Hjem
Studentsider
bilateral

University of Sydney og Det juridiske fakultet (BILATERAL - 5. studieår - LLM)

  • LandAustralia
  • BySydney
  • StudienivåMaster
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen kan nyttast av studentar på siste studieår av masterprogrammet i rettsvitskap.

For å kvalifisere til opptak på LLM-programmet ved University of Sydney må du ha eit karaktersnitt på rein C eller betre, og du må fullføre alle emna på 1.-4. studiår før studiet startar i Sydney.

Fordi studiestart i Sydney er i juli, betyr dette at du må fullføre fjerdeårsemna ved ordinær eksamen. Du kan ikkje avlegge eksamen til kontinuasjonseksamen i august dersom du planlegg utveksling til University of Sydney med oppstart i haustsemesteret.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.

I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.

Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.

Ved University of Sydney kan du starte på LLM-programmet både i haustsemesteret og vårsemesteret.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Studentar som har oppnådd karakteren 4 eller betre i engelsk frå vidaregående skule treng ikkje å avleggje TOEFL/IELTS-test.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta ein LLM-grad. Ein LLM er ein eittårig mastergrad i juss, som gir grundig spesialisering innanfor eit bestemt rettsområde. Ein LLM-grad sikrar (på visse vilkår) at ein kan få godskriving av heile 5. studieår, altså både spesialemne og masteroppgåve i mastergraden i rettsvitskap ved UiB.

Du kan velje mellom ein generell LLM-grad eller fleire ulike spesialiseringar. Til forskjell frå LLM-program i Storbritannia, som varer i 12 månader, går LLM-programmet ved University of Sydney kun over to semester (8 månadar). Ved University of Sydney er det mogleg å starte på LLM-programmet både i haustsemesteret (august) og i vårsemesteret (februar).

LLM-graden Master of Laws er på 48 credit points, strekk seg over to semester, og svarar til 60 studiepoeng. På nettsida om LLM-graden Master of Laws finn du fleire opplysningar om graden og om emnetilbodet. Emnet LAWS6252 Legal Reasoning and the Common Law System er obligatorisk.

Ein kan få godskriving for masteroppgåva ved å skrive ei oppgåve som kan tilsvare den norske masteroppgåva både i innhald, omfang og dybde. Det er mogleg å oppnå dette gjennom å skrive ei LLM Capstone Essay som en del av eit emne. Du må velge eit emne der skal det skrivast ei oppgåve som kan ha eit omfang på ca. 12 000. I tilfelle der oppgåva i emnet er kortare enn 12 000 ord, kan ein søke om å utvide omfanget. For å kunne få godskriving for masteroppgåve må semesteret, sett under eitt, tilsvare 30 studiepoeng. Ein må difor også ta andre emne i tillegg, slik at arbeidsbelastninga totalt er på 24 credit points per semester. 24 credit points ved University of Sydney svarar til 30 studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Det er òg mogeleg å reise på utveksling til University of Sydney for eitt semester (kun valgemne/spesialemne, ikkje masteroppgåve).

Studieavgift

For 2025 er skulepengane estimert til 40 100 AUD. Avtalen sikrar at UiB-studentar som reiser gjennom denne betalar same beløp som lokale ("domestic") studentar istadenfor å betale det mykje høgare beløpet som internasjonale studentar normalt betalar. Skulepengane for 2026 er ikkje kjend enno.

Lånekassen gjev støtte til skolepengar. University of Sydney er på Lånekassens liste over lærestader som kvalifiserer for utvida stipend studieåret 2024/2025. Det betyr at om ein utvekslar til University of Sydney blir ein større del av skolepengestøtten gjeve som stipend samanlikna med det som er vanleg.

Ein skal òg registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida ein er ute.

Sydney Law School - The Master of Laws (LLM)

Produsent:
Sydney Law School

Studentrapportar

Informasjon