Hjem
Studentsider
bilateral

Kyoto City University of Arts og Fakultet for kunst, musikk og design (BILATERAL)

  • LandJapan
  • ByKyoto-shi
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå: https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

For masterstudentar på utøvande musikk eller komposisjon høver det best å reise på utveksling i 3. semester.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Emner som kan inngå i masterprosjekt og mastereksamen i utøvande musikk eller komposisjon.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Det er ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men studentane skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Kyoto City University of Arts blei grunnlagt i 1810 og er det eldste kunstuniversitetet i Japan. Universitet har utdanna mange kunstnarar og musikarar som sidan har blitt leiande skikkelsar både på den nasjonale og internasjonale kunstscena.

Kyoto er ein by i Japan med ca. 1,5 millionar innbyggarar. Kyoto er heimstad for kring ein fjerdeldel av Japans nationalskattar, utallige heilagdomar og tempel, og sytten stadar anerkjent av UNESCO som verdsarv.

Bustad

Lærestaden tilbyr ikkje innkvartering for studentar, så dette må ein ordne sjølv.

Semesterinndeling

oktober - desember

april - juli

Informasjon