Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Akademisk Morgenkaffe

Berekraftig småfisk og global matsikkerheit

Ei samtale med professor Ragnhild Overå frå Institutt for geografi.

Hovedinnhold

Småfisk som sild, ansjos og sardinar er den mest berekraftige og næringsrike sjømaten, men er undervurdert i strategiar for global matsikkerheit og helse. Småfisk har lavt miljø- og karbonavtrykk, gir inntekter og næringsrik mat i låginntektsland. Samstundes er det aukande konkurranse om småfisken til industriell framstilling av fiskemjøl/olje – ein viktig ingrediens i laksefôr og Noreg som toppimportør i verda – med følgjer for global matsikkerheit. Spørsmålet er då: Korleis kan vi framsnakke småfisken og sikre berekraftig og rettvis utnytting av denne verdifulle matressursen?

Ragnhild Overå, professor ved Institutt for geografi, har lang fartstid innan forsking på fiskeri, kjønn, handel og matsikkerheit i Afrika. Ho vil snakke om to nye prosjekt ‘SmallFish4Food: Small fish for food and nutrition security in Africa’ og ‘SmallFishClim: Reimagining Food Systems for Climate Change Adaptation, Mitigation, and Social Justice’  

Her kan du sjå video om den tverrfaglege forskinga prosjekta byggjer på https://smallfishfood.org/ 

Kvar onsdag ynskjer SV-fakultetet alle ansatte og studenter velkommen til spennande diskusjoner i SV-bygget! Akademisk Morgenkaffe er ein uformell arena kor ein av fakultetets forskare blir invitert til å presentere arbeidet sitt i samtale med dekanen og publikum. Me kan love ein god start på dagen med noko varmt i koppen, fagleg påfyll og diskusjoner, enten du er ansatt eller student! Akademisk Morgenkaffe er ei gyllen anledning til å bli kjent med forskinga som blir gjort på fakultetet, og for å starte samtaler på tvers av instituttene.

Kaffi vert servert 09:00, og samtalen starter 09:15.

Ikkje noko påmelding.

Les mer om Akademisk Morgenkaffe, og se kommende arrangementer her