Ulike typar emne – kva kan du ta?
UiB har ulike type emne med forskjellige opptakskrav. Her finn du informasjon om dei ulike emnetypane, kven som kan søke, og fristar og prosedyrer for å melde deg opp eller søke plass.
Hovedinnhold
Emne er byggeklossane i eit studieprogram. Nokre emne er berre for studentane på visse studieprogram. Andre emne er opne for alle studentar ved UiB eller søkjarar utanfrå, etter nærmare bestemte kriterium.
Det akademiske studieåret er delt inn i to semester. Som fulltidsstudent skal du ta emne som til saman utgjer 30 studiepoeng kvart semester. Emna varierer i storleik, og er normalt mellom 5 og 30 studiepoeng. Det vil difor variere kor mange emne du skal ta kvart semester.
Emne for deg som er UiB-student
Lukka emne
Dette er emne som berre er tilgjengelege for studentar som er tekne opp ved visse studieprogram. I enkelte tilfelle kan andre UiB-studentar søke om midlertidig studierett til å ta eit lukka emne.
Les meir om dette hos
Opne emne
Emne som er tilgjengelege for alle studentar ved UiB som har studierett på eit studieprogram. Dette er emne du kan velge å ta som frie studiepoeng i studieprogrammet ditt, eller i tillegg. Du melder deg på desse emna i Studentweb, i samband med semesterregistrering kvart semester.
Temabaserte, opne emne
UiB har utvikla fleire emnepakker innan aktuelle tema, som er tilgjengelege for alle UiB-studentar med studierett på eit studieprogram, på lik linje med øvrige opne emne:
DIGI-emne
Emnepakke med fleire små emne som skal gje digital forståelse, kunnskap og kompetanse.
Berekraftsemne
Emne som omhandlar FNs berekraftsmål.
Emne for deg som ikkje er UiB-student frå før
Enkeltemne
Emne som du kan søke på, sjølv om du ikkje er UiB-student frå før. Dette er emne på bachelornivå der vi har ledige plassar etter at eksisterande studentar har gjort sine val. Du må ha generell studiekompetanse for å kunne søke på desse. For nokre emne er det også krav om ytterlegare forkunnskapar.
Spesialemne i jus
Det er mogleg å søke plass på visse spesialemne i jus. Sjå særskilde opptaksprosedyrar og fristar for opptak til spesialemne ved Det juridiske fakultet.
Ta emne som hospitant
Om du er student ved ein annan utdanningsinstitusjon i Noreg, kan du enten søke på eit ledig enkeltemne som beskrive over, eller søke direkte til eit av våre fakultet om å få ta eit emne som hospitant.
Vidareutdanningsemne, nettstudium og deltidsstudium
Nokre emne på bachelor-/masternivå er særskild tilrettelagde for deg som ynskjer å ta vidareutdanning på deltid, enten samlingsbasert eller som nettstudium. Desse vil i mange tilfelle vere betalingsstudium, i motsetning til ordinære studium. Det er også eigne søknadsfristar og -prosedyrar for å søke opptak til desse.