Norsk som andrespråk - Prismestudiet
Treng du meir kompetanse i norsk som andrespråk? Ved UiB kan du ta inntil 35 studiepoeng som nettstudium på deltid. Framleis nokre ledige plassar på emnet som skal gå våren 2025.
Hovedinnhold
- Korleis er det for ein innflyttar til Noreg å lære seg norsk språk?
- Kvifor slit så mange med å få til dei same språktrekka, og kor mykje har morsmålet deira å seie for språklæringa?
- Korleis kan ein som lærar undervise i norsk på ein best mogleg måte?
- Kva er beste framgangsmåten for å teste og vurdere andrespråks- og framandspråksferdigheiter?
Prismestudiet er eit reint nettstudium i norsk som andrespråk som består av to separate emne på 15 + 15 studiepoeng, eitt emne om hausten og eitt emne om våren. I tillegg tilbyr vi også eit separat emne på 5 studiepoeng i Testing og vurdering av språkferdigheiter.
MERK: Dei to emna NORAN 602 og NORAN 604 vil til saman dekke kompetansekravet på 30 studiepoeng i norsk som andrespråk, for deg som underviser i norsk etter den nye integreringslova og integreringsforskrifta.
Vi tilrår at du har teke NORAN 602, før du tek til på NORAN 604. Dersom du startar på Prismestudiet med våremnet NORAN 604 tilrår vi at du har- eller skaffar deg grunnleggjande kunnskapar om norsk grammatikk før du startar.
Korleis er undervisninga lagt opp?
All undervisning foregår via læringsplattforma Mitt UiB, der kvart av emna har si eiga emneside. Her finn du mellom anna undervisningsvideoar, podkastar, øvingsoppgåver og lenker til pensumlitteratur.
Alt fagstoffet er organisert i modular som byggjer på kvarandre. Du kan velge å følge tilrådd progresjon eller jobbe i ditt eige tempo, modul for modul. Dette gjev deg stor grad av fleksibilitet slik at du kan legge opp studiekvardagen slik det passar best for deg. Det vil vere fleire øvringsoppgåver tilgjengeleg som du kan jobbe med på eiga hand i eige tempo, i tillegg til ei større obligatorisk oppgåve som skal leverast inn i løpet av semesteret.
Vi legg til rette for studentaktiv læring og oppmodar studentane til å organisere eigne arbeidsgrupper for samarbeid, diskusjonar og erfaringsdeling. Her kan ein nytte til dømes chat-funksjonen i læringsplattforma Mitt UiB eller via Microsoft Teams. Rettleiing vil bli gitt. Faglærar inviterer også til faste videomøter gjennom semesteret.
Les meir om kvart av emna:
NORAN 602 Norsk som andrespråk (haust)
Emnet gjev ei grunnleggjande innføring i moderne norsk språk, som omfattar fonologi, morfologi, syntaks og vokabular. Desse språklege nivåa vert studerte i eit andrespråksperspektiv, så jamvel om norsk språk er i hovudfokus, har emnet eit allmennlingvistisk, språklæringsteoretisk og språkdidaktisk tilsnitt.
Undervisningsplan hausten 2024
I tillegg til sjølvstudier via læringsplattforma Mitt UiB vil det vere nettmøter med faglærar til faste tidspunkt, omlag 4 gonger i løpet av semesteret.
Studiestart og digitalt oppstartsmøte | 14. august kl. 18-19 |
Forelesningar 4 onsdagar | 4. og 25. september, 16. oktober, 13. november. Alle dagane kl. 1800-1930 |
6-timars skriftleg, digital heimeeksamen | 27. november |
Undervisningsplan for hausten 2025 vil bli fastsett i løpet av våren.
NORAN 609 Testing og vurdering av språkferdigheiter (haust)
Dette emnet er på 5 studiepoeng og rettar seg mot deg som arbeider med testing og vurdering av andrespråks- og framandspråksferdigheiter, eller med undervisning og andrespråkslæring og vil lære meir om testing og vurderingsmetodar.
Emnet handlar i all hovudsak om generelle prinsipp for testing av andrespråk- og fremmedspråksferdigheiter, uavhengig av om språkinnlæraren er vaksen eller barn. Emnet tek også opp etiske problemstillingar knytte til språktesting og testing i høve til fleirspråklegheit. Temaa og problemstillinga som blir tekne opp, vil vera overførbare til ulike opplæringssituasjonar.
Fagstoffet er inndelt i fleire modular. Nokre av modulane viser i hovudsak til eksempel frå vurdering av vaksne, men ein eigen modul er via til vurdering i klasserommet (grunnskule/vidaregåande).
Undervisningsplan hausten 2024
Det er totalt tre digitale undervisningsøkter på kveldstid, om lag 1 gang pr månad. Elles er det lagt opp til sjølvstudiar med utgangspunkt i pensum, korte videoar/podkastar og øvingsoppgåver.
Emnet vert avslutta med 4-timars digital, skriftleg heimeeksamen.
Studiestart og digitalt oppstartsmøte | 19. august kl. 18 - 19 |
Forelesningar 4 ettermiddagar | 9. september kl. 18-19 2. oktober kl. 15-18 7. oktober kl. 18-19 11. november kl. 18-19 |
4-timars skriftleg, digital heimeeksamen | 25. november 2024 |
Undervisningsplan for hausten 2025 vil bli fastsett i løpet av våren.
NORAN 604 Andrespråkslæring og -undervisning
Emnet har som mål å gje kunnskap om korleis ein lærer eit andrespråk (andrespråkslæringsteori), og om på kva måte læringsprosessen kan påverkast positivt gjennom undervisning (andrespråksdidaktikk). Dei læringsteoretiske delane av emnet omfattar mange ulike aspekt, både lingvistiske, kognitive og sosiale sider ved språklæring. I emnet inngår òg arbeid med innlærartekstar i eit læringsteoretisk perspektiv.
Eit viktig spørsmål er spørsmålet om språklæring skil seg frå anna læring, og om læringsprosessen følgjer generelle og faste mønster eller varierer frå individ til individ. Sentralt står også dei utfordringane innlærarar står overfor i møte med eit nytt språk i ein ny kultur der dei skal etablere nye liv.
Dei didaktiske delane av emnet handlar om grunnleggjande rammevilkår for andrespråksundervisning, der innlæraren sin fleirspråklege situasjon er eit viktig utgangspunkt. Det vert teke opp korleis andrespråksundervisning vert implementert for ulike målgrupper, ulike føremål og ulike skuleslag. Fokuset er hovudsakleg på opplæringssituasjonen i Noreg, med vekt på den organiserte opplæringa for innlærarar. Emnet tek òg opp ulike typar målsetjingar for språkundervisninga, ulike modellar for undervisningsorganisering og grunnleggjande undervisningsmetodiske prinsipp.
Undervisningsplan vår 2025
Studiestart og digitalt oppstartsmøte | 8. januar kl. 18-19 |
Forelesningar 4 onsdagar kl. 18-1930 | 29. januar, 19. februar, 19. mars og 9. april |
Informasjonsmøte om eksamen | 30. april kl. 18-19 |
6-timars skriftleg, digital heimeeksamen | 14. mai 2024 |
Søke studiestøtte?
Dersom du er lærar i kommunal og fylkeskommunal vaksenopplæring kan du søke stipend- eller vikarmidlar hos Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-Dir). Vilkåra er at du underviser vaksne innvandrarar i norsk etter integreringslova og etter læreplan i norsk for vaksne innvandrarar. Tilsette hos private tilbydarar av norskopplæring kan også søke i samråd med arbeidsgjevar. Les meir om støtteordningane og vilkår for søknad hos HK-Dir.
Lærarar som er tilsette i ordinær grunnopplæring har fram til no kunne søkt stipend/vikarmidlar gjennom Kompetanse for kvalitet-ordninga hos Utdanningsdirektoratet. Denne ordninga er no under omlegging og meir informasjon kjem i løpet av hausten.
For andre søkjarar vil det vere mogleg å søke stipend/lån hos Lånekassen, på lik linje med andre deltidsstudier/vidareutdanninger. Les meir om dette hos Lånekassen
Opptakskrav og prioritering
Generelle krav for opptak til vidareutdanningar ved UiB er generell studiekompetanse eller realkompetanse for deg som er over 25 år og eventuelt ikkje har generell studiekompetanse.
- Er du under 25 år må du dokumentere at du har generell studiekompetanse i samband med registrering av søknad, dersom du ikkje allereie er registrert med dette.
- Er du over 25 år vil du kunne få opptak på grunnlag av realkompetanse, det vil seie at vi vurderer at summen av tidlegare utdanning og yrkeserfaring gir deg studiekompetanse hos oss. Du treng då ikkje dokumentere noko i høve til dette.
- Frå og med 2024 er det også eit krav at alle søkjarar må dokumentere minimum to års fulltids arbeidserfaring. Har du jobba deltid må samla omfang tilsvare to års fulltidsarbeid. Du kryssar av for at du har dette når du registrerer søknaden din. Det er ikkje naudsynt å sende inn attestar eller anna dokumentasjon på dette. UiB kan foreta stikkprøver og eventuelt be om dokumentasjon.
Vi har 200 studieplassar på kvart av dei to emna NORAN 602/604, medan vi har 150 studieplassar på NORAN609.
UiB tek opp kvalifiserte studentar kronologisk i den rekkefølgen søknadane blir registrerte. Dersom det blir fullt, vil du få tilbod om å stå på venteliste.
Spesielle krav til gode norskferdigheiter
For opptak til kvart av dei tre emna krev vi dessutan at du har tilstrekkeleg norskkompetanse. Har du generell studiekompetanse/vidaregåande skule er norskkravet dekka.
Dersom du ikkje har norsk som morsmål må du dokumentere at du har norskferdigheiter på B2-nivå eller betre. Du må då laste opp dokumentasjon i form av kursbevis på B2- nivå, eventuelt karakter B eller A frå norskkurs på universitet/høgskule på trinn 3 når du søker studieplass. Merk at dette er eit absolutt minimumskrav for opptak, og vi tilrår at du har norskferdigheiter på C1-nivå, for å få fullt utbytte av Prisme-emna.
Dersom du ikkje får resultat frå norskprøva di innan søknadsfristen, kan du gjere oss merksam på det når du søkjer, ved å sende oss ein e-post: videre@uib.no. Vi vil då kunne utsette behandlinga av søknaden din, til du har fått resultatet og kan sende oss dokumentasjon på bestått B2-nivå.