Kyoto City University of Arts og Fakultet for kunst, musikk og design (BILATERAL)
- LandJapan
- ByKyoto-shi
- StudienivåMaster
- AvtaletypeBilateral
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Avtalen gjeld for studentar på masterprogramma i kunst og design.
Når i studiet kan eg reise
For masterstudentar i kunst er det mogleg å reise i 2. semester. For masterstudentar i design er det mogleg å reise på utveksling i 2. eller 3. semester. Ta kontakt med hovudrettleiar om du er usikker på når det passar best.
Språk
Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.
Kva emne kan eg ta
Frie studiepoeng - du kan velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Studieavgift
Det er ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men studentane skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Kyoto City University of Arts blei grunnlagt i 1810 og er det eldste kunstuniversitetet i Japan. Universitet har utdanna mange kunstnarar og musikarar som sidan har blitt leiande skikkelsar både på den nasjonale og internasjonale kunstscena.
Kyoto er ein by i Japan med ca. 1,5 millionar innbyggarar. Kyoto er heimstad for kring ein fjerdeldel av Japans nationalskattar, utallige heilagdomar og tempel, og sytten stadar anerkjent av UNESCO som verdsarv.
Bustad
Lærestaden tilbyr ikkje innkvartering for studentar, så dette må ein ordne sjølv.
Semesterinndeling
oktober - desember
april - juli
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.kcua.ac.jp/en/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb8327
- FagnavnKunst og design