Studieplan for MAMN-INF Informatikk, master, 2 år, haust 2024
Namn på grad
Master i informatikk
Omfang og studiepoeng
Masterprogrammet i informatikk har eit omfang på 120 studiepoeng og er normert til 2 år.
Fulltid/deltid
Fulltid
Undervisningsspråk
Engelsk
Studiestart - semester
Haust og vår.
Mål og innhald
Ferdige kandidatar skal ha fått solide vitskapleg funderte kunnskapar og kompetanse i informatikk. Dei skal ha fått ei god innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og trening i sjølvstendig arbeid med omfattande og krevjande faglege oppgåver. Du vil ha utvikla spisskompetanse innan eitt fagområde samt god oversikt over andre fagområde.
Kandidaten søkjer på ei av desse studieretningane innanfor masterprogrammet i informatikk:
- Algoritmer
- Bioinformatikk
- Logikk
- Maskinlæring
- Optimering
- Datasikkerhet, sikker og pålitelig kommunikasjon
- Visualisering
- Fagformidling
For informasjon om læringsutbytte og mål og innhald, sjå i lenka til studieretningane.
Læringsutbyte
Kandidaten skal ved avslutta program ha oppnådd følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
- har brei kunnskap innan informatikk og har spesialisert innsikt innan tema for masteroppgåva si.
- har grundig kjennskap til teori og metodikk som blir nytta innan informatikk.
- kan anvende disse kunnskapane til å løyse problem i nye kontekstar.
- kan analysere problemstillingar innan informatikk basert på kunnskap, teknologi og relevans i samfunnssamanheng.
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan analysere og handsame ulike informasjonskjelder på ein kritisk måte og bruke dei til å strukturerer og formulere resonnement.
- kan bruke relevante forskings- og arbeidsmetodar innan informatikk på ein sjølvstendig måte.
- kan utføre forskings- eller utviklingsprosjekt i samsvar med normer for forskingsetikk.
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan analysere forskingsretta og profesjonsretta etiske problem innan informatikk.
- kan anvende kunnskapane og ferdigheitene sine på nye område innan informatikk for å gjennomføre avanserte oppgåver og prosjekt.
- kan kommunisere akademiske problemstillingar, analyser og konklusjonar innan informatikk, både med spesialistar og ålmenta.
- kan bidra til nytenking og innovasjonsprosessar.
Opptakskrav
Spesifikke opptakskrav for studieretningane
Masterprogrammet i informatikk har syv studieretningar med spesifikke opptakskrav. Sjå under studieretninga.
Du må også ha:
- ein snittkarakter på minimum C i emna du får opptak på grunnlag av.
- Språkkrava i både norsk og engelsk for dette studieprogrammet dekker du med generell studiekompetanse, anten på grunnlag av norsk vidaregåande skule eller på annan måte.
- Språkkrav for tospråklege program
Tilrådde forkunnskapar
Sjå opptakskrav.
Obligatoriske emne
Studiet har to komponentar; emnedel og mastergradsoppgåve. Den samla arbeidsmengda skal vere 120 studiepoeng.
Emnedelen
Emnet INF234 Algoritmer er obligatorisk. Dei andre emna skal vere på 200- eller 300- tals nivå, og vil avhenge av valgt studieretning/spesialiering, og tema for masteroppgåva.
Emne og eventuelt spesialpensum skal veljast i samarbeid med rettleiar for å gje eit godt grunnlag for å arbeide med masteroppgåva.
Masteroppgåva
Masteroppgåva skal vere eit forskingsbasert arbeid. Det krev at studenten har tileigna seg solide kunnskapar innan fagområdet.
I løpet av 1. semester skal studenten ha funne seg ein rettleiar. Saman med denne skal han/ho bestemme eit tema for oppgåva og lage ei framdriftsplan med oversikt over emne og milepælar i arbeidet med oppgåva.
Hovudforma for masteroppgåva er lang oppgåve med ei arbeidsmengde tilsvarande 60 stp, men det finnes visse moglegheitar for å velje kort oppgåve på 30 stp. Den lange oppgåva må leverast innan utløpet av dei 2 åra masterstudiet varer. Kort oppgåve skal gjennomførast i siste semesteret og må leverast seinast 6 månader etter start.
Masteroppgåva: INF399 Masteroppgåve i informatikk er på 60 studiepoeng. Studenten kan i samrå med rettleiar velje å skrive ei oppgåva på 30 studiepoeng og utvide emnedelen tilsvarande. Masteroppgåva skal leverast innan ein fast frist i slutten av fjerde semester, 20. november eller 1. juni.
Tilrådde valemne
Avhenger av valt studieretning
Rekkefølgje for emne i studiet
Avhenger av valt studieretning
Delstudium i utlandet
Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen.
Arbeids- og undervisningsformer
Undervisninga skjer i hovudsak i form av førelesningar og grupper. Undervisningsformer for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Masteroppgåva er eit sjølvstendig vitskapleg arbeid, som vert gjennomført under rettleiing av fagleg rettleiar.
Vurderingsformer
Vurderinga skjer i hovudsak i form av skriftleg og munnleg eksamen. Vurderingsformer for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Studiet avsluttast med ein presentasjon av masteroppgåva kombinert med ein munnleg eksamen etter at masteroppgåva er levert inn, vurdert og blitt godkjent.
Karakterskala
Ved UiB er det to typar karakterskalaer: «bestått/ikkje bestått» og bokstavkarakterar på skalaen A-F.
For masteroppgåva nyttas bokstavkarakter.Karakterskala for kvart emne som inngår i masterprogrammet er omtalt i emnebeskrivinga.
Vitnemål og vitnemålstillegg
Vitnemål på norsk med vitnemålstillegg (Diploma supplement) på engelsk vert utstedt når krava til graden er oppfylte.
Grunnlag for vidare studium
Masterstudiet gjev grunnlag for opptak til forskarutdanninga (ph.d.-grad).
For å vere kvalifisert for opptak til forskarutdanninga må gjennomsnittskarakterane på emna i spesialiseringa i bachelorgraden, emna i mastergraden samt masteroppgåva vere C eller betre.
Ein må normalt vere tilsett i ei stilling som stipendiat for å få opptak.
Relevans for arbeidsliv
IKT blir i stadig aukande grad ein basisteknologi i all næringsverksemd og forvalting, og våre kandidatar er svært etterspurde til å vedlikehalde og utvikle IT-system. Mange får seg også jobb innan IT-industrien eller innan forsking og høgare utdanning.
Evaluering
Masterprogrammet vert kontinuerlig evaluert i tråd med retningslinene for kvalitetssikring ved UiB. Emne- og programevalueringar finn ein på kvalitetsbasen.uib.no
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for naturvitskap og teknologi ved institutt for informatikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med studierettleiar på programmet dersom du har spørsmål: Studieveileder@ii.uib.no
Tlf 55 58 42 00