Universidade de Coimbra og Matematisk institutt (ERASMUS+)
- LandPortugal
- ByCoimbra
- Studieplassar2
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Avtalen er open for bachelor- og masterstudentar. Studentar ved Matematisk institutt og lektorstudentar med matematikk som fag blir prioritert dersom det er fleire søkarar enn plassar.
Studentar skal ha tatt 60 studiepoeng før avreise.
Det er normalt eit krav om minst C i gjennomsnittskarakter.
Meir informasjon for innreisande studentar til University of Coimbra: http://www.uc.pt/en/driic/mobilidade/in
Når i studiet kan eg reise
Bachelorstudentar ved Matematisk institutt: Det er mogleg å reise ut 4., 5. eller 6. semester.
Masterstudentar ved Matematisk institutt: Det er i utgangspunktet inga avgrensing for når i studieløpet du kan gjennomføre utveksling. Ta kontakt med studierettleiaren din dersom du er i tvil om når du bør reise.
Lektorstudentar: Ta kontakt med studierettleiaren din for informasjon og råd om utveksling. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.
Språk
Undervisningsspråket er portugisisk og engelsk. Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise, sjå uib.no for info om språkkurs og språktandem.
Sjå kurskatalog for hvilke emne som undervisast på engelsk: http://www.uc.pt/en/ects/catalogo
Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.
Kva emne kan eg ta
Matematisk institutt anbefaler at du diskuterer kva emne du skal ta med studierettleiar og/eller rettleiar eller annan vitskapleg tilsett før du søker om førehandsgodkjenning.
Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.
Her finn du oversikt over emnekatalog: http://www.uc.pt/en/ects/catalogo
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Informasjon
- Hjemmeside
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb8183
- FagnavnMatematikk