TVEPS i BT: «Nybrottsarbeid på tvers av helsefag»
Søndag 30.11.14 skrev BT om studentar frå 13 ulike helsefagutdanningar som verte sendt ut på sjukeheimar for å lære av og om kvarandre sine fag.

Hovedinnhold
I avisartikkelen skildrar nestleiar for prosjektet Reidun Kjome prosjektet som eit skikkeleg vinn-vinn prosjekt. «Det spesielle er at ein involverer så mange fag og utredar verkelege sjukeheimspasientar som har jo kompliserte og samansette sjukdomsbileter». Avdelingsleiar ved Fyllingsdalen sjukeheim Anette Daar skildrar at for dei er det kjempebra at pasientane får ein slik grundig og heilhetlig gjennomgang då fleire av desse faggruppene er sjeldan eller aldri innom dørene på sjukeheimen. Vernepleiarstudent og deltakar i haustens TVEPS-praksis Madeleine Amsrud understreker at studentane lærer om og av kvarandre. «I gruppa er vi aleine i faget vårt og må stole på eigen kompetanse. Samtidig opplever eg at vi alle ser pasienten frå forskjellige synsvinklar. Resultat må vere det beste frå forskjellige verdnar».
Les artikkelen i BT: Nybrottsarbeid på tvers av helsefag