Hjem
Studentsider
bilateral

UC College of the Law, San Francisco og Det juridiske fakultet (BILATERAL - 5. studieår - LLM)

  • LandUSA
  • BySan Francisco
  • Studieplassar5
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap. For å kvalifisere til LLM-studier ved UC Law SF må du ha eit karaktersnitt på sterk C eller betre, og du må ha fullført alle emne til og med 4. studieår.

NB! Det er berre mogleg å starte på LLM-studier ved UC Law SF i haustsemesteret.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Studentar som har oppnådd karakteren 4 eller betre i engelsk frå videregående skule treng ikkje å ta TOEFL/IELTS-test.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta ein LLM-grad. Ein LLM er ein eittårig mastergrad i juss, som gir ei grundig spesialisering innanfor eit bestemt rettsområde. Ein LLM sikrar (på visse vilkår) at ein kan få godskriving av heile 5. studieår, altså både spesialemne og masteroppgåve.

LLM-graden ved UC College of the Law, San Francisco er på 24 credits, strekk seg over to semester og svarar til 60 studiepoeng. Til forskjell frå LLM-program i Storbritannia, som varer i 12 månader, går LLM-programmet ved UC Law SF over to semester (10 månader). Målgruppa for LLM-programmet er utanlandske studentar som ønsker kunnskap om amerikansk rett. Ein tek fag saman med dei amerikanske studentane som går på "College of the Law".

Faga Introduction to Law, Legal Writing and Research og minst eitt fag frå 1. studieåret er obligatoriske i LLM-graden.

Ein kan velje mellom ein generell LLM-grad eller ei av følgande spesialiseringar.

Ein kan få godskriving av masteroppgåva ved å skrive ei oppgåve under opphaldet. Oppgåva må tilsvare ei norsk masteroppgåve i omfang (12000 ord) og djupne. Det er mogeleg å skrive ei stor oppgåve som kan tilsvare ei norsk masteroppgåve i omfang gjennom å ta emnet "Independent Study", der du sjølv vel tema og finn rettleiar ved UC Law SF. Det er òg mogeleg å skrive ei oppgåve gjennom å ta eit "Seminar & Research paper" gjennom å delta på clinics (tilsvarende Jussformidlingen), men i slike fag er oppgåva sjeldan så lang som 12 000 ord. Derfor må ein avklara særskild med kursansvarleg om ein kan utvide oppgåva for at ho kan svare til ei norsk masteroppgåve i omfang. For å kunne få godskriving for masteroppgåve må semesteret, sett under eitt, tilsvare 30 studiepoeng. Ein må difor også ta andre emne i tillegg slik at arbeidsbelastninga totalt er på 12 credits per semester.

Du kan velje blant dei fleste faga som blir tilbydd som del av dei ulike LLM-programma ved UC Law SF.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Det kan òg være mogleg (på visse vilkår) å utveksle til UC Law SF i kun eitt semester.

Her kan du få ein virtuell rundtur på campusen til UC Law SF.

Studieavgift

Gjennom denne avtalen må ein betale skolepengar. For studieåret 2025/2026 er ordinære skolepengar på 55 000 USD. Studentar frå UiB får 60% rabatt på skolepengane. Enkelte "student fees" kjem i tillegg, samt at ein må ha forsikring (sjå nedanfor).

Lånekassen gjev støtte til å betale skolepengar, storparten blir gjeve som lån og noko som stipend.

Ein skal òg registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida ein er ute.

Om forsikring

Ved amerikanske universitet er det oftast eit krav at studentane kjøper helseforsikring gjennom universitetet. Prisen på helseforsikringa ved vertsuniversitetet ditt finn du på nettsidene til vertsuniversitet ditt. Dersom du har kjøpt eiga forsikring for studentar i utlandet, slik UiB på det sterkaste anbefaler alle å gjere, kan du prøve å søke om fritak (insurance waiver) frå universitetet si forsikring. Det er den enkelte student sitt ansvar å skaffe eiga forsikring og søke fritak (insurance waiver) ihht instruksane som blir gitt ved vertsuniversitetet.

Dei siste åra, etter at Norge og HELFO avslutta samarbeidet med den amerikanske forsikringsagenten Optum, har fleire studentar frå fakultetet erfart at det ikkje lenger er mogleg å få fritak. Studentar som ikkje får fritak, må sjølve betale for forsikringa ved vertsuniversitetet eller ei anna amerikansk helseforsikring med dekning på same nivå. Lånekassen gir ikkje ekstra støtte til å dekke denne forsikringa.

LLM: A day in the life

Studentrapportar

Bilde av bygning
Foto/ill.:
© Hastings College of Law

Informasjon