Ecole nationale supérieure des Mines de Saint-Etienne og Fakultet for naturvitenskap og teknologi (ERASMUS+)
- LandFrankrike
- BySaint-Etienne
- Studieplassar2
- StudienivåMaster
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Utvekslingsavtalen er open for alle studentar ved Fakultet for naturvitskap og teknologi, men avtalen er speielt eigna for studentar ved Sivilingeniørprogrammet i Energi, Sivilingeniørprogrammet i Medisinsk Teknologi og Masterprogrammet i Nanoteknologi, og studentar frå desse programma vil derav bli prioriterte.
Når i studiet kan eg reise
Sivilingeniørprogramma ved Fakultet for naturvitskap og teknologi har mange obligatoriske emne i grada, og studentar må ta kontakt med studierettleiaren sin i god tid før søknad om utveksling, for å gå over utdanningsplanen og finne best utreisetidspunkt for utveksling. Avtalen gjeld hovudsakleg utveksling på masternivå.
Avtalen er høvesvis berre aktuell for utveksling i haustsemester, då Ecole Saint Etienne har traineeship i vårsemesteret. Studentar som ønskjer å ta traineeship kan kontakte Ecole Saint Etienne i forkant og få hjelp til å arrangere eit Erasmus+ traineeship.
Språk
Undervisningsspråket som blir nytta er høvesvis engelsk og fransk.
Studieavgift
Studentar som reiser på Erasmus+ betaler ikkje semesteravgift til vertsuniversitetet. Du som student skal semesterregistrere deg hos UiB gjennom Studentweb som normalt og betala semesteravgift til UiB. Du kan semesterregistere deg til eit "utvekslingsemne" i utdanningsplanen din det semesteret du er på utveksling.
Om universitetene
Om universiteta
Informasjon
- Hjemmesidehttps://www.mines-stetienne.fr/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb8389
- FagnavnEnergi