Chongqing University og Det humanistiske fakultet (BILATERAL)
- LandKina
- ByChongqing
- Studieplassar5
- AvtaletypeBilateral
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Når i studiet kan eg reise
Bachelorstudentar i kinesisk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste to semestera av bachelorprogrammet. Ta kontakt med studierettleiar for å planlegge tidspunkt for utveksling.
Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng.
Språk
Undervisningsspråket ved universitetet er kinesisk, men universitetet tilbyr òg enkelte emne med engelsk undervisningsspråk.
Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på i forkant. Sjå uib.no for meir informasjon om språkkurs og språktandem. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for meir informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst, og eventuelt kva startdatoar som gjeld i komande semester
Kva emne kan eg ta
Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor humanistiske fag. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.
Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.
Studieavgift
Avtalen med Chongqing University inneber gjensidig utveksling av 5 studenter i eitt til to semester kvart år, med fritak for studieavgift. Dersom fleire enn 5 studentar søkjer, vil dei få tilbod om studieplass med betaling av studieavgift.
Studentar må også semesterregistrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er på utveksling.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Chongqing University (CQU) blei grunnlagt i 1929 er eit høgt rangert universitet i Kina. Universitetet har i dag omlag 47 000 studentar, fordelt på fire campus og seks ulike fakultet. Universitetet har om lag 1800 internasjonale studentar.
Universitetet ligg i byen Chongqing, sørvest i Kina. Byen reknast som ein av dei 5 sentrale byane i Kina. Sjølve bykjerna i Chongqing har om lag 8 millioner innbyggjarar. Chongqing har ein raskt veksande økonomi og fungerer som et økonomisk senter i regionen. Byen har fleire historiske bygnader og er omgitt av fjell. Chongqing kallast både "mountain city" og "city on rivers", der den ligg ved elvane Yangtze and Jialing.
Bustad
Universitetet har studentbustadar det går an å søke på.
Semesterinndeling
September-januar og februar-juli.
Informasjon
- Hjemmeside
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb8214
- FagnavnHumanistiske fag