Hjem
Studentsider
erasmus+

Radboud Universiteit og Det juridiske fakultet (ERASMUS+ - 5. studieår)

  • LandNederland
  • ByNijmegen
  • Studieplassar6
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Om antall plassar: Til Radboud Universiteit kan ikkje fakultetet fordele det totale antalet plassar fritt mellom semestra. Sjølv om vi har totalt 6 plassar, kan maks 3 studentar utveksle i haustsemesteret, og maks 3 studentar utveksle i vårsemesteret.

Språk

Undervisningsspråket er i hovudsak nederlandsk, men dei tilbyr òg ei rekke emne med engelsk som undervisningsspråk.

Universitetet tilbyr språkkurs i nederlandsk for internasjonale studentar.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Lenke til kurskatalogen deira finn du ved å trykke på «Faculty of Law» på denne nettsida.

Radboud Universiteit Nijmegen nyttar ECTS-systemet, der ein ECTS-credit svarar til eitt studiepoeng.

NB! Vi gjer merksam på at alle juridiske emne på masternivå ved Radboud University er på 7 studiepoeng (ECTS credits), noko som gjer at ein må vere budd på å ta totalt 5 fag à 7 studiepoeng for å få full semesterbelastning. Tilbakemeldingar frå tidlegare studentar er at dette likevel er ei overkommeleg arbeidsmengd.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

A tour around the Radboud University campus (English)

1/3

This is Radboud University

2/3

Welcome to Nijmegen

3/3

Studentrapportar

Interiør
Foto/ill.:
© Radboud University Nijmegen

Informasjon