mindre emnet (eller tilsvarande) er tatt tidlegare. Dersom det er tatt tidlegare, bytt ut med valemne.

**BIO316 kan bli arrangert anten 1. semester (vår) eller 2. semester (haust), då emnet blir arrangert samtidig med ein toksikologikonferanse. BIO316 kan også bli erstatta av AT-330 Arctic Environmental Toxicology, eit emne arrangert ved Universitetssenteret på Svabard (UNIS).

Tilrådde valemne

Anbefalte valemne:

Anbefalte valemne ved Universitetssenteret på Svalbard (UNIS):

*Det obligatoriske emnet BIO316 Utvalde emne i miljøtoksikologi kan bli erstatta av AT-330 Arctic Environmental Toxicology.

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva er på 60 studiepoeng.

Krav til progresjon i studiet

Masterstudiet er normert til 2 år. Masteroppgåva skal leverast innan ein fastsett dato, normalt 1.juni (opptak haust) og 1.november (opptak vår).

Delstudium i utlandet

Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.

Arbeids- og undervisningsformer

Studiet vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Rettleiar skal gi råd om formulering og avgrensing av emne og problemstilling for oppgåva, litteratur, fagleg innhald, arbeidsopplegg og framdriftsplan. Masteroppgåva er et sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar. Undervisningsforma for emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av førelesningar, laboratoriearbeid, seminar og gruppeundervising. Detaljar om emna finn du i emnebeskrivinga

Vurderingsformer

Studiet blir avslutta med ein munnleg mastergradseksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent. Vurderinga på emna i masterstudiet skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen, individ- og gruppepresentasjoner, og diverse former for semesterarbeid. Vurderingsform for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Karakterskala

Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F.

For masteroppgåva nyttas bokstavkarakter.

Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.

Vitnemål og vitnemålstillegg

Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.

Grunnlag for vidare studium

Masterstudiet gir grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).

For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga ved UiB må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.

Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.

Relevans for arbeidsliv

Toksikologer og miljøtoksikologer jobber innen forskning, undervisning, forvaltning, helsevesen og i industrien. Særlig innenfor helse- miljø- og sikkerhetsarbeidet (HMS) i virksomhetene er miljøtoksikologisk kompetanse viktig. Studiet gir også godt grunnlag for videre doktorgradsstudium innen fagfeltet eller nært beslektede disipliner.

Evaluering

Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for biovitenskap har ansvar for fagleg innhald, oppbygging av studiet og kvaliteten på studieprogrammet. Kontakt instituttet: studie@bio.uib.no

Adminstrativt ansvarleg

Institutt for biovitenskap har ansvar for studieprogrammet. Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål på epost: studie@bio.uib.no

Kontaktinformasjon

Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: studie@bio.uib.no