Università degli Studi di Verona og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+ - Norrøn filologi)
- LandItalia
- ByVerona
- Studieplassar2
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Avtalen gjeld for studentar som går på eit av studieprogramma i Norrøn filologi (LLE) og andre studentar som ønsker å ta språklege emne når dei er på utveksling.
Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelorprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling. Studentar på bachelorprogramma ved LLE blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn det er plassar.
Når i studiet kan eg reise
Bachelorstudentar ved LLE: Det passar best å reise på utveksling i fjerde, femte eller sjette semester av bachelorgraden. Det tilrådast å ta emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.
Masterstudentar: Det passar best å reise ut i det andre semesteret av masterprogrammet.
Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studierettleiaren for programmet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng.
Språk
Undervisningsspråket ved universitetet er italiensk og engelsk.
Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.
Kva emne kan eg ta
Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Bachelorstudentar: Dersom du skal ta emne som skal inngå i spesialiseringa i graden din ved UiB, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande spesialiseringsemne ved UiB. Det er lettast å finne emne som kan innpassast på 200-nivå.
Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Universitetet i Verona blei grunnlagt i 1982. Det fins om lag 22 000 studentar fordelt på 12 fakultet.
Verona er ein by i provinsen Veneto Italia med over 240 000 innbyggarar. Verona eit stort kultursenter med sine mange museer, kunstsamlingar og bibliotek. Byen er mest kjent for staden der Shakespeare sin Romeo og Julie utspiller seg. Dessutan er byen kjent for sitt store romerske amfiteater.
Bustad
Utvekslingsstudentar ved Universitetet i Verona kan søke om studentbustad i ESU Halls of Residence, men må elles finne bustad på den private leigemarknaden i byen. Det internasjonale kontoret kan hjelpe med å finne bustad.
Semesterinndeling
September - februar og februar - juni.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.univr.it/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb8028
- FagnavnSpråkfag