Università degli Studi di Siena og Det juridiske fakultet (ERASMUS+ - 3. og 5. studieår)
- LandItalia
- BySiena
- Studieplassar3
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Denne avtalen kan nyttast av studentar både på 3. studieår og på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.
Det er tre plassar til studentar på 3. studieår og tre plassar til studentar på siste studieår.
Når i studiet kan eg reise
Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.
I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.
Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.
Språk
Undervisningsspråket er italiensk. Dei har òg ein del emne på engelsk. I haustsemesteret er det nok emne på engelsk til at ein kan fylle semesteret med kun emne som blir underviste på engelsk. I vårsemesteret finst det ikkje like godt utval av emne på engelsk, slik at studentar som ønsker å reise på denne avtalen i vårsemesteret må vera forberedt på å ta emne på italiensk for å oppnå full semesterbelastning.
Kva emne kan eg ta
Utveksling på 3. studieår:
Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godkjente som valemne på 3. studieår.
Ei oversikt over juridiske emne finn du på universitetet sine nettsider. Università degli Studi di Siena nyttar ECTS-systemet, og ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Utveksling på 5. studieår:
Studieåret 2024/2025: Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godkjente som spesialemne (30 sp).
Frå studieåret 2025/2026: Utvekslar du på femte studieår skal du ta juridiske emne på masternivå. Desse blir godkjente som spesialemne (10 sp) og fordupingsemne (20 sp).
Ei oversikt over juridiske emne finn du på universitetet sine nettsider. Università degli Studi di Siena nyttar ECTS-systemet, og ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB eller på utveksling.
Studieavgift
Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Universitá degli Studi di Siena var det første universitetet i Italia som fekk offentleg finansiering. Det ligg i byen Siena, i Toscana. Universitetet har 20 000 studentar, noko som utgjer nesten halvparten av alle byen sine innbyggarar. Det har òg avdelingar i byane Arezzo og Grosseto. Universitetet er særleg kjent for medisin- og jussutdanningane sine, men det er samstudnes eit breiddeuniversitetet med ni fakultet, som òg tilbyr tverrfaglege. Campus ligg i Siena sentrum, eit område som blei ført opp på UNESCO si verdsavliste i 1995.
Sienna er ein liten by, med rundt 50 000 innbyggarar som ligg i Toscana, 50 kilometer sør for Firenze. Byen har litt industri, men er først og fremst ein kultur- og universitetsby. Han er elles blant anna kjend for hestekappløpet «Palio», som arrangerast her to gongar i året.
Bustad
Universitetet har somme studentbustader som er reserverte for internasjonale studentar. For å få tilbod om bustad er det viktig å søke tidleg, ettersom det ikkje alltid er nok bustader til alle. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Siena om ein er ute i god tid.
Semesterinndeling
September - februar og mars - juni.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.unisi.it/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7535
- FagnavnJuridiske fag