Hjem
Studentsider

Søknadsweb - instruksjonar

Søknad om utveksling skjer online gjennom Søknadsweb. Søknadsfristen 1. februar er for utreise i påfølgande haustsemester (+ ev. vårsemester). Søknadsfristen 25. august er for utreise i påfølgande vårsemester.*

Hovedinnhold

* Det juridiske fakultet organiserer fristane 1. februar og 25. august på ein litt annan måte for sine utvekslingsavtalar - les meir om det her

For å leggje inn ein søknad i Søknadsweb må du følgje desse to trinna:

  1. I databasen over utvekslingsavtalar leiter du fram avtalane du ønsker å søke deg ut på og notere deg koden til Søknadsweb. Du kan legge inn inntil fem avtalealternativ. Vi anbefaler at du går inn på dei enkelte universiteta sine nettsider og ser på emnetilbodet, slik at du veit at dei har eit relevant emnetilbod for deg.
     
  2. Gå til Søknadsweb, opne søknaden og legg inn søknadsalternativa dine.

    Fyll elles ut det du blir beden om og trykk på OK Lagre (då vert søknaden sendt).

Du skal ikkje laste opp nokon dokument i Søknadsweb!
NB! Dersom du er inaktiv i 10 minutt må du logge inn på nytt. Du bør difor ha det meste klart før du opnar Søknadsweb.

 Kva skal merknadsfeltet brukast til?

  • Her skriv du om språkkunnskaper (gjeld ikkje engelskspråklege studier) og kort om fagval/korleis delstudiet skal inngå i UiB-graden din, til dømes om du skal ta frie studiepoeng eller spesialiseringsemne.

Når søknaden er sendt, vil du få tilsendt ein kvittering på epost som fortel deg litt om den videre prosessen. Du kan gå inn og endre på søknaden fram til søknadsfristen.

Hugs på at levering av søknaden i Søknadsweb berre er fyrste steg i søknadsprosessen. Dersom du vert innstilt av UiB til å søkje om å reise på utveksling, er neste steg i prosessen å søkje om opptak til den aktuelle lærestaden ute i verda. Du vil få informasjon og hjelp av UiB til å gjere dette.

Har du spørsmål angåande Søknadsweb kan du kontakte studierettleiar ved ditt institutt/fakultet, eller du kan sende ein epost til utveksling@uib.no.